Referat
Kun høydepunkter
Oppsummering
'Football is a game of two halves' blir det sagt, og det er også ei rett skildring av kampen i dag. Southampton dominerte i 1. omgang og skapte ein drøss med sjansar, medan Everton gjorde det same etter kvilen. Noko anna laga hadde felles var at ingen av dei makta å omsetje dei store moglegheitene i mål. 0-0-kampar høyrest i utangspunktet keisamt ut, men dette var ikkje tilfellet i dag. Takk for følgjet!
Kamp slutt Slutt (0-0)
90+3'
Mirallas prøvar seg frå distanse. Boruc ligg nede og ventar på skotet.
90+2'
Innkast høgt i bana for heimelaget. Liten tvil om at det er dei som vil mest.
90+1'
Det blir lagt til minimum fire minutt her.
90+1'
De Ridder blir lagt i bakken. Frispark midt på bana for heimelaget.
90'
Heimelaget har ballen no.
88'
Lambert vinn endå ein corner. Skal Southampton klare det heilt på tampen?
86'
Press frå heimelaget. Endar i eit hjørnespark.
85'
Lite som blir skapt her no.
81'
Mirallas og Distin (!) prøvar å dra i gong ei kontring, men det blir for unøyaktig og heimelaget kan ta over.
78'
Rodriguez prøvar å finne ein lagkamerat i boksa med ei heading, men ballen endar i staden berre opp hos Howard.
75'
Rett og slett vanvittig at det står 0-0 i denne kampen. Begge lag har hatt ein drøss med store sjansar kvar.
74'
Nok ein stor sjanse for Everton! Anichebe finn Mirallas som vendar kjapt opp og avsluttar like utanfor frå bra posisjon.
73'
28.359 tilskodarar på St Mary's Stadium i dag.
70'
Stor sjanse for Everton igjen! Southampton-forsvaret er ikkje akkurat snorrett, og Anichebe unngår lett offsiden. Innbytaren avsluttar hardt, men Boruc vartar opp med ei bra redning.
68'
Southampton med ein glimrande overgangssjanse, men Lambert øydelegg det heile med ei elendig pasning som aldri når fram til Puncheon.
66'
Baines får to innleggsforsøk, men venstrebacken bommar på begge.
65'
Rollene har blitt snudd om etter kvilen. No er det Everton som styrer oppgjeret og skapar sjansar. Southampton har fått lite til offensivt dei siste 20 minutta.
61'
For ein bom! Anichebe spring seg nydeleg fri og legg inn framføre mål der Jelavic regelrett bommar på ballen frå kort hald. Der skal det vere mål!
61'
Puncheon set fart og går i bakken. Domaren let spelet gå.
60'
Anichebe slår farleg inn frå venstre. Heimelaget får klarert.
60'
Det er Everton som køyrer kampen på St Mary's no!
58'
Baines slår inn frå venstre, og bortelaget får ein corner.
57'
'There's only one Nigel Adkins' blir det sunge frå heimefansen! Det spørs om ikkje ein eventuell siger til heimelaget her i dag vil bøte litt på såret.
56'
Det ser ut til at Moyes gjer klar Anichebe. Då må det nokre omrokkeringar til på bortelaget.
55'
Seamus Coleman sit nede med det som ser ut til å vere ein strekk.
54'
Luke Shaw stormar fram frå venstrebackposisjonen sin og vinn ein corner.
51'
Stor sjanse for Everton! Coleman chippar inn framføre mål, og frå kort hald set Fellaini avslutninga rett på Boruc. Corner.
51'
Ramirez set fart og prøvar å gjere ting på eiga hand. Blir enkelt stoppa av Everton sitt midtforsvar.
50'
Jos Hooiveld ser ut til å slite med ei skade. Må Mauricio Pochettino gjere eit tidleg innbyte?
47'
Fellaini slår inn, men heimelaget får klarert.
46'
Everton sparkar i gong dei siste 45.
Start 2. omgang Start 2. omgang
No står laga klare att.
