Referat
Kun høydepunkter
Oppsummering
Tottenham vinn 3-2 over Southampton i ein meget artig fotballkamp. Dei første 45 minutta var prega av få sjansar og effektivitet, noko som resulterte i ei scoring til kvart av laga. Etter kvilen opna det heile seg mykje meir opp, og vi fekk sjansar på løpande band. Eit sjølvmål av Hooiveld sørgja for 1-2, før Lambert utlikna på eit fantastisk Southampton-angrep. I det 64. minutt kom det som skulle bli kampen siste scoring, signert Emmanuel Adebayor, ein av kampens store spelarar. Dermed fekk Tim Sherwood ein perfekt start på sitt vikarmanageropphald i Tottenham, medan Southampton si dårlege periode held fram. Takk for fylgjet, og ha ein fin sundagskveld vidare!
Kamp slutt Slutt (2-3)
90+5'
Adebayor prøvar å finne Defoe, men forsøket er svakt og Gazzanega kan overta kula.
90+4'
Spurs ser ut til å klare dette. Southampton slit med å få ballen opp i bana.
90+3'
Lambert er for hard i ein duell med Walker, og Spurs får frispark utanfor eigen sekstenmeter. Då kan dei drøye litt tid.
90+2'
Nære på! Det er tøffe duellar i boksa, og Lloris får berre boksa ballen nokre meter ut. Lambert prøvar seg på ein halvvolley, men kula sprett i bakken og over mål.
90+1'
Det blir lagt til heile fem minutt denne kampen.
90+1'
Lambert har både tid og rom til å slå innlegg, men treff elendig og Lloris får utspelet.
90'
Chadli går og går med ballen, men må til slutt sjå ein spelar i raudt overta den.
89'
Hooiveld vinn ein duell i boksa, men headinga går utanfor. Lloris hadde god kontroll på den.
88'
Saints pressar no.
88'
Ramirez slår inn i boksa. Lloris boksar unna.
88'
Lallana får eit relativt billeg frispark i det som er ein god innleggsposisjon for Saints.
87'
Emmanuel Adebayor har dermed fire minutt tillegg på å orde sitt første hattrick i Tottenham-drakta.
85'
Lovren prøvar seg med eit skot frå veldig langt hald. Det endar himmelhøgt over.
84'
Rose kjem til innlegg frå venstre igjen, men heimelaget får klarert.
83'
31.455 tilskodarar på St. Mary's i dag.
83'
Spurs står framleis høgt med laget sitt og jaktar fleire scoringar.
82'
Nære på for Saints! Heimedebutant Sam Gallagher blir spelt fri, men han får ikkje skikkeleg klem på avslutninga og Lloris kan redde greitt.
81'
Sjølv om Spurs framleis leiar, er det vanskeleg å spå korleis dette vil ende. Her kan det fort kome mål begge vegar.
80'
Bortelaget prøvar å slå inn i boksa. Ward-Prowse får gitt til corner.
78'
Lallane blir spelt fri, men Lloris kjem kjapt ut og får stoppa forsøket. Brukbar moglegheit, det.
77'
Tim Sherwood ligg altså an til å lukkast i sin først kamp som vikarmanager i Premier League. Det bør også vere ein grei ting å ha på CV-en når ein fast manager skal ansettast.
76'
Vi må for øvrig tilbake til 21. april for å finne førre gong Tottenham scora tre mål eller meir i ein ligakamp. Den gongen skjedde det mot Manchester City, som blei slått 3-1.
75'
Ballen blir slått inn, og Lloris boksar den unna.
74'
Walker lagar frispark til Southampton nede ved dødlinja. Det skal slåast inn i boksa.
74'
Fox lembar ballen inn i boksa, men treff berre ein motspelar. Heimefansen ropar på straffe, men domar Foy vinkar spelet vidare.
72'
Nære på for Spurs igjen! Adebayor krigar og sørgjar for at Chadli får ballen. Belgiaren prøvar seg på direkten, men skotet skrur utanfor buret til Gazzanega. No må snart Southampton-forsvaret vakne, elles blir denne kampen avgjort.
71'
Etter ein relativt roleg førsteomgang har det teke fullstendig av her etter kvilen. Tre mål har vi allereie fått, og det neste ligg defintivt i lufta!
