Referat
Kun høydepunkter
Oppsummering
Stoke spelar sin 13. kamp uavgjort for sesongen. Ein typisk 0-0 kamp utan dei heilt store sjansane, der vi Jones hadde den aller største på overtid. Heimelaget var best gjennom store deler av oppgjeret, men WBA var heller ikkje ufarlege når dei først fekk moglegheitene. Spelarane takkar for kvarandre for kampen, og eg nyttar høvet til å takke deg for at du følgde oppgjeret live!
Kamp slutt Slutt (0-0)
90+4'
Der var vi vitne til kampens største sjanse, tre minutt på overtid!
90+3'
Stor sjanse for Stoke! Jones tek ned ballen på brystkassen inne i feltet, vender og skyt - rett på keeper!
90+2'
Stoke i angrep no, og avsluttar oppgjeret med tre spissar i jakta på full pott.
90+2'
Det går mot poengdeling her på Britannia Stadium.
90+1'
Det er lagt til minimum tre minutt.
89'
Etherington tek frisparket også denne gongen. Rett i muren!
89'
Walters går i luftduell mot Ridgewell, som bøyer seg. Dermed går Stoke-spissen overende, og får frisparkpå 17 meter!
87'
Etherington skyt, og Shawcross får ballen inne i feltet. Han avsluttar rett på keeper som leverer ei kjemperedning, men linjemann er også oppe med flagget!
86'
Whitehead er først på ballen på 19 meter, og blir lagt i bakken i det han skal skyte. Verkeleg fin frispark-posisjon for Stoke dette!
85'
Frispark i fin posisjon for Stoke. John Arne Riise hadde nok klinka til frå denne avstanden, men Etherington velg å leggje inn. Keeper er våken og snappar opp.
83'
Spelet bølgjer fram og tilbake, og begge lag jaktar tre poeng!
82'
Halvsjanse for gjestene. Morrison skyt - rett på keeper!
79'
Kraftig vind ute på bana no.
77'
Mulumbu klinkar til frå 20 meter - like over!
76'
Lukaku som er på lån frå Chelsea, fann ikkje vegen til nettmaskene i dag.
73'
Heilt open kamp dette. Begge lag prøver å halde ballen i laget når dei har sjansen.
71'
WBA vinn ballen på eigen banehalvdel, men det går for seint framover når laget skal angripe. Stoke kjem seg på rett side, og gjestene slit med å spele seg gjennom forsvaret.
69'
Under halvtimen att av dette oppgjeret. Kven har mest krefter att?
63'
Brunt skyt - rett i muren! Jones får likevel ballen inne i feltet, og legg inn i retning Lukaku. Han avsluttar via eit Stoke-bein til corner!
62'
Brunt står klar ved ballen.
61'
Frispark i fin posisjon for WBA. Innbytar Whitehead legg Thomas i bakken.
60'
Stoke trillar ball i eige felt, men heimepublikum slepp med skrekken. Endar i ein lang ball i retning Crouch.
59'
Mulumbu blir takla ut av bana i knehøgde. Etherington var mannen bak!
57'
Stillingskrig no, og begge lag veit nok at dei som scorar det første målet her, ligg svært godt an til tre poeng i bagasjen.
54'
Innlegg frå venstrekanten, og Lukaku er nære på å sende gjestene i føringa! Spissen får eit perfekt innlegg, men kjem nokre få centimeter til kort.
51'
Gjestene legg inn presset høgt, og vil helst ha med seg alle tre poeng herifrå.
49'
Nok eit innlegg frå venstrekanten, Etherington. Denne gongen er det keeper Foster som er høgst i feltet. Keepermat.
48'
Etherington slår inn med sin presise venstrefot, men Crouch får ikkje nok kraft bak hovudstøtet.
47'
Fin sjanse for WBA! Innlegg frå venstre, og Lukaku avsluttar rett på keeper.
46'
Stoke tek avspark.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Då går laga til pause på stillinga 0-0. Heimelaget har vore det beste laget i første omgang, utan at dei har imponert nokon av dei frammøtte. Vi håpar på ein andre omgang med fleire sjansar - så følg med!
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
45+2'
Frisparket blir slått inn i feltet, men WBA får kontroll.
45+2'
Dette frisparket til Stoke blir nok det siste som skjer i første omgang.
45+1'
Det er lagt til minimum to minutt av denne første omgangen.
43'
Svært sjansefattig først omgang vi har vore vitne til her. Legg vi godviljen til, har vi hatt ein målsjanse - til heimelaget.
