Referat

Kun høydepunkter

Oppsummering

Kamp slutt Slutt (2-2)
90+4'
Utspel frå Al-Habsi. Dette endar 2-2.
90+3'
Begovic slår opp. Stoke med eit lite trykk no.
90+3'
Frispark til Stoke inne på eigen halvdel.
90+2'
Nære på for Wigan! Maloney slår inn frå høgre, men Di Santo klarer ikkje å få styrt ballen i mål.
90+1'
Wigan er det laget som har mest lyst på tre poeng her. Stoke har, med unntak av scoringa, hatt ein veldig svak omgang offensivt sett.
90+1'
Det blir lagt til minimum tre minutt her.
90'
Maloney slår inn frå høgre, men nok ein gong er det lite kraft i utføringa. Begovic overtek kula.
89'
Stam slår inn foran mål, men forbi alle.
88'
Maloney skjer innover og avsluttar, men det er for lite kraft i forsøket og Begovic kan enkelt fange ballen.
86'
Spillerbytte
86'
Espinoza prøvar å sende ein stikkar gjennom til Mcmanaman, men det er for lite kraft i utføringa frå nykomaren.
83'
Spillerbytte
83'
Cameron kjem seg laus på høgrekanten, men chippen inn framføre mål blir nok ein gong for upresis.
81'
Crouch er nære på å få hovudet på eit innlegg i Wigan si boks, men ballen blir for høg.
79'
Wigan trillar ballen langt inne på Stoke sin halvdel, men Latics slit med å finne opningane i det kompakte forsvaret til heimelaget. Heimefansen viser også si misnøye med det som skjer med kraftig buing.
78'
Cameron kjem til avslutning frå skrått hald. Stoke sin nr 33 sendar ballen til side for mål. Der bør han i det minste treffe målet.
77'
Wigan held framleis bra på ballen, og Stoke slit med å kome kjapt nok oppi bortelagets spelarar.
75'
Di Santo får lagt flatt inn framføre mål, men ballen går for nærme Begovic som enkelt kan plukke kula.
74'
Maloney prøvar seg frå distanse. Begovic har ein enkelt jobb med å stoppe forsøket.
73'
Cameron har ein god sjanse til å slå inn, men innbytaren bommar totalt med forsøket som går langt bak mål.
73'
2-2 er for øvrig ikkje noko sjeldant resultat når Stoke og Wigan møtest. Av dei ni føregåande møta i Premier League har heile fire av oppgjera enda med dette resultatet!
69'
Liten tvil om at det er Wigan som køyrer denne kampen i augneblinken.
69'
Di Santo jobbar hardt og vinn eit innkast høgt i bana.
68'
Spillerbytte
68'
Figuero avsluttar i ubalanse utanfor Stoke si boks, og forsøket går høgt over buret til Begovic.
66'
Spillerbytte
66'
Adam med ein høg fot. Wigan får frispark midt på bana.
66'
Adam slår frisparket inn i boksa, men Caldwell headar unna.
66'
Adam og Stoke kontrar, men Di Santo stoppar forsøket med ein dytt. Han er heldig som slepp å få sjå det gule kortet.
65'
Beausejour får ballen i boksa, men avslutninga blir blokkert.
64'
Hjørnespark
Dårleg utført, og Stoke får klarert.
64'
Nære på 2-3! McArthur er nok ein gong involvert, og etter bra spel bankar han til og tvingar fram ei god redning frå Begovic. Corner.
63'
Gult kort
Riv Espinoza ned i bakken.
63'
For ein kamp vi har fått her!
61'
Mål!
2-2
Wigan har teke igjen Stoke si 2-0-leiing! Espinoza legg inn til McArthur bak Stoke-forsvaret, og midtbanespelaren headar ballen inn framføre målet igjen. Di Santo visar så fram utsøkte avsluttareigenskapar og sender kula kontant i buret på ein liggjande volley.
60'
Ballen blir lempa inn i boksa, men heimelaget får rydda unna både ein og to gongar.
59'
Beausejour blir dytta overende av Whelan. Frispark til Wigan i grei innleggsposisjon. No spørs det om dei kan utnytte desse like bra som Stoke.
57'
Maloney blir spelt fri og puttar ballen i mål, men han blir avvinka for ein korrekt offside.
56'
Adam går for skot, men forsøket endar ein liten meter utanfor. Brukbart forsøk.
55'
No får Stoke frispark, i bra posisjon for innlegg. Adam står klar.
55'
Walters blir teke bakfrå like utanfor sekstenmeteren til Wigan, men domar Jones gir fordel. Det heile endar med at Walters blir liggjande og Stoke spelar kula ut. Der burde Jones definitivt IKKJE ha brukt fordelsparagrafen.
52'
Dette oppgjeret ser ut til å bli meget interessant! Kven hadde trudd det etter den første omgangen?