70'
Soldado igjen! Spanjolen kjem til endå ein sjanse, men frå spiss vinkel set han kula berre i nettveggen. Like greitt, ettersom han nok burde ha blitt avvinka for offside der.
70'
Nesten for Spurs igjen! No er det berre Tottenham her. Chadli slår inn foran mål, men Soldado klarer ikkje å få putta ballen i mål frå kort hald. Han mangla Adebayor si rekkjevidde, der.
69'
Tottenham har dermed scora tre mål i ein ligakamp for første gong denne sesongen. Og kven hadde trudd at det skulle vere utskjelte Emmanuel Adebayor som skulle sørgje for at den negative statistikken skille bli brote?
66'
Nære på at Spurs doblar leiinga! Soldado blir spelt fri, men fri spiss vinkel set han kula utanfor Gazzanega sin høgre stolpe. No lev Southampton farleg her!
62'
Nære på for Spurs! Adebayor er plutseleg åleine med Gazzaniga, men keeperen kjem raskt ut og får blokkert avslutninga frå Tottenham-spissen. Det siste målet i denne kampen har definitivt ikkje kome!
59'
Tottenham, som har slitt med å score mål gjennom heile sesongen, er altså meget effektive i dag. To sjansar har nemleg resultert i to scoringar!
50'
Det må byttast.
50'
Dembele har fått problem igjen og må få behandling av Spurs sitt medisinske personell.
49'
Adebayor prøvar å leggje inn i Saints si boks. Blir klarert.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Det står 1-1 til pause på St Mary's etter ein småartig førsteomgang. Begge laga har vore angrepsvilige, men det har ikkje vore altfor mange sjansar å spore. På dei forsøka som har dukka og har dei derimot vore effektive, noko som har resultert i to scoringar. Lallana ordna 1-0 på eit flott plassert skot, før spissduoen Soldado og Adebayor stod bal utlikninga til 1-1. Adebayor viste god teknikk i det han ekspederte eit godt innlegg frå Soldado i mål. Vi håpar på endå fleire mål etter kvilen!
Slutt 1. omgang Pause (1-1)
45+3'
Nesten at Southampton får tråkla seg fri. Lloris er imidlertid vaken og kjem ut og snappar kula framføre beina på Lallana.
45+1'
Det blir lagt til minimum tre minutt denne omgangen. Skadene på Adebayor og Dembele er grunnen til det.
45+1'
Lallana prøvar å runde Walker, men Englands-backen går sigrande ut av duellen i det Spurs får tilkjent eit utspark.
45'
Chambers kjem seg fri frå Rose og stormar mot Spurs sitt mål. Assistentdomaren meinar imidlertid at ballen har vore utanfor bana, og vinkar for kast til bortelaget.
43'
Walker prøvar å slå inn frå høgre. Blir blokkert til innkast.
41'
Heimelaget står høgt og prøvar å vinne kula, men så langt har Spurs klart å unngå i misse den i farlege område.
39'
Eriksen går for skot på frisparket, men sender det svakt rett i muren.
39'
Dembele blir felt og Spurs får frispark i grei innleggsposisjon. Belgiaren får litt behandling, men kjem seg på beina til slutt.
38'
Fin flyt i angrepa til Spurs no. Det går fort og på få touch.
37'
Det blir avvinka for offside i begge endar no. Tydeleg at både Southampton og Tottenham er lystne på fleire mål her!
35'
Tottenham pressar no. Et bra angrep blir rulla opp, men avslutninga frå Sigurdsson blir blokkert og endar med corner.
33'
Blir teke kort og dei raude prøvar å slå inn i boksa. Spurs får ordna opp.
32'
Det endar med at Lovren blir felt, og heimelaget får endå eit frispark.
32'
Frispark til Southampton halvvegs inne på Spurs sin halvdel.
31'
Bortelaget vinn ballen høgt i bana, men pasninga frå Eriksen blir snappa opp av Saints-forsvaret.
31'
Adebayor haltar ut mot sidelinja. Veldig synd for Spurs om han må ut, for spissparet deira verkar å ha funne tonen. Jermaine Defoe har uansett byrja å varme opp på sidelinja. Adebayor kjem til slutt ut att på grasmatta.
