Referat
Kun høydepunkter
Oppsummering
Då er kampen slutt, og Tottenham sikrar seg tre viktige poeng. Laget låg under ved pause, men med eitt sjølvmål, og ei scoring av Lennon berre nokre få minutt like etter pause snudde kampen. Alt i alt fortent utifrå spel og sjansar, og Sunderland gjekk dermed på sitt fjerde heimetap denne sesongen.
Kamp slutt Slutt (1-2)
90+5'
Berre nokre få sekund att av tilleggstida no.
90+5'
Frisparket blir slått inn i feltet, men ballen går over alt og alle. Utspark frå mål.
90+5'
Frispark til Sundeland inne på Spurs sin banehalvdel. Sender opp all luftstyrke i feltet.
90+3'
Fin sjanse for vertane! Innbytar Wickham klinkar til frå 20 meter, men skotet blir blokkert ut til corner.
90+2'
Tøffe tak ute på bana no, men dommar Atkinson let spelet gå. Denne gongen var det Dembélé som går i bakken, utan å få frispark.
90+1'
Det er lagt til minimum fem minutt.
90'
Sessegnon vil ha corner nede ved dødlinja, men linjemann ser noko anna. Keeper Lloris kan gjere seg klar til utspark.
89'
Walker vil ha frispark på kanten av sekstenmeteren, men får det ikkje.
87'
Fin sjanse for heimelaget! Sessegnon slår ut til Johnson som slår hardt inn i feltet. Der står Naughton på rett plass, og avklarar.
85'
Kven har mest krefter dei siste minuttane? Akkurat no er det Spurs som held fram med å styre banespelet, slik dei har gjort mesteparten av kampen.
83'
Adebayor blir spelt aleine gjennom, men keeper leverer ei kjemperedning i verdsklasse! Nær 1-3 der!
79'
Johnson slår inn, og keeper boksar ut til corner.
79'
Frispark i fin posisjon for Sunderland, seks meter unna hjørneflagget.
77'
Lennon legg inn, og Spurs får corner.
77'
Dembélé testar skotfoten frå distanse, men skotet blir blokkert.
76'
Bale stormar inn i feltet, men er uheldig med sistetouchen, og ballen trillar over sidelinja.
75'
Parker skal inn for Spurs.
74'
Fint Tottenham-angrep, men ingen vel å skyte. Sunderland får kontroll.
73'
Svensken slår inn i feltet, og keeper boksar ut - igjen.
72'
Frispark til Sunderland, 40 meter frå mål. Larsson står ved ballen.
71'
Sunderland med innkast oppe ved hjørneflagget no. Heimelaget prøver så godt dei kan, utan å produsere dei heilt store målsjansane.
70'
Larsson slår frisparket hardt inn i feltet, men keeper boksar ut.
68'
Kaptein O'Shea får seg ein strekk i baksida av låret, og ruslar skuffa av bana.
66'
Sunderland trillar ball på eigen banehalvdel no.
65'
No byrjar det å haste for heimelaget, om det skal bli poeng her på heimebane. Viss ikkje går laget på sitt fjerde heimetap denne sesongen.
63'
Sessegnon avsluttar frå 14 meter, men ballen sklir av foten i det han skal skyte.
61'
Større sjansar enn dette får du ikkje i denne kampen, Defoe!
60'
Kjempesjanse for Tottenham! Bale stormar framover, og legg inn til Defoe som er aleine inne i feltet. Innlegget er ferdigscora, men likevel klarar toppscoraren å avslutte rett på keeper, frå tre meters hald!
60'
Fletcher er tilbake på topp for heimelaget, etter trøkken han fekk i kneet for nokre minutt sidan.
59'
Larsson mistar ballen sentralt på midten, og Spurs kan overta.
58'
Tottenham held fram med å styre spelet, og har førebels grei kontroll på kampen.
55'
Toppscoraren hinkar av bana, og får hjelp på sidelinja.
55'
Fletcher er nede for telling, og held seg til kneet.
55'
Johnson skyt frå 20 meter, og keeper må gi retur. Spurs får etterkvart kontroll.
54'
Med tre poeng her, vil Spurs klatre opp på tredjeplass på tabellen - før dei andre laga spelar sine kampar i denne 20. serierunden.
50'
Der fekk gjestene akkurat den starten på omgangen dei hadde håpa på. No spørst det om heimelaget held unna om Spurs-presset held fram.
46'
Sessegnon lager trøbbel for Spurs, men får berre corner.
46'
Sunderland tek avspark.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Laga er klare til andre omgang.
Då går laga til pause på stillinga 1-0 til heimelaget. Utifrå spel og sjansar er det ikkje fortent, men her er det scoringane som tel. Spurs har scora i kvar bortekamp denne sesongen, og dei siste 45 minuttane vil avgjere om den statistikken ryk i dag. Blir ein spennande andre omgang her frå Stadium of light. Følg med!
Slutt 1. omgang Pause (1-0)
45+2'
Defoe går i bakken like utanfor sekstenmeteren, og vil ha frispark. Blir vinka opp på beina att av dommar Atkinson.
45+1'
Det er lagt til minimum to minutt av denne første omgangen.
45+1'
Sandro blir spelt gjennom, men møter veggen i Cuellar. Heimelaget overtek.
43'
Spurs held fram å styre spelet, slik dei gjorde før scoringa.
42'
Viktig scoring for heimelaget dette, etter ein god periode av Spurs.
40'
Sessegnon får frispark etter duell mot Walker. Fin posisjon for heimelaget.