Det har berre vore eitt lagt på bana denne omgangen. Southampton har regelrett køyrt over Everton og skapt ein haug med store sjansar, men så langt har Saints ikkje makta å omsetje dei i scoringar. Vi tel 8-0 i store sjansar. Nyansatte Mauricio Pochettino er nok nøgd med det laget hans har vist så langt, men samtidig er det urovekkjande at det berre står 0-0. Er det i staden David Moyes og Everton som skal dra dette i land?
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
45+1'
Det blir lagt til minimum eitt minutt denne omgangen.
43'
Nok ein stor sjanse for Saints! Puncheon slår presist inn frå venstre, og Lambert får stige til vers og heade fritt på mål, men forsøket går utanfor. For nokre sjansar Southampton har hatt!
41'
Jelavic og Naismith forsøkar ein vegg, men pasninga frå førstnemnde blir for upresis.
40'
Rett og slett vanvittig at ikkje Southampton leiar denne kampen! Dei har vore best i alt, og skapt ein drøss med store sjansar.
38'
Nok ein kjempesjanse! Hooiveld får ta ned kula inne i boksa og avsluttar hardt på mål - rett på Howard!
38'
Redning på strek! Lambert kjem til avslutning på corneren, men eit Everton-bein stoppar forsøket på streken. Baines er det som reddar laget sitt.
37'
Nok ein bra sjanse for heimelaget! Ramirez avsluttar frå litt skrå vinkel, men Howard er på pletten igjen. Corner.
37'
Bra press frå heimelaget no. Lambert går ned inne i Everton si boks, men spelet blir vinka vidare også no. Kan sjå ut som om spissen har eit poeng når han ropar på straffe!
34'
Store protestar på fleire avgjersler frå Swarbrick. Domaren er ikkje alltid konsekvent.
32'
Frispark for heimelaget. Ballen blir slått inn på bakerste stolpe, der Yoshida går i bakken etter ein liten dytt frå Distin. Domar Swarbrick gjer rett i å la den passere.
31'
Everton med eit halvhjarta forsøk på ei kontring. Heimelaget vinn ballen kjapt tilbake.
27'
Nok ein bra sjanse for Southampton! Lambert rundlurar Jagielka og avsluttar frå skrå vinkel, men keeper Howard er nok ein gong på plass og stoppar skotet. Amerikanaren har teke alt så langt i kampen!
26'
Everton meir med i kampen no.
24'
Neville skal kaste langt. Fellaini tek over kula.
23'
Rett i klypene til Boruc.
23'
Baines med frispark.
22'
Fint forsøk for Everton. Naismith avsluttar på ei klarering frå heimelaget, men han får lite kraft i skotet og Boruc har ein enkel jobb med å stoppe det.
20'
Ei kanonredning frå Howard! Lambert tek fart og avsluttar nydeleg på frisparket, som er frå langt hald. Howard er ute i full strekk og gjer ei veldig god redning. No hadde Southampton fortent eit mål her!
20'
Ramirez blir teke bakfrå. Frispark i fin innleggsposisjon for heimelaget.
18'
Baines skyt via ein motspelar og til corner. Everton sin første.
15'
Southampton held fram med trykket.
13'
Bra sjanse for heimelaget igjen! Ramirez skyt via ein motspel og Howard må ut i full strekk. Kan sjå ut som om den hadde gått utanfor. Corner blir det i alle fall.
13'
Fleire tøffe taklingar på rad, frå begge lag. Domar Swarbrick har vald å leggje lista høgt.
12'
Everton har for øvrig berre vunne to av sine 13 Premier Leauge-kampar borte mot Southampton. Samtidig har Everton sin største Premier League-siger kome mot nettopp dagens motstandar. I 1996 vann dei 7-1, blant anna etter eit hattrick av no avdøde Gary Speed.
9'
Liten tvil om at det er Southampton som har kome best i gong på St Mary's!