50'
Mål!
2-1
Vi har kamp igjen! Wigan kombinerer flott, og ein perfekt stikkar frå Espinoza sender McArthur åleine mot Begovic. McArthur tuppar ballen flott i mål, via den venstre stolpen.
48'
Mål!
2-0
Stoke kontrar inn 2-0! Espinoza vil ha straffe i motsett ende, men i staden kontrar heimelaget. Adam avanserer før han avsluttar på Al-Habsi som må gi ein retur. Den hamnar rett hos Crouch som enkelt kan putte frå kort hald. Dette blir veldig tøft for Wigan.
48'
Beausejour kombinerer fint med Maloney og får lagt inn, men heimelaget får rydda unna.
48'
Caldwell slår langt, men finn ingen.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Stoke leiar 1-0 over Wigan etter ei heldig scoring av midtstoppar Ryan Shawcross. Det har vore ein veldig tam omgang med få sjansar. Forhåpentlegvis vil det ta seg opp etter kvilen.
Slutt 1. omgang Pause (1-0)
45+4'
Spillerbytte
45+4'
Frispark for heimelaget. Endar til slutt med eit innlegg som går over og ut.
45+3'
Gult kort
Sklir Etherington overende bakfrå.
45+2'
Beausejour med eit bra innlegg frå venstre. Begovic gir ein farleg retur, men ingen Wigan-spelarar er vakne nok til å få utnytta det.
45+1'
Det blir lagt til heile fire minutt denne omgangen. Det skuldast sjølvsagt hovudskada på Robert Huth rett etter kampstart.
45'
Wigan prøvar å setje i gong ei kontring, men etter eit par trekk stoppar det heile opp med ei feilpasning.
44'
Domar Jones får høglytt jubel frå heimefansen når han endeleg bles frispark Stoke sin veg.
43'
Tony Pulis er i harnisk etter nokre domaravgjersler som går Wigan sin veg. Det same er publikum. Det er bra det blir litt liv i denne kampen!
42'
Beausejour slår hardt inn, men McArthur klarar ikkje å setje avslutninga på mål. Wigan sitt beste forsøk hittil.
42'
Småpent spel frå bortelaget. Dei kjem til innlegg, men Shawcross får klarert til innkast.
41'
Espinoza prøvar å finne Beausejour med ein stikkar. Ein Stoke-spelar snappar ballen.
40'
Lite spanande som skjer på Britannia no.
38'
Di Santo vinn ein hovudduell, men blir avvinka for offside. Wigan har fått til nada offensivt så langt. Kanskje kan det vere ei løysing å setje innpå Manchester United-innleigde Ángelo Henríquez? 18-åringen har allereie scora for Wigan i ligaen.
36'
Maloney prøvar ei avslutning inne i boksa, men forsøket blir blokkert.
36'
Adam prøvar ein lobb frå distanse. Ikkje langt over frå den tidlegare Liverpool- og Blackpool-spelaren.
35'
Cameron slår inn, men bortelaget får klarert.
35'
No er det Franco Di Santo sin tur til å få på seg bandasje på skallen. Det skuldast kollisjonen med Huth tidleg i kampen.
34'
Langpasning frå heimelaget, men Crouch og Adam går i vegen for kvarandre og det heile endar med innkast for bortelaget.
34'
Adam prøvar å slå inn, men forsøket mislukkast.
33'
Heimelaget prøvar ein slags innøvd frisparkvariant. Den mislukkast, men samtidig får laget frispark i ein endå betre posisjon.
32'
Nok eit frispark for Stoke. I omtrent same posisjon som ved scoringa.
32'
Ein tredjedel av kampen er unnagjort, og det er liten tvil om at Stoke leiar oppgjeret fortent. Wigan må luke bort feila og heve spelet sitt om dei skal få med seg noko frå denne kampen.
31'
Maloney har ikkje fått til myke så langt. Denne gongen misser han ballen når laget står høgt i bana, men heldigvis for Wigan blir bakromspasninga frå Huth for upresis for Walters.
30'
Golobart med ein olboge i ryggen på Crouch, men utruleg nok er det førstnemnte som får frisparket.
29'
Wigan slit med å få pasningsspelet skikkeleg i gong. Gong på gong gjer dei enkle feil som fører til ballmiss.
28'
Figuero avanserer med ballen og avsluttar høgt over frå distanse.
27'
Crouch vinn ein duell i boksa, men ballen når ikkje fram til ein lagkamerat og Wigan kan ta over.
26'
Kampen har opna seg mykje meir opp no!
23'
Mål!
1-0
Shawcross sendar Stoke i leiinga etter komisk forsvarsvarsspel av Wigan! Adam sender eit ikkje altfor bra innlegg inn i boksa, og Beausejour headar ballen ut - men rett i hovudet på McCarthey - slik at kula sprett tilbake og hamnar hos ein umarkert Shawcross. Frå kort hald gjer han ingen feil mot Al-Habsi.