38'
Johnson slår inn i feltet, men ballen går over heile feltet. Lloris kontrollerer ut til utspark frå eige mål.
37'
Naughton stjel ballen frå Gardner på kanten av sekstenmeteren, men innlegget blir blokkert.
36'
Defoe prøver seg, men skotet blir blokkert. Tottenham eig banespelet akkurat no.
34'
Spurs med fem cornerar siste ti minutta. I førre kamp hadde laget 15 (!) cornerar på ein omgang, utan nettkjenning.
32'
Spurs held fram med å styre spelet.
30'
Gigantsjanse for Spurs! Defoe skyt mot lengste hjørnet, Cuellar slit med å avklare, og Adebayor klinkar til - og ballen fyk i tverrliggjaren, frå kort hald!
29'
Fin sjanse for Tottenham! Lennon slår inn i feltet, men avslutninga frå Bale med hovudet går like utanfor.
29'
Tottenham har vore det beste laget dei siste minuttane.
26'
Adebayor kjem seg gjennom, men skotet går rett på keeper frå skrått hald!
24'
Defoe finn Lennon som slår inn i feltet. Får corner.
24'
Sessegnon kjem seg rundt på høgrekanten, men også denne gongen går innlegget rett i klypene til keeper Lloris.
22'
Spelet er i gang igjen, og Cuellar er tilbake på beina att.
22'
Midtstoppar Cuellar ligg nede for telling, etter at lagkamerat Colback kolliderer med han.
21'
Lennon vinn ballen høgt i bana og går i bakken, men får ikkje frispark. Ballen endar til slutt opp hos Sandro som klinkar til. Rett på keeper!
18'
Fin sjanse for Sunderland! Lang ball mot Johnson som kjem stormande inn på bakerste stolpe, men høgrekanten får ikkje skikkeleg treff på ballen. Dawson klarerer ut til corner.
18'
Adebayor er dagens første mann som blir avblåst for offside. Frispark til heimelaget.
17'
Framleis jamn kamp, utan at nokon av laga har produsert målsjansar.
16'
Walker slår Lennon herleg gjennom. Han slår ut til Dembélé som kjem i stor fart inn i feltet, men midtbanespelaren får frispark imot seg etter dytt i ryggen.
14'
Sessegnon slår inn i feltet, men Lloris plukkar enkelt.
13'
Bale prøver seg, og dreg seg innover i feltet. Han skyt, men skotet blir blokkert.
12'
Lang ball ut mot Fletcher på venstrekanten, men innlegget held ikkje høg nok kvalitet.
10'
Ingen sjansar til nokon av laga dei første ti minuttane her på Stadium of light.
9'
Langt innkast inn i feltet, og Sessegnon vil ha corner - men får det ikkje.
8'
Defoe får ballen på 20 meter, og tre Sunderland-forsvarar er på hugget med ein gong. Heimelaget overtek.
7'
Jamn opning på kampen.
5'
Gardner klinkar til, men keeper Lloris har full kontroll.
5'
Frispark i fin posisjon for Sunderland, 25 meter frå mål.
4'
Bale slår inn mot Adebayor, men spissen får ikkje skikkeleg treff på ballen. Keepermat.
4'
Johnson viser seg fram på venstrekanten, men får ikkje frisparket som han vil ha.
3'
Naughton prøver å finne Adebayor på løp inne i feltet, men Sunderland-forsvaret får kontroll.
2'
Gjestene med nytt midtstopparpar i dagens kamp. Dei startar oppgjeret med å trille ballen seg imellom i forsvarsrekkja.
1'
Spurs tek avspark.
Avspark Start 1. omgang
Spelarane ferdig med oppvarming, og det nærmer seg kampstart her på Stadium of light!
Martin Atkinson er dagens hovuddommar.
Sunderland må klare seg uten Wes Brown og langtidsskadde Lee Cattermole. Laget får likevel tilbake John O´Shea til denne kampen, og han går rett inn i startoppstillinga.
Kjem tilbake med meir informasjon og lagoppstillingar når det nærmar seg kampstart. Følg med!
Sjølv om det vart 1-0 mot Manchester City i førre heimekamp, har ikkje Sunderland fått det heilt til å klaffe på eige gras denne sesongen. Med berre 12 poeng på ni kampar på Stadium of light er det berre fire lag i divisjonen som har svakare heimestatistikk enn Sunderland. Når det gjeld Tottenham har dei seks sigrar, og fem tap på bortebane denne sesongen.
Tilsvarande oppgjer i fjor enda 0-0. På dei siste fire oppgjera mellom desse to laga, har Tottenham to sigrar, medan to av kampane har enda uavgjort.
Jermain Defoe er toppscorar for gjestene med ti mål så langt, medan Steven Fletcher er heimelaget sin mestscorande med åtte nettkjenningar.
Spurs er også i god form om dagen, og står bokført med fem sigrar på dei siste sju kampane. Det einaste tapet i denne perioden kom mot Everton, då laget leia kampen til det stod att eitt minutt av oppgjeret.
Heimelaget har vist fin form den siste perioden. Tre sigrar på dei siste fire kampane er nok manager Martin O'Neill svært godt nøgd med. Sist tap kom mot Manchester United 15. desember.
Dette er den første kampen i den 20. serierunden. Sunderland kjem frå ein sterk 1-0 siger over Manchester City, medan Tottenham gjorde jobben borte mot Aston Villa og vann 4-0.
Hei, og velkommen til Sunderland - Tottenham frå Stadium of light! Har du spørsmål eller innspel er underteikna å treffe på Twitter: @AsgeirArdal





