Referat
Kun høydepunkter
Oppsummering
Kampen er over, og den enda med 1-1. Heilt greit utifrå banespel og sjansar. Ingen stor fotballkamp frå nokon av laga, og dei 35 000 på tribunen har nok hatt større underholdning enn dagens kamp. Vi takkar for følget, og kan anbefale Tottenham - Chelsea kl.1830!
Kamp slutt Slutt (1-1)
90+4'
Fin sjanse for WBA! Ideye skyt frå 18 meter, like utanfor krysset!
90+2'
Frispark på midtstreken for heimelaget. Kort variant, så ut på høgrekanten. Innlegg kjem inn i feltet frå Jenkinson, men blir avklart.
90+1'
Det er lagt til minimum fire minutt.
90'
Utspark frå Foster i WBA-buret. Han brukar god tid, og ser ut som gjestene er nøgde med eitt poeng.
89'
Sessegnon driv framover, og skyt frå 16 meter. Utanfor! Medspelarane oppgitt over at dei ikkje får ballen, når dei meiner dei står betre plassert.
88'
Innbytar Varela er frisk i beina, og køyrer karusell med eit par spelarar - utan at det gir noko meir framdrift.
83'
Sessegnon stormar framover i stor fart, men får ikkje frispark i det han går i bakken på 18 meter.
81'
Heimelaget er det førande laget for augneblinken.
78'
Baird skyt frå over 20 meter. Sleivspark. Nesten innkast.
76'
To halvsjansar for West Ham på kort tid. Innbytarane Jarvis og Valencia med kvar si avslutning, men ikkje nok kraft bak nokon av forsøka.
72'
Sakho er oppe å går att, men held seg til korsryggen.
71'
Fin sjanse for vertane! Downing slår inn i feltet, og Sakho ofrar alt i duell mot både keeper og eit par forsvarspelarar. Får likevel ikkje skikkeleg treff på ballen, og blir istaden liggjande nede for telling.
70'
Rundt 20 minutt att å gjere det på. Kven av laga har mest krefter på slutten?
68'
Yacob kjem inn til siste første minutt, etter at han vart utvist mot Chelsea i november.
65'
Claudio Yacob skal inn for WBA.
64'
Jenkinson slår inn frå høgrekanten. Bak mål.
63'
Sit med kjensla om at denne kampen ikkje endar 1-1. Men kven som får det avgjerande målet er langt meir usikkert..
61'
Då er den første timen unnagjort, og det står 1-1 på resultat-tavla. 0-0 i tal cornerar.
60'
Svært nære 2-1 der på frisparket frå Cresswell, og keeper rakk ikkje å reagere.
58'
Frispark i fin posisjon for heimelaget. Fire mann står ved ballen, deriblandt Carroll og Cresswell. Det blir sistnemnde, og han skyt - i stolpen!
57'
Heimefansen prøver å hjelpe laget sitt til tre poeng, men ser samstundes at laget slit med å produsere dei heilt store sjansane.
54'
Heilt open kamp dette! Gjestene jaktar for alvor tre poeng her, medan heimepublikum krev seier.
52'
Mulumbu spelar seg lett gjennom West Ham-forsvaret, men avslutninga frå Mulumbu går i nettveggen. Skrå vinkel der, og vanskeleg posisjon å score ifrå.
50'
Målscorar Berahino jaktar sitt andre for dagen. Skyt frå 17 meter, keeper må gi retur, men målvakten er kjapp på beina att, og kastar seg over kula.
49'
Song blir lurt på midten, og får frispark imot.
47'
Heimelaget stormar i angrep. Jenkinson slår inn i feltet, men WBA-forsvaret får rydda unna.
46'
Vertene startar men ballen i andre omgang.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Laga er tilbake på bana. Straks klart for avspark.
Då går laga til pause på stillinga 1-1. Gjestene har produsert ein del sjansar, og det var difor fortent at dei utlikna like før kvilen. West Ham viser likevel at dei er eit godt lag, og kan fort komme tilbake etter pause. 45 spennande minutt står att!
Slutt 1. omgang Pause (1-1)
45+1'
Det er lagt til minimum eitt minutt.
45'
Straks pause her, mest truleg på stillinga 1-1.
44'
Scoringa låg i lufta, etter at laget hadde produsert ei rekkje målsjansar den siste perioden.