22'
Frispark til Stoke i fin innleggsposisjon. Adam står klar.
22'
Stoke med 57% ballinnehav hittil, mot Wigan sine 43%.
21'
Latics får låne ballen litt no. Liten tvil om at det er meir lystne på å trille ballen i laget enn det Stoke er.
19'
Wigan slit med å halde noko lengd på ballen no. Stoke er aggressive og vinn kula tilbake kjapt gong på gong.
19'
Charlie Adam med kampens beste forsøk hittil. Skotten klemmar til frå distanse og ballen snik seg like utanfor buret til Al-Habsi.
18'
Cameron slår langt opp i boksa, men Crouch tapar duellen med Boyce.
17'
Liten tvil om at Stoke har teke initiativet i kampen no.
17'
Ballen får ein ekkel stuss i det våte graset, og fleire av spelarane har hittil hatt problem med å berekne ballbana.
16'
N'Zonzi kjem seg laus med ballen i bra posisjon for skot, men den tidlegare Blackburn-spelaren brukar for lang tid og avslutninga blir blokkert.
15'
Crouch prøvar å heade fri Adam, men eit Wigan-bein kjem i vegen. Vi ventar framleis på at det skal skje noko spanande offensivt her.
12'
Stoke kontrar og Walters avsluttar over på direkten frå distanse. Dårleg utnytta av heimelaget.
12'
Maloney prøvar seg med ein stikkar mot Di Santo, men det blir for upresist.
11'
Beausejour har stor plass å springe i, men Jones brukar ikkje fordelsregelen og bles frispark til bortelaget. Kunne ha blitt farleg for Wigan, det.
9'
Róger Espinoza, som i dag gjer sin andre kamp for Wigan, har hittil vore upresis med pasningane. Midtbanepelaren frå Honduras kom frå MJS-klubben Sporting Kansas City.
6'
'The Berlin Wall', som Huth blir kalla, får på seg bandasje på hovudet. Så då er han nok klar for vidare spel.
5'
Fortsatt stopp i spelet. Må tyske Robert Huth ut allereie etter nokre få minutts spel?
4'
Di Santo og Huth skallar til kvarandre i ein hovudduell. Det går hardast utover Huth, som blir liggjande og får tilsyn.
3'
Valdsamt med regn i Greater Manchester no.
2'
Whitehead tek Beausejour bakfrå og lagar frispark. Det blir nok ikkje det siste i kampen!
Avspark Start 1. omgang
Dagens domar er Mike Jones.
Wigan må klare seg utan Antolin Alcaraz, Ivan Ramis, Mike Pollitt, Ben Watson, Albert Crusat, Ryo Miyaichi og Fraser Fyvie til denne kampen, i tillegg til Arouna Kone som er borte på grunn av spel i Afrikameisterskapet.
Tony Pulis har ein tilnærma skadefri stall å velje mellom. Glenn Whelan slapp suspensjon for si ville takling i kampen mot Manchester City, medan Amir Begovic er klar til spel også.
På ni Premier League-møte mellom klubbane har det enda 2-6-1 i favør Wigan. Latics har vunne to av dei fire siste møta. Tidlegare denne sesongen enda det 2-2 på DW Stadium.
Wigan har på si side 1-1-4 på sine seks seinaste i denne turneringa. Dei står også utan siger på sine tre seinaste. Førre runde enda det med 2-3 heime for Sunderland etter at Latics rota vekk ei 1-0-leiing.
Stoke er i dårleg form om dagen, med 1-2-3 på sine seks siste ligakampar, og alle dei tre tapa har kome i dei tre siste kampane. Samtidig må det leggjast til at dei har møtt tøffe motstandarar som Manchester City og Chelsea i desse.
Wigan er på si side i stort trøbbel, og med ei noverande 19. plass må dei nok belage seg på å kjempe hardt for å unngå nedrykk. Samtidig er det verdt å leggje merke til at det berre er to poeng opp til Newcastle på 16. plass. Laget til Roberto Martinez har sanka 19 poeng etter 5-4-14 hittil, noko som betyr at dei altså berre har ein siger mindre enn dagens motstandar. Borte frå DW Stadium har dei 3-1-7.
Stoke ligg på 10. plass før dagens kamp, med 6-11-6 og totalt 29 poeng hittil. Liverpool og 7. plassen er berre tre poeng unna, samtidig som mange andre lag pustar dagens heimelag i nakken. Heime på Britannia tapar laget til Tony Pulis sjeldan, noko tala 5-5-1 tyder på. Det betyr med andre ord at laget har teke 20 av 29 poeng på eige gras.
Hei og velkomen til livedekning av Premier League-oppgjeret mellom Stoke og Wigan!