Referat

Kun høydepunkter

Oppsummering

Sebastian Eide takkar med dette for fylgjet. Ha ein fin første nyttårsdag vidare!
Sebastian Eide takkar med dette for fylgjet. Ha ein fin første nyttårsdag vidare!
Avslutningar: 10-13. På mål: 3-6.
Newcastle har slått Stoke 1-0 og tek dermed tre meget viktige poeng i botnstriden. Bortelaget styrte mykje av oppgjeret og burde også ha scora fleire mål. Den avgjerande scoringa kom ved Ayoze i det 73. minutt. Stoke streva på si side veldig lengje, men dei siste 10-15 minutta pressa dei bra på og skapte fleire store sjansar. Gjestane klatrar dermed nokre hakk på tabellen, medan Mark Hughes og Stoke går motsett veg. Fleire blant heimefansen viste tydeleg misnøye med manageren i løpet av kampen, og med tanke på korleis ting har gått hittil denne sesongen spørs det kor lengje han får regjere i West Midlands-klubben. Det er i alle fall ingen tvil om at han får for lite ut av det mannskapet han regjerer over.
Kamp slutt Slutt (0-1)
90+5'
Cameron chippar ballen inn i feltet, men den endar berre med utspel. Då er det nok avgjort her!
90+4'
Det blir lagt til minimum fire minutt her. Kort tid att!
90+4'
Greitt forsøk for Newcastle! Ei litt rotete kontring endar til slutt med at Hayden avsluttar rett på Butland.
90+3'
Fleire fans med 'Hughes out' plakatar i sluttminutta. Det er i alle fall ikkje manageren si skuld at Stoke ikkje scorar på dei mange store sjansane dei har hatt!
90+1'
Hjørnespark
Diouf headar over frå fem meters hald! For nokre sjansar innbytaren har fått i denne kampen!
90'
Spillerbytte
90'
Hjørnespark
Godt slått inn, men bortelaget får klarert. Stoke pressar på no!
89'
Delar av heimefansen byrjar å gå no, trass i at det ligg ei scoring til heimelaget i lufta. Det er framleis nok tid att!
87'
Hjørnespark
Går forbi alle i feltet.
87'
Hjørnespark
Blir klarert til ein ny corner.
87'
Utruleg nære for Stoke! Både Diouf og Berahino får avslutta frå veldig kort hald, men Darlow og co får ordna opp. For ein kamp keeperen har hatt så langt!
86'
Blir slått inn i feltet, men blir så klarert til corner.
86'
Diame feller Allen. Nytt frispark midt på Newcastle sin halvdel.
85'
Eit nytt frispark for heimelaget blir slått inn i boksa. Heller ikkje no maktar dei å få avslutta.
84'
Diame vinn ballen høgt i bana for n-te gong i dag og bankar til frå 17-18 meters hald. Ikkje langt utanfor, det.
82'
Spillerbytte
82'
Blir slått inn, men endar berre med utspel frå Newcastle-keeper Darlow.
82'
Frispark til Stoke. Blir nok lempa inn i boksa.
79'
For ein sjanse! Stoke pressar på og plutseleg får Diouf avslutta på volley frå seks meters hald. Darlow vartar opp med ei kanonredning og hindrar 1-1.
79'
Shelvey slår til slutt inn, men ingenting av farlegheiter kjem av det.
78'
Frispark til The Magpies høgt i bana. Stressar sjølvsagt ikkje med å få teke det.
77'
Murphy kjem i fantastisk fint driv, men han held litt for lenge på ballen slik at det ikkje endar med noko meir enn det.
75'
Kva no Stoke? Laget har slitt i stort sett heile kampen, men no må dei fram om dei skal ha håp om poeng.
73'
Mål!
0-1
Newcastle tek ei fortent leiing i Stoke! Som vanleg er det på høgresida det skjer, i det Ayoze får servert eit lavt og perfekt innlegg. Frå kort hald gjer han ingen feil og ekspederer ballen bak Butland.
