Referat

Kun høydepunkter

Oppsummering

Kamp slutt Slutt (6-1)
90+2'
Kroken slepp vakkert gjennom til Johannes Tenden. Avslutninga er god, men den går via ein blå og i nettveggen. Veldig nær 7-1.
90'
Ein lokal jury har kåra Ola Ørjasæter til dagens stryning! Vel fortent.
87'
Selvmål!
6-1
Saeed Tajik kjem rundt på høgresida, og frå dødlinja slår han ballen mot Johannes Tenden inne i feltet. Ballen kjem aldri så langt, då den går via eit Sandane-bein og i mål.
86'
Kevin Hoddevik skaffar Stryn nok ein corner. Den avklarar Sandane med eit kontant og vakkert hodestøt.
84'
Frisparket frå 20 meter blir nesten scoring! Håvard Kroken tvinger fram ei god redning av keeper Uribe. Corner. Den blir resultatlaus.
83'
Gult kort
Jan Marius Klepp Brekke skyt frå distanse, Rebbestad stopper den med handa.
79'
Spillerbytte
76'
Egil Brekke kom inn for Sandane.
75'
Spillerbytte
73'
Nytt godt angrep av Stryn. Tajik fint ut til Kroken på høgre. Han kjem til avslutning, og den er nær! Strålande redning av keeper som får fingrane på ballen før den sneiar stolpen og går ut til corner. Ein corner som bles bak mål.
71'
Stryn spelar fint, og til slutt kjem Håverd Kroken til avslutning frå 18 meter. Godt skot, men 39 cm over mål.
69'
Spillerbytte
68'
Harald Opheim Evebø har komt inn for Sandane, men vrient å sjå kven som gjekk ut.
66'
Spillerbytte
65'
Spillerbytte
64'
Tajik skyt frå 19 meter, markkrypar som snik seg utanfor keeper sin venstre stolpe. Sandane er ikkje med på leiken no. Stryn styrer heile sjappa.
60'
Stryn trykker på. Kroken god og aktiv på høgresida, spelar inn til Tajik som dreg seg innover i bana før han prøver lukka. Skuddet med venstrefoten går 7 meter til side for mål.
59'
Ei kanonkule av John Erlend Bø! Klinkar til frå 24 meter, og ballen susar i tverliggaren, ned på streken og ut! Voldsomt nær 6-1.
57'
Spillerbytte
56'
Aiaiai! Olav Tenden med skrubrus i bar overkropp. Mykje hud på stadion i dag.
55'
Spillerbytte
52'
Spillerbytte
52'
Spillerbytte
51'
Mål!
5-1
Corneren til Tomas Tjellaug er perfekt! Framfor mål spring Håverd Kroken seg fri, og stussar ballen via ein sandensar og i mål bak ein utspelt keeper.
50'
Håvard Kroken med eit par fine detaljar på Stryn si høgreside, men Sandane står imot. Corner.
48'
Bernhard Hole får neppe prisen for størst paraply i solskinnet i dag, men han får prisen for dagens snikreklame. Han er i valgkamp-modus, og har på seg si grøne Venstre-tskjorte. Dreg nok eit par ekstra velgarar på det. Smart.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Ein tur innom sosiale medier. Ex strynespelar Jim Rune Skrede er i Manchester for å følge sitt kjære City. Magnar Sanden er på ferie i nærheita av ei vakker sandstrand. Sanden i sanden. Artig.
Det tok ein halvtime før Stryn fikk hol på Sandane sitt kompakte forsvar. Den berømte sennep-effekten slo inn, og heimelaget scora heile 4 mål på 12 minutt! Sjølv om han ikkje har scora sjølv, har Ola Ørjasæter vore involvert i det meste Stryn har skapt offensivt. Det siste kvarteret var han voldsomt aktiv og god på Stryn sin venstrekant. At Sandane reduserte, gjer at dei muligens har eit visst håp om poeng. Men slik denne omgangen har sett ut, bør heimelaget ha full kontroll på dette.
Slutt 1. omgang Pause (4-1)
45+2'
Vakkert andrep av Stryn. Saeed Tajik spelar nydeleg gjennom Steinar Hauge. Hauge dreg med seg ballen mot dødlinja, og finn Håvard Kroken inne i feltet. Avslutninga til Kroken går over!
45+1'
NB! Svein Ørjasæter står ikkje lenger i bar overkropp.
45'
Mål!
4-1
Sandane scorar på sin første sjanse i kampen. Bjotveit får innlegget på bakerste stolpe, og set den kontant i mål med innsida. Keeper Hauge utan sjanse på den.
42'
Mål!
4-0
Kort corner frå Tomas Tjellaug til Ola Ørjasæter. Han dreg seg inn i feltet, og prøvar å skru den bort i lengste hjørnet til keeper. Skotet er bra, det er også redninga til keeper Uribe. Men Jesper Jepsen sender returen kontant i mål frå 5 meter.
40'
Mål!
3-0
