Referat

Kun høydepunkter

Oppsummering

Kamp slutt Slutt (1-0)
90+5'
Gult kort
Cala ber om det gule kortet - og han får det. Frustrasjon i Cardiff-laget no.
90+4'
Hjørnespark
Spurs får ballen unna.
90+4'
Hjørnespark
Keeper Marshall kjem opp i feltet. Ny corner!
90+3'
Lang ball opp i feltet, og fleire Cardiff-spelarar er nære på, men vertene får omsider ballen unna!
90+3'
Cardiff-frispark på eigen banehalvdel. Keeper Marshall går ut for å ta det.
90+2'
Hjørnespark
Kort, men ufarleg variant.
90+1'
Spurs i angrep no. Får corner.
90+1'
Det er lagt til minimum fire minutt.
90+1'
Mutch slår inn mot innbytar-kollega Jones, men Dawson ryddar opp slik han har gjort i heile kampen.
89'
Stor sjanse for Spurs! Chadli finn Kane på løp, som kjem aleine med keeper. Han skyt, men Marshall leverer ei flott redning!
88'
Gult kort
Hindrar Cardiff å ta eit tidleg frispark. Fortent advarsel til gule Sandro.
88'
Frispark til Spurs ute ved sidelinja. Naughton slår inn - rett i beina til ein motstpelar.
87'
Gjestene i angrep, men det er berre innbytar Jones som er inne i feltet. Solskjær må fylle på med fleire spelarar inne i boksen om det skal bli noko nettsus her.
86'
Cardiff jaktar 1-1 no.
85'
Møller Dæhli driblar seg inn i sekstenmeteren, men møter veggen når Sandro kjem med ei tøff takling!
83'
Spillerbytte
82'
Kim og Mutch står ved ballen. Det blir sistnemnde, men forsøket går i muren!
81'
Frispark i fin posisjon for Cardiff. Avstand frå målet: 24 meter.
79'
Cardiff har på ingen måte gitt opp, men ferdigheitene står ikkje heilt i stil med viljen til å lykkast.
77'
Soldado har ballen i angrep, men spelar heilt tilbake til midtstoppar Dawson. Ser ut som Spurs er nøgde med 1-0 her.
76'
Adebayor får ballen inne i feltet på 14 meter, men måltjuven får ikkje skikkeleg treff. Keepermat.
75'
Frisparket blir slått inn i feltet, men vertene får avklart.
74'
Kim får frispark midt på Spurs sin banehalvdel. Flyttar opp luftstyrke i feltet no!
74'
Solskjær ser på klokka. Det hastar for dei raudkledde om det skal bli poeng med heim!
73'
Spillerbytte
72'
Spillerbytte
72'
Fábio småhaltar ute på bana, og må ut på sidelinja for å få behandling.
70'
Spillerbytte
69'
Cardiff er det laget i Premier League som har færrast baklengsmål frå 61-75 speleminutt. Samstundes er det ingen andre lag som har fleire baklengsmål det siste kvarteret enn nettopp Cardiff. Er Solskjær sitt mannskap godt nok trent?
67'
Townsend slår frisparket inn i feltet, med kvaliteten på det er omlag på linje med nivået i norsk 4.divisjon. Cardiff overtek.
65'
Soldado leiker seg med kula, og han blir lagt i bakken av Turner. Får frispark.
64'
Der kom Solskjær med eit dobbeltbyte. Mats Møller Dæhli er ein av gutta som skal redde Cardiff-poeng no.
63'
Spillerbytte
63'
Spillerbytte
62'
Cardiff er delvis på veg inn i kampen. Denne gongen er det Fábio som prøver seg. Rett på keeper.
61'
Townsend klinkar til frå distanse. Over!
60'
Halvtime att no. Har Solskjær noko på lur?
59'
Begge lag har fleire spelarar i oppvarming. Er nok ikkje lenge til vi får det første bytet.
57'
Kim går i bakken i sekstenmeteren, men dommaren vinkar han på beina att. Såg ut som ei rett dommaravgjerdsle.