71'
Spillerbytte
71'
Gayle går i bakken inne i Stoke i boks og vil ha straffe. Domaren seier nei, men den situasjonen vil nok bli diskutert. Zouma var den andre involverte.
69'
Ikkje lengje att no. Begge laga treng sårt tre poeng. Kven tek størst sjansar mot slutten her?
67'
Frispark til Newcastle. Shelvey tek det, men sender ballen til side for mål. Brukbart forsøk, det!
66'
Gult kort
Stoppar eit Newcastle-angrep kynisk.
64'
Spillerbytte
62'
Hjørnespark
Går forbi alle i feltet.
62'
Litt meir Newcastle igjen no etter at Stoke opna omgangen brukbart.
60'
Gult kort
Choupo-Moting meinar ned Yedlin og får eit fortent gult kort.
60'
Newcastle kjem til innlegg på høgresida igjen, men vertane får klarert.
58'
Spillerbytte
56'
Hjørnespark
Blir teke kort. Endar resultatlaust.
55'
Dødball for bortelaget. Shelvey slår inn, men Stoke får reinska unna.
54'
Gult kort
Allen lagar frispark for å hindre eit Newcastle-angrep.
54'
Hjørnespark
Endar resultatlaust.
53'
Godt forsøk for Stoke! Heimelaget trykkar på og til slutt får Choupo-Moting avslutta. Marlow må ut i full strekk for å hindre ballen i å gå i buret. Corner.
51'
Darlow kjem ut og boksar vekk ballen etter eit godt Stoke-innlegg.
49'
Nokså roleg start på omgangen. Stoke står høgare i bana og prøvar å ta tak i matchen.
46'
Shaqiri sparkar i gong dei siste 45 minutta.
Start 2. omgang Start 2. omgang
No er dei to laga på veg ut på bana igjen.
Det står 0-0 til pause mellom Stoke og Newcastle etter ein småartig 1. omgang. Gjestane frå Tyne and Wear har vore klart best og tidvis terroristert Stoke på deira venstreside. Fleire innlegg har blitt sendt inn i boksa frå den kanten, og det er ikkje langt unna at det har resultert i mål. Den største sjansen kom derimot etter ein corner, men utruleg nok makta Newcastle sin midtstoppar Ciaran Clark å sende ballen over tomt mål frå ein meters hald. Det spørs om vi ikkje har fått årets bom allereie. Vi gler oss uansett til 2. omgang, og håpar at også Stoke yppar seg meir offensivt slik vi får sjå scoringar.
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
45+2'
Ritchie med eit skot frå 17-18 meter. Får ikkje all verda til treff og Butland kan lett plukke det.
44'
Newcastle har kome fram på Stoke si venstreside gong på gong hittil i oppgjeret. Spørs om ikkje Mark Hughes må rette på noko her.
42'
Charlie Adam prøvar seg med ein frekkis frå midtbana. Like over målet til Darlow som nok har grei kontroll. Har som kjent lukkast med slikt før, den tidlegare Blackpool- og Liverpool-spelaren.
41'
Newcastle bryt høgt i bana, men det avgjerande innlegget går forbi alle i feltet.
39'
Hjørnespark
Går farleg inn i feltet, men ingen får avslutta skikkeleg. Småfarleg, det.
39'
Stoke yppar seg. Corner.
38'
Ritchie med ei ufarleg heading som Butland plukkar greitt.
37'
Hjørnespark
Blir klarert på femmeteren av Zouma.
36'
Endå ein gong kjem bortelaget seg til dødlinja med ballen. Stoke får blokkert til corner.
34'
Hjørnespark
Går berre i nevane til Darlow.
34'
Adam med godt innlegg. Clarke gir til corner.
33'
Endar til slutt berre med utspark frå Butland.