4'
Nære på! Heimelaget på ei flott kontring, og Jagielka endar opp med å skli ballen like utanfor eige bur på det harde innlegget frå Lambert. Der var Howard fullstendig utspelt!
4'
Lambert feller Jagielka i ein duell utanfor Everton si boks. Ein kamp i kampen, det!
3'
Endar opp på heimelaget sin halvdel, men Saints beheld kula.
2'
Shaw vinn innkast høgt i bana.
2'
Bortelaget med frispark midt på bana. Blir slått opp i Southampton si boks, men heimelaget får ordna opp.
1'
Everton tek over kula.
1'
Heimelaget sparkar i gong oppgjeret.
Avspark Start 1. omgang
Mange plakatar og t-skjorter til ære for avsette Nigel Adkins blant heimefansen. Han vil nok ikkje gå inn i gløymeboka med det første!
Dagens domar er Neil Swarbrick. Han er 47 år gamal og kjem frå Preston i Lancashire. Premier League-domar har han vore sidan 2011.
David Moyes må unnvere Darron Gibson og Tony Hibbert, medan Johnny Heitinga, Phil Neville og Kevin Mirallas alle har blitt klare til ein plass i troppa til dagens kamp.
Managerdebutant Pochettino må klare seg utan Adam Lallana og Jose Fonte i dag, i tillegg til at Vegard Forren heller ikkje er med i troppa i dag.
Everton har gjort det betre i det siste, med berre eitt tap på dei 10 siste ligakampane. På dei seks siste i ligaen har det blitt 3-1-2. På framandt gras har laget til manager David Moyes solide 4-5-2. Det er faktisk heimeforma som har sørgja for at Liverpool-laget ikkje befinn seg endå nærare toppen.
Southampton er i ok form om dagen, og faktisk står Saints utan tap på dei fem siste kampane i Premier League. Lagets problem er derimot at dei også sjeldan vinn, noko fire uavgjort på dei fem siste vitnar om. Heime på St Mary's Stadium har laget 3-4-4.
Everton ligg oppe på 5. plass etter ein meget god sesong hittil, anført av ein strålande Marouane Fellaini. Belgiaren står med åtte mål og fire målgivande så langt i sesongen. Etter 22 spelte kampar har The Toffees 9-10-3 og 37 poeng. Avstanden opp til Tottenham på den siste Champions League-plassen er på fire poeng.
Det er som kjent botn mot topp i dag, og dei tre poenga er viktige for begge laga. Southampton ligg før denne kampen på 15. plass med 5-7-10 og 22 poeng hittil etter 22 kampar. Avstanden til to av laga under nedrykksstreken er på berre tre poeng.
Vegard Forren har også som kjent blitt klar for klubben, men det er no bekrefta at han IKKJE debuterer i dag. Han er hverken å finne i startoppstillinga eller på benken. Dermed må den 24 år gamle trønderen vente til tidlegast 30. januar før han vil få sin debut, og i den kampen er det ingen ringare enn Manchester United som står på motsett halvdel.
Nyinnhenta Mauricio Pochettino var tidlegare manager i spanske Espanyol. Den jobben hadde han frå januar 2009 til november 2012. På dei 161 kampane han leia laget blei statistikken 53-38-70. Som midtstoppar i si aktive karriere som fotballspelar var han innom lag som Newell's Old Boys, Espanyol og Paris St Germain.
Mykje har skjedd hos heimelaget sidan førre runde, og det mest oppsiktsvekkjande har vore at manager Nigel Adkins har fått sparken og argentinaren Mauricio Pochettino har blitt henta inn som erstattar. Avskjeden til Adkins, som var i Southampton i 27 månadar, og på den tida blant anna førte laget tilbake til Premier League, vekte forbløffing og også sinne blant fleire, inkludert vår eigen Claus Lundekvam, som sa seg forbanna over sparkinga. Dermed skaffa allereie den allereie kontroversielle klubbformannen Nicola Cortese endå fleire uvener.
Hei og velkomen til livedekning av Premier League-oppgjeret mellom Southampton og Everton!



