Referat
Kun høydepunkter
Oppsummering
Eit sterkt resultat for Studentspretten, og eit tilsvarande skuffande resultat for Stryn. Dette er ein kamp Stryn definitivt burde vunne. Ekspert Daae meiner Stryn hadde mykje posession, men skapar for få store sjansar. Samstundes er spretten småfarlege på kontringar. Daae oppsummerer med at bortelaget har mest grunn til å vere fornøgde med kampen og resultatet. Vi ynskjer vår gode ven Stian Sandal lukke til i bryllaup i Bergen i helga, og takkar for oss på Stryn stadion. Ha ei riktig god ompa-ompa-helg. NB! Thor Erik Nygård har framleis ikkje dukka opp. Svakt. Men vi er glade i han likevel.
Kamp slutt Slutt (2-2)
89'
Emil Engelsen kjem gjennom på spretten si høgreside, og får avslutta. Over!
84'
Hopland nær! Stryn rundt på høgresida, der Håvard Kroken får svinga ballen inn i feltet. Der er Vegard Hopland, og får avslutta. Men den går 18cm over! Enorm supersjanse!
81'
Ekspert Daae sin kommentar om Stryn har mulighet til å ta 3 poeng i denne kampen: - Her er alle muligheter opne, sa brura.
80'
Apropos strynelegender. Vår gamle keeper Kjell Petter Opheim er observert på stadion. Fy flate kor kjekt. Han er framleis like høg som før.
77'
Mats Solheim er forresten med i Stryn sin tropp i dag. Går det mot eit comeback for den sympatiske karen frå Loen? Nei, er svaret så langt. Han er ikkje i oppvarming. Veiet, og funnet for lett? Eller tung?
75'
Kaptein Vegard Hopland er flytta opp som spiss. Her er strynetrenar Tjellaug interessert i plukke 3 poeng!
74'
Gult kort
72'
V¨år faste reporter er no ute og leitar etter intervjubojekt
68'
Mohammad Ali til Steinar Hauge. Hauge skyt frå 16 meter. Den landa på taket på turnhallen.
66'
Å herre min oktoberfest-hatt!! Håvard Kroken får ballen i feltet, klinkar til frå 9 meter. Ballen susar via hanskane til keeper, og i tverliggaren! Frykteleg nær 3-2 til Stryn.
65'
Steinar Hauge prøvar seg igjen, men rett i klypene på spretten sin keeper.
64'
Frispark til Stryn på 16-meterstreken.
64'
- Det kan sjå ut som Stryn spelar med to mann på venstreback. Det er spesielt, seier ekspert Karl L. Daae.
62'
Spillerbytte
56'
Studentspretten sin innbyttar, Ole Aase, spelar met eit kvitt panneband som er knytt rundt haudet. Minner om gode gamle Karate Kid. Tøft.
52'
Mål!
1-2
Der er det like mykje hol i stryneforsvaret som i ein godt modna sveitserost. Jens Madsen blir spelt gjennom, og gjer alt rett aleine med keeper.
49'
Spillerbytte
49'
Vi har framleis ikkje sett snurten av strynelegenda Thor Erik Nygård, sjølv om vi veit han er i bygda. Han må ha pådrege seg ein strekk då han drog på seg lederhosen tidlegare i kveld. Elles ville han garantert vore på stadion.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Vi kan vel trygt oppsummere førsteomgang med at heimelaget har vore best, utan at dei har skapt veldig mange store målsjansar. Ekspertkommentator Karl Ludvig Daae meiner Studentspretten har så dårleg sprett i dag, at Stryn bør ta alle poenga. Men Mr Daae gjer merksam på at er mulig for Spretten å gjere noko med spretten i pausen, dersom dei har med seg ei pumpe. Samstundes legg han til at det er vanskelig å pumpe opp ein sprettball, dersom spretten til Spretten kjem frå ein slik type ball. Dette veit vi eigentleg lite om, så vi kan difor sjå fram mot ein frykteleg spennande andreomgang under flomlysa på Stryn stadion.