Ola Ørjasæter stjel ballen frå Sandane ute på venstrekanten, og spelar til Steinar Hauge framfor mål. Hauge sitt skot blir blokkert, men igjen er Tajik der. Vinn ballen, dreg seg fri og sender den i nettmaskene.
40'
Nær 3-0! Saeed Tajik spelar inn i feltet til Tomas Tjellaug. Tomas når den, og prøvar å sende den i lengste, men ballen snik seg like utanfor stolpen.
39'
For spesielt interesserte, som førebels ikkje er på stadion, kan vi informere om at både Johann Sigurdsson og Svein Ørjasæter står i bar overkropp på sidelinja.
36'
Vi kan vel no justere på det som vart skrive for 4 minutt sidan. Kampplanen til Sandane sprakk på kort tid her.
32'
Mål!
2-0
Ola Ørjasæter på farten igjen! Virkelig på hugget no, strikjen has Svein. Dreg nok ein gong av eit par sandensarar, får han serverer på sølvfat til Ole Ivan på 3 meter, som hamrar ballen opp i nettaket utan sjanse for keeper.
30'
Mål!
1-0
Igjen er det Ola Ørjasæter som skapar ubalanse i bortelaget sitt forsvar. Driblar seg inn i 16-meteren, og skyt. Den blir blokkert, men Saeed Tajik snappar ballen og plasserer den nydeleg i mål.
29'
Har ein mistanke om at Sandane så langt har lukkast med sin kampplan. Ligg lavt og kompakt, og køyrer overgangar når dei kan. Stryn har mykje ball, men slit med å kome til dei heilt store sjansane.
28'
Herlig teknikk på Ola Ørjasæter! Dansar og driblar utanfor 16-meteren, men kjem ikkje til avslutning. Slår ut til Kroken på venstresida, men innlegget hans går over alle i feltet.
26'
Får varslar om ei oppdatering på PCen her. Det er ein Firda Live-skribent sitt verste mareritt. Om den køyrer i gang på eiga hand, blir det eventuelt stilt herfrå ei stund. Issje bra.
24'
Stryn held trykket oppe, og Ole Ivan Glosvik Espeland klinkar til frå 18 meter. Skotet er hardt og brukbart, men ballen fyk ein meter over tverliggaren.
23'
So fossar Stryn i angrep! Steinar Hauge kjem til avslutning litt skrått på mål. Rett på keeper.
22'
Corneren til Sandane blir aldri farleg.
22'
Kontringa til Sandane er bra, og dei kjem til innlegg frå høgre. Der må Stryn avklare til corner.
21'
Stryn spelar seg fram til ein ny corner. Tomas Tjellaug gjer seg klar igjen, men den blir litt for lav og Sandane kontrar.
20'
So får vi sjå glimt av kva som bur i unge lovande Ola Ørjasæter. Driblar lekkert av eit par sandensarar, og slår 45 grader ut i feltet. Sandane får med nød og neppe rydda opp.
13'
Vi sender våre varmaste gratulasjonar til sjølvaste Rasmus Endre Bø, som feirar sin 40-årsdag i dag! Dette er altså den meir kjende broren til skiskyttarane Johannes og Tarjei. Hipp hipp hurra!
10'
Det er til tider ganske sterk vind på Stryn stadion så langt. Om Carola skulle spelt inn musikkvideo her i dag, hadde ho ikkje hatt bruk for vindmaskin.
8'
Stryn har festa grepet, og har mykje ball i starten her. Sandane prøvar seg på nokre raske overgangar, men dei blå har ikkje lukkast så langt.
7'
Nydeleg ball frå Kroken til Steinar Hauge, som kjem til avslutning skrått på mål. Skuddet (eller innlegget?) går i fanget på keeper Uribe.
6'
Stryn vinn ballen fort tilbake. og John Erlend Bø får føre ballen framover. Fyrer til frå 24 meter. Over mål. Og over sikkerhetsnettet bak mål. Ikkje stjernetreff der altså.
4'
Håvard Kroken kjem ned på venstresida for heimelaget, kampens første corner! Tomas Tjellaug sin corner går over alt og alle. Innkast til Sandane.
1'
Stryn med avspark, here we go!
Avspark Start 1. omgang
Ut frå draktfargane, kan dette minne om eit klassisk Merseyside-derby. Det er det altså ikkje, for dei som måtte lure. Men ein skal slett ikkje kimse av eit nabooppgjer mellom Stryn og Sandane heller.
Stryn og Sandane er naboar på tabellen. Stryn nr 4 med 21 poeng, Sandane plassen bak med 16 poeng. Då kan ein tenke seg sjølv kor interessert blåtrøyene er å reise heim med 3 poeng. Stryn har også noko å revansjere, etter eit surt tap på Sandane i andre serierunde. Det var Stryn sin svakaste kamp så langt i år. Stryn MÅ vinne for å ha eit visst heng på Eid, som ligg heile 8 poeng foran Stryn på 3. plass. Snart kick-off, vi gler oss!