41'
Innkast til vertane ved hjørneflagget. Langt innkast mot Crouch, men etter litt fram og tilbake er ballen i fast grep hos keeper Foster.
39'
Jerome driv framover, men er ikkje heilt venn med ballen. Difor kan Foster gjere seg klar for nok eit utspark.
37'
Stoke har vore det beste laget i store deler av denne omgangen.
33'
Crouch for tøff i duell mot Yacob, som går rett i bakken. Frispark til gjestene.
33'
Jerome får ballen på kanten av sekstenmeteren. Han skyt - men ballen går ut til innkast..
29'
Kampens største sjanse! Walters klinkar til frå 20 meter, og ballen går i ein bue, like til side for mål!
28'
Jones avklarar, og vertane får corner.
27'
Walters får frispark imot seg, og ristar på hovudet. Gjestene overtek.
26'
Stoke slår lange ballar mot Crouch kvar gong dei har sjansen. Som oftast vinn han luftduellane, men det er ikkje alltid at lagkameratane er først på andreballane.
24'
Frispark til vertane ved hjørneflagget. Etherington slår inn, men keeper plukkar lett.
24'
Etherington stormar framover langs venstrekanten, men ingen Stoke-spelarar er å finne på innlegget.
23'
Frispark til WBA på midtstreken.
21'
Lite som skjer akkurat no.
18'
Lang ball mot Crouch, som er konge i luftrommet på topp for Stoke. Laget klarar likevel ikkje å produsere dei heilt store målsjansane.
17'
Det blir slått inn i feltet, og keeper Foster går ut. Han held ballen, men sklir utanfor sekstenmeteren, og må sleppe ballen. Keeperen får likevel kontroll!
15'
Frispark til heimelaget i fin posisjon.
14'
Vi ventar framleis på kampens første sjanse!
13'
Lukaku prøver seg, men toppscoraren lykkast ikkje heilt. Utspark frå målet til Foster.
11'
Med siger her kan WBA ha heng på femteplassen, som i skrivande stund tilhøyrer Arsenal.
10'
Stoke betre med i kampen no, etter at gjestene opna best.
8'
Heimelaget trillar ball, og vinn eit innkast høgt oppe i bana.
5'
Lang ball mot Crouch, som nikkar vidare. Ballen går ut på venstrekanten, og Walters avsluttar over.
4'
Gjestene som har opna oppgjeret best dei første minuttane.
3'
Frisparket blir slått inn i feltet, men heimelaget får kontroll. Thomas låg lenge nede, etter at han blei takla hardt.
1'
Innkast til WBA oppe ved hjørneflagget. Får frispark nede ved dødlinja.
1'
Gjestene tek avspark!
Avspark Start 1. omgang
Laga er ferdig med oppvarminga, og vi er straks klare for avspark!
Det er berre tabelljumbo QPR som har scora færre mål enn Stoke i skrivande stund, men laget har langt færre baklengsmål en lagene rundt på tabellen. Det er faktisk berre fire lag som har sluppe inn færre mål enn Stoke i år.
Hos WBA er Zoltan Gera og George Thorne er utilgjengelege, medan Steven Reid og Shane Long framleis var usikre dagen før kamp. Det same er Matthew Etherington og Cameron Jerome hos vertane, medan forsvarsspelar Robert Huth definitivt er ute grunna karantene.
Hos Stoke er det Jonathan Walters som er toppscorar, med sine seks scoringar så langt. Hos gjestene er Romelu Lukaku mestscorande, med 13 fulltreffarar.
På bortebane har det vore varierande resultat for WBA. Seks av dei siste åtte bortekampane har enda med tap, og laget står bokført med fire sigrar på dei 14 bortkampane i årets sesong.
På heimebane har Stoke vore eit vanskeleg lag å møte. Faktisk er det berre Everton, Manchester United og Manchester City som har færre tap på eiga heimebane.
Stoke er nummer 11 på tabellen med 31 poeng. Opp til gjestene på åttandeplass er det ti poeng.
I førre runde tapte Stoke 1-2 mot Newcastle på overtid, medan West Bromwich vann sin kamp 2-1 over Swansea.
To lag med ulike formkurve møtest her. Stoke står med berre ein siger på sine siste fire kampar, medan dagens gjester har berre eitt tap og tre sigrar i tilsvarande periode.
Hei, og velkommen til Stoke - West Bromwich frå Britannia Stadium!