41'
West Ham-manager Sam Allardyce med bra frekvens på tygging av tyggisen. Tydeleg nervøs på sidelinja.
37'
Gjestene har produsert eit par fine sjansar det siste kvarteret. Denne gongen er det Morrison som skyt frå distanse. Over.
35'
Brunt står ved ballen og skal ta frisparket. Han skyt - like utanfor!
34'
Mulumbu blir lagt i bakken, og WBA får frispark i meget fin posisjon. Heimelaget har fem mann i mur.
33'
Målscorar Sakho er gjennom, men er i offside. Slår oppgitt ut med armane, akkurat slik ein angripar skal gjere det når han er uenig med linjemann.
31'
Frispark i fin posisjon for West Ham. Downing slåt inn i feltet, men ballen blir rydda unna.
30'
Gjestene kjem til ny avslutning. Brunt prøver seg, men skotet går nokre meter utanfor.
28'
Mulumbu med takling nok ein gong. Denne gongen er han for seint ute.
27'
West Ham kjem fire mot tre, men Mulumbu leverer i god takling bakfrå, på ball.
26'
Ny stor sjanse for WBA! Sessegnon får ballen på åtte meter, men bles den utanfor!
23'
Der kom WBA sin første store sjanse! Innlegg til Baird som kjem i stor fart på 18 meter. Han klinkar til på heil volley, og keeper må ut i full strekk for å redde skotet! Klasseredning av Adrián i West Ham-buret der!
22'
WBA prøver så godt dei kan, men slit med å produsere dei heilt store sjansane.
20'
WBA-innlegg i retning Dorrans, men han når akkurat ikkje fram. Ballen trillar gjennom heile feltet.
19'
Gjestene får høve til å trille litt ball på eigen halvdel.
16'
West Ham er tydlegvis tilbake på vinnarsporet, etter at Arsenal stoppa ei rekkje på sjua kampar utan tap på heimebane.
14'
Lang ball mot Downing som stormar framover. Han tek med seg ballen heilt inn i feltet, og skyt frå ti meter. Rett på keeper!
13'
Dermed vart ikkje starten for den nye WBA-manageren Tony Pulis så god like vel.
10'
Heimelaget tek meir og meir over banespelet, etter at WBA opna oppgjeret friskt.
9'
Carroll får frispark imot etter ein luftduell. Viser at spensten i alle fall er i orden.
8'
Cresswell går i bakken inne i feltet, men dommaren vinkar spelet vidare! Heimefansen svært uenige med dommaravgjerdsla der.
7'
Tony Pulis har fått ein fin start som manager for WBA dei første minuttane.
6'
Halvsjanse for WBA. Frisparket blir slått inn i feltet, men West Ham får ballen unna.
4'
Song får ballen på kanten av sekstenmeteren, men blir effektivt stoppa etter at han har dribla bort to mann.
3'
WBA kombinerer fint, og kjem til innlegg. Vertene får frispark inne i feltet, og heimepublikum slepp med skrekken.
2'
Jenkinson stormar framover, men blir stoppa før han kjem fram til sekstenmeterstreken.
1'
Då er kampen i gang!
Avspark Start 1. omgang
Då er startoppstillingane klare.
Vi kjem tilbake med lagoppstillingar og meir informasjon når det nærmar seg kampstart. Følg med!
Alan Irvine har sagt farvell i West Bromwich, og Tony Pulis er ansatt som ny manager. Han får akkurat helse på spelarane før han sender dei ut på matta på Boleyn Ground! Han har tidlegare trent Bournemouth, Gillingham, Bristol City, Portsmouth og Plymouth Argyle.
Gjestene si borteform er ikkje å rope hurra for. Berre fem scora mål på ni kampar. Det gir statistikken 2-2-5 på bortebane så langt i år.
West Ham har vist god heimeform i år, og står med seks sigrar på dei siste åtte kampane.
Hos West Ham må James Tomkins sone karantene for fem gule kort. Hos West Bromwich er forsvarsklippen Jonas Olsson framleis ute med skade.
To lag som har hatt eit vanskeleg juleprogram. West Ham med to strake tap, mot høvesvis Chelsea og Arsenal. Gjestene har tre strake tap, mot QPR, Manchester City og Stoke.
Hei, og velkommen til West Ham - West Bromwich frå Boleyn Ground!