29'
Målscorar Adebayor site nede på graset og ser ut til å slite med kneet.
24'
Stor sjanse for Saints! Heimelaget kontrar og Rodriguez får ballen i bra posisjon. Han avsluttar på direkten, men forsøket skrur over mål.
22'
Frispark til Spurs. Blir teke kort. Endar med corner.
21'
Dembele tråklar seg fri og prøvar å tre igjennom til ein medspelar, men forsøket blir blokkert. Mykje nesten for Spurs hittil i kampen.
19'
Lamela prøvar å drage seg innover, men argentinaren blir for ubesluttsam og det endar med ingenting.
16'
Vi spådde fleire scoringar i denne kampen, og no har vi fått den første, allereie etter 13 minutt, og det på den første sjansen vi har sett så langt også. Dette lovar godt!
11'
Bra spel av Spurs. Soldado bankar ballen inn foran mål, og Adebayor er ikkje langt unna å få ei tå på kula. Corner.
10'
Heimelaget prøvar å rulle opp eit angrep ved å bruke få berøringar, men ei for hard pasning mot Rodriguez øydelegg det heile.
8'
Etter at Spurs yppa seg dei første minutta er det no heimelaget som har initiativet.
8'
TV2 skriv på sine nettsider i dag at Tottenham har hatt vikarmanager i klubben seks gongar i Premier League si historie. David Pleat og Chris Hughton er blant dei som har fått prøve seg, og den totale statistikken har ei overvekt av tap for vikarane.
4'
Spurs prøvar å slå i bakrom, men Gazzaniga kjem raskt ut og får klarert.
4'
Lambert vel å gå for skot sjølv om det er veldig langt hald. Forsøket går rett på Lloris.
3'
Frispark til heimelaget i grei innleggsposisjon.
1'
Spurs sparkar i gong dei første 45.
Avspark Start 1. omgang
Begge laga stiller offensivt i dag, og forhåpentlegvis vil denne kampen by på fleire scoringar. Spurs har rett nok slitt mykje framføre motstandarane sine mål så langt i sesongen, men ein gong må no det losne!
Dagens domar er Chris Foy.
Heimelaget må klare seg utan Clyne, Boruc og Wanyama og Osvaldo til denne kampen. Spurs må unnvere Paulinho (suspendert), Townsend, Kaboul og Vertonghen.
Laga har møttest 28 gongar i Premier League si historie. Statistikken på desse er 10-5-13. Førre sesong var Spurs best og vann begge oppgjera mot Southampton.
Før denne kampen ligg Southampton på 9. plass med 24 poeng 6-6-4 så langt. Tottenham befinn seg på plassen over med 27 poeng etter 8-3-5.
Ein av dei som har blitt føreslått som sjeff på White Hart Lane, er Southampton sin manager Mauricio Pochettino. Han burde uansett ha nok av utfordringar å bryne seg på i sin noverande klubb, ettersom dei no har spelt fem kampar utan siger. Dermed kan vi nok konkludere med at begge laga svært gjerne vil vinne her i dag, og det er jo som kjent eit godt utgangspunkt for ein bra fotballkamp.
Medan leiinga i London-klubben leitar etter ein erstattar for Villas-Boas, har tidlegare trenar og spelar i klubben, Tim Sherwood, teke på seg rolla som vikar. Sherwood ikledde seg den kvite drakta frå 1999-2003 og fekk med seg 93 kampar og 12 mål. Han hadde også ei rolle som trenar under Harry Redknapp frå 2008 av. Den tidlegare Blackburn-kapteinen hadde ansvaret også i midtveka, då Spurs rauk ut av Carling Cup mot nabo West Ham.
Det er duka for eit interessant oppgjer på St. Mary's Stadium i dag. Tottenham er inne i ei meget turbulent periode, og etter ei rekkje med svake og oppsiktsvekkjande resultat, deriblant 0-6 for Manchester City og 0-5 for Liverpool, måtte manager André Villas-Boas forlate klubben. Det skjedde den 16. desember.
Hei og velkomen til livedekning av Premier League-oppgjeret mellom Southampton og Tottenham!