Slutt 1. omgang Pause (1-1)
44'
Frispark til Stryn. 19 meter. Skothald.
42'
Stryn auf der hugg igjen. Innlegg frå Steinar Hauge, Mohammad Ali når akkurat ikkje fram.
39'
Strynelegenda Karl Ludvig Daae har gjort sin entrè i speakerbua. Frå no er han ekspertkommentator. Første bidraget til Karl, er at han konstaterer at Spretten ligg lavt på grunn av dårleg sprett.
37'
Ole-Ivan G. Espeland prøvar seg. Den går 23 cm utanfor stolpen til ein forjamsa keeper. Stryn nær igjen der altså. Heimelaget hadde definitivt fortent ei scoring her. Men som dei aller, aller fleste er smertelig klar over: det er måla som tel i fotball. Dei som ikkje veit det, kan neppe vere særleg interessert i denne vakre idretten.
35'
Frispark til Stryn 22 meter frå mål. Her kan det bli riktig så farleg.
33'
Stryn nær igjen! John Erlend Bø med innlegg på bakerste. Der er Steinar Hauge, som prøvar å breiside ballen i nota. Like over!
31'
God involvering av unge Marcel Kucab. Høgrebacken syner stor vilje, og kjempar seg til ein corner.
29'
Stryn held trykket etter corneren, og det blir halvfarleg. Men aldri heilfraleg. Det er uansett Stryn som styrer butikken her no.
19'
Perfekt innlegg frå Håvard Kroken. Legg inn i feltet, og der er Mohammad Ali. Nykomaren frå Selje treff godt, men uheldigvis for heimelaget går avslutinga klink i tverliggaren. Nær utlikning!
17'
Mohammad Ali på farten for Stryn. Syner überfin teknikk, men der er ingen i feltet til å ekspedere innlegget i nettmaskene.
16'
Visste du at oktoberfesten i München vart arrangert for første gong 12.oktober 1810? Kan no vere greit å vite.
11'
Kjempesjanse for bortelaget igjen! Spretten slår eit frispark inn i feltet, og Jens Madsen får heade fullstendig uforstyrra. Stryn slepp med skrekken når den går utenfor, men der burde Madsen scora. Forsvaret til Stryn må kome seg på jobb.
8'
Stryn med eit par forsøk, men utan å skape det heilt store. Bra tendensar frå dei tre i den fremste rekka til heimelaget. Kroken, Ali og Hauge ser friske ut.
2'
Mål!
0-1
Aiaiai. Ompa, ompa i Stryn sitt forsvar etter eit innkast. Klabb og babb. Minst. Bellen takkar og bukkar og kan pirke inn 0-1 for bortelaget.
1'
Stryn susar i angrep som ein bratwürst med full overtenning! Innlegget til Håvard Kroken blir derimot for langt.
Avspark Start 1. omgang
Det går forøvrig rykter om at strynelegenda Thor Erik Nygård er i bygda for å spre glans over oktoberfesten. Han er førebels ikkje observert på stadion, men vi ser på det som ei sjølvfølge at han dukkar opp her.
Ein prosit! Og velkomen til ei strynebygd som denne helga er sterkt prega av den årlege oktoberfesten. Vi får seie som oktoberfestgeneral Kim Rune Flo: dette blir eit helv*** sirkus! At det blir sirkus i Stryn sentrum i kveld, er vel rimeleg sikkert. Korleis det blir på Stryn stadion, er noko uvisst. Men vi håpar dette vert eit feiande flott vorspiel til kveldens spillopper og fanterier. Stryn er før kampen på fjerdeplass på tabellen, medan Studentspretten er på plass nr ni. Heimelaget må finne seg i å vere favorittar, og dei MÅ ta tre poeng om håpet om å ta igjen Eid skal leve. Det er ikkje ei umuleg oppgåve, men den er av det meir vanskelege slaget. Vi gler oss til kick-off om 4 minutt! Kjøh!