32'
Dødball til Newcastle midt på bana.
30'
Hjørnespark
For ein sjanse! Ballen dett ned på bakerste stolpe der Clarke skyt over frå ein meters hald. Ein vanvittig bom!
30'
Bortelaget kontrar igjen. Får corner.
27'
Hjørnespark
Endar berre med at Newcastle får tak i ballen og prøvar ei kontring. Stoke ordnar opp.
27'
Adam går for skot på det påfølgjande frisparket. Bra treff, men Darlow reddar greitt. Det blir likevel corner.
26'
Gult kort
Kjem for seint inn i ei takling på Adam og får kampens første gule kort.
26'
Newcastle prøvar ei kontring, men heimelaget jobbar bra heim igjen og får stoppa overgongen.
24'
Murphy med ei avslutning. Butland reddar greitt.
23'
Litt meir jamt i Stoke no, etter at bortelaget var toneangivande i byrjinga.
22'
Hjørnespark
Darlow plukkar greitt.
18'
Bra spel av heimelaget. Eit lavt innlegg blir sendt inn i boksa, men ingen i raudt og kvitt kjem først på ballen. Bra gjort av Edwards som stod bak innlegget.
17'
Crouch får dempa ballen på kassa og avslutta på halvvolley, men skotet går både utanfor samtidig som den lange spissen blir avvinka for offside.
16'
Liten tvil om at det er gjestane som køyrer kampen i augneblinken.
15'
Hjørnespark
Endar til slutt i hanskane til Butland.
14'
Kjempesjanse for bortelaget! Yedlin slår femogførti grader ut til Atsu, men frå seks meters hald klarer han ikkje å overliste Butland. Den må han få meir ut av!
12'
Herleg start på matchen. Begge lag er angripsvillige og friske i duellspelet.
10'
Stor sjanse for Newcastle! Atsu får avslutta frå kanten av sekstenmeteren, men maktar ikkje å setje ballen på mål sjølv om Butland er litt ute av posisjon.
7'
Shaqiri går i bakken etter ei tøff takling. Forhåpentlegvis for Stoke kjem han seg på beina raskt.
6'
Greitt forsøk for Newcastle i det ein mellomting mellom skot og innlegg snik seg forbi Stoke-målet.
5'
Maxim Choupo-Moting kjem seg ned til dødlinja med ballen, men heimelaget ordnar opp igjen.
4'
Stoke kjem til eit par innlegg, men bortelaget får både klarert og fanga ballen.
3'
Heimelaget med ei langpasning i bakrom til Shaqiri, men Darlow plukkar greitt.
1'
Chris Kavanagh er dagens domar.
Avspark Start 1. omgang
Laga er klare og vi er få straksar unna kampstart.
På dei 15 føregåande oppgjera mellom laga har det enda 6-4-5 i favør Stoke. Det første møtet mellom dei to tidlegare denne sesongen enda derimot med 2-1-siger til Newcastle. Atsu og Lascelles scora for The Magpies, medan Shaqiri gjorde det same for The Potters.
Det er to lag i lite god form som møtest i Staffordshire i dag. Dei har begge 1-1-4 på dei seks seinaste, men på dei tre føregåande kampane i juleprogrammet har dei 1-1-1. Førre runde gjekk derimot dårleg for begge lag, for Stoke blei smadra 5-0 borte mot Chelsea, medan Newcastle berre fekk eitt poeng heime mot Brighton. Forhåpentlegvis får vi to lag som begge går for sigeren i dag på Bet365 Stadium.
Det er to lag i stor poengnaud som møtest på årets første dag. Stoke ligg på 15. plass med 20 poeng, medan Newcastle ligg på plassen bak med eitt poeng mindre. Ned til øvste nedrykksplass skiljer det henhaldsvis to og eitt poeng.
Hei og velkomen til livedekning av Premier League-oppgjeret mellom Stoke og Newcastle!