56'
Ikkje noko storkamp vi er vitne til på White Hart Lane no. Feilpasningar og labert tempo er nokon av ingrediensane.
55'
Fine kombinasjonar av Cardiff-laget, men Bellamy er på feil side av forsvarsrekkja i det ballen blir spelt.
54'
Townsend tek frisparket - rett i klypene til keeper Marshall.
53'
Lennon blir lagt i bakken - 0,5 meter utanfor sekstenmeteren! Frispark i fin posisjon dette!
51'
Spurs trillar ball.
49'
Hjørnespark
Lav corner, som Spurs får kontroll på.
49'
Cardiff prøver seg, men skotet frå Bellamy blir blokkert.
47'
Gunnarsson prøver å spele gjennom Bellamy, men Dawson les spelet godt og får kontroll.
46'
Cardiff sparkar igang andre omgang.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Då er første omgang over, og heimelaget går til pause med 1-0. Fullt fortent, utifrå spel og sjansar. Cardiff sin største sjanse kom etter hjørnespark, då Caulker avslutta i tverrliggjaren. Slik sett er ikkje gjestene heilt ufarlige. Følg difor med også i andre omgang!
Slutt 1. omgang Pause (1-0)
45+1'
Det er lagt til minimum to minutt av denne første omgangen.
45+1'
Om Solskjær skal ha med seg poeng frå dette oppgjeret, må han nok gjere grep i pause. Får vi sjå Mats Møller Dæhli, kanskje?
43'
Publikum ropar på Dembélé-skudd, og dei får det! Forsøket går to meter utanfor!
42'
Hjørnespark
Spurs får kontroll.
41'
Fin sjanse for Cardiff! Venstreback stormar framover og skyt frå kort hald - rett på keeper!
39'
Framleis Spurs som styrer banespelet. Cardiff hadde ein god periode på seks minutt etter scoringa, men det stoppa der.
37'
Berre Crystal Palace har scora færre mål enn Cardiff så langt i år. Skal dei klare å komme tilbake her på White Hart Lane?
35'
Townsend med både 3,4,5 og 6 overstegsfinter, men Cardiff-forsvarar Turner let seg ikkje lure. Bortelaget overtek.
34'
Gjestene betre med i kampen no.
33'
Hjørnespark
Dembélé får ballen unna.
31'
Der var det svært nære 1-1!
30'
Hjørnespark
Kjempesjanse for Cardiff! Tidlegare Spurs-midtstoppar Caulker er oppe på hjørnesparket, og avsluttar med pannebrasken frå 1,5 meter - rett i tverrliggjaren!
28'
Mål!
1-0
Townsend driv framover, og finn Adebayor på løp. Han tek med seg ballen vidare, og finn Soldado inne i feltet. Han dempar ballen, og legg den til venstre for Marshall på sitt neste touch på kula. Ein svært letta Soldado som jublar saman med lagkameratane der!
27'
Cardiff med en blanding av 5-4-1, 3-5-2 og 4-5-1 så langt. I alle fall 11 mann på eigen banehalvdel.
26'
Solskjær er nok nøgd med at det framleis står 0-0 etter dei første 25 minuttane. Laget hans er blitt spelt låge av heimelaget så langt.
24'
Spurs held fram med å trille ball, medan Cardiff-spelarane spring imellom.
22'
Tottenham jaktar 1-0 no!
21'
Hjørnespark
Dawson møter på første stolpe og stussar vidare, men ballen stryk likevel den bakre stolpen.
20'
Spurs har opna klart best dei første 20 minuttane.
19'
Hjørnespark
Ballen går ut til Dawson som avsluttar frå 17 meter. Fem meter tilside for målet.
18'
Hjørnespark
Svakt slått, men endå værre avklaring frå Kim. Ny corner.
18'
Dawson avsluttar med pannebrasken frå kort hald, rett på keeper!
17'
Ole Gunnar Solskjær sitt mannskap kjempar ein tøff kamp for å trygg plass på tabellen. Men på Fair-play statistikken er det ingen som kan måle seg. Laget har berre fått 29 gule kort på sine 27 kampar denne sesongen. Det er færrast av alle laga i divisjonen! Ben Turner er den største råtassen med fire gule kort. No har dei altså opna oppgjeret med to gule i løpet av det første kvarteret.
15'
Townsend klinkar til frå 20 meter. Rett på keeper, som må gi retur. Gjestene får etterkvart avklart.
13'
Innlegg frå Fryers, og Adebayor er nære på å få foten på ballen.
13'
Småampert på bana etter at Fryers blir lagt i bakken. Tøff takling frå Kim, der!
12'
Gult kort
For munnnbruk, i situasjonen etter at Kim også fekk det gule.
12'
Gult kort
Kim med orange takling på Fryers.
11'
Adebayor tek frisparket, men skotet går rett i muren!
11'
Townsend køyrer karusell med Fábio på hjørnet av sekstemeteren, blir lagt i bakken, og får frispark på 17 meter.
9'
Spurs med småspel utanfor Cardiff sin sekstenmeter, men kjem aldri til avslutning.
8'
Hjørnespark
Blir avklart.
8'
Fin sjanse for Cardiff! Bellamy driv framover, og slår inn i feltet. Der er Fábio, men skotet blir blokkert i Dawson. Får corner!
7'
Kim blir berre ståande, for det er Bellamy som stjel frisparket. Forsøket går høgt over!
7'
Campbell og Cardiff får frispark. Kim står ved ballen, 30 meter frå Spurs-målet.
6'
Tottenham er det einaste laget i Premier League som ikkje har scora mål i løpet av dei første 15 minuttane i nokon av kampane så langt i år. Til samanlikning har dei scora 10 av sine 36 mål det første kvarteret av andre omgang!
5'
Ny halvsjanse for Spurs. Lennon slår inn på nytt, og nok ein gong er Soldado på rett plass i feltet. Men denne gongen går ikkje avslutninga på mål, og gjestene får etterkvart kontroll.
4'
Vertonghen blir lagt i bakken på midten. Får frispark. Heimelaget styrer spelet dei første minuttane.
3'
Townsend testar skotfoten frå 25 meter. Utanfor.
2'
Fin sjanse for heimelaget! Lennon slår inn, og Soldado avsluttar. Like utanfor!
2'
Heimelaget trillar ball, og slår etterkvart langt mot Adebayor. Får innkast.
1'
Spurs tek avspark.
Avspark Start 1. omgang
Spelarane på veg ut på bana. Nærmar seg kampstart!
Då er lagoppstillingane klare, og vi ser at Ole Gunnar Solskjær stiller utan nordmenn ute på bana. Mats Møller Dæhli er einaste norske representant på innbytarbenken.
Cardiff har slite med å score på Tottenham dei siste gongane laga har møttest. På dei siste seks kampane mellom laga, har laget gått mållause av bana fem av gongane.
Fraizer Campbell har vore Cardiff sin mest målfarlige spelar med sine fem mål i år.
Emmanuel Adebayor har fått ein oppsving etter at Sherwood tok over klubben, og står med åtte mål på sine 12 kampar etter at André Villas-Boas pakka toalettveska si og reiste frå London.
Spurs har tatt fleire poeng på bortebane enn heime på White Hart Lane så langt denne sesongen.
Tottenham-manager Tim Sherwood tok torsdag kveld laget sitt vidare til 1/8-finalen i Europa League. Så spørst det om to rolege dagar er nok restutisjon for spelarane før dette oppgjeret mot Cardiff.
Ole Gunnar Solskjær har ei tøff oppgåve foran seg i London. Laget hans er det svakaste bortelaget i Premier League, og dei står med statistikken 1-3-9 på dei 13 bortekampane så langt i år.
Hei du! Velkommen til livedekning frå oppgjeret Tottenham - Cardiff på White Hart Lane!