Referat

Kun høydepunkter

Oppsummering

Kamp slutt Slutt (1-0)
90+5'
Heimefansen pip, og vil ha kampen over.
90+4'
Dommaren ser på klokka.
90+3'
Gult kort
Vinn brytekamp mot Mane = gult kort.
90+2'
Hjørnespark
Puncheon får ballen tilbake, og dreg av ein mann før han skyt. Utanfor.
90+2'
Palace stormar i angrep, og legg inn frå høgre. Yoshida blokkerer, og ballen går to meter til side for målet. Nesten sjølvmål der, men blir corner.
90+1'
Det er lagt til minimum fire minutt.
89'
Palace som jaktar 1-1, men klokka tikkar ikkje gjestene sin veg.
86'
Frispark i fin posisjon for Palace. Ufarleg, ettersom Gayle smell ballen over frå skrått hald.
85'
Southampton-fansen i meget godt humør, og ser at laget har tre poeng i lomma.
83'
Spillerbytte
82'
Mål!
1-0
Der sit 1-0! Innbytar Ward-Prowse skyt frå 20 meter, og keeper må gi retur. Der er Mane på rett plass, og vippar ballen elegant over Speroni i Palace-målet.
81'
Vi er inne i det siste ti minuttane. Kven har mest krefter att?
80'
Hjørnespark
Blir avklart.
79'
McArthur ladar skotfoten på 20 meter, men tre(!) Southampton-spelarar kastar seg inn for å blokkere skotet.
77'
Spillerbytte
77'
Tadic står ved ballen. Han skyt - like over!
77'
Nytt Southampton-frispark. Denne gongen i betre posisjon enn for nokre minutt sidan.
76'
Palace kan kontre, men angrip berre med fire mann. Tek ikkje så stor risiko, og ser nøgde ut med 0-0.
74'
Southampton får frispark godt inne på Palace sin banehalvdel. Innbytar Tadic slår godt inn med venstrefoten, men Palace får ballen unna.
72'
Bolasie går i bakken inne i feltet, men dommaren vinkar spelet vidare.
71'
Spillerbytte
70'
Hjørnespark
Kjempesjanse! Pelle stussar vidare, og Yoshida er berre centimenter unna å sette ballen i mål.
69'
Southampton stormar i angrep, og det er Djuricic som er mannen bak. Han leverer ut til Tadic. Han dreg seg inn i feltet, men avslutninga er ikkje like god som førearbeidet.
67'
Oppgjeret har roa seg litt dei siste minuttane.
65'
Bolasie kjempar heroisk, og vinn ballen høgt oppe i bana. Medspelarane klarar ikkje å utnytte det, og heimelaget får kontroll.
63'
Meir fart på dei første 15 minuttane her, enn dei heile 1. omgang. Likevel ventar vi på dei første jubelscenene.
60'
Hjørnespark
Ufarleg.
59'
Spillerbytte
59'
Tadic skal inn for heimelaget.
57'
No er det gjestene som har tatt grep om kampen, og jaktar nettkjenning! Tek dei fire bortesigrar på rad? Det kan skje!
55'
To kjempesjansar på under 20 sekund! Først er det Bolasie som dreg seg fri og skyt frå 16 meter, og keeper må gi retur. Palace vinn tilbake ballen på 20 meter, og denne gongen er det Zaha som klinkar til. Ballen fyk i stolpen!
55'
Delaney får seg ein smell, og småhinkar ut av bana. Mest truleg er han snart på plass i midtforsvaret igjen.
53'
Southampton er gjerrige bakover, noko dei 20 baklengsmåla på 28 kampar er eit godt bevis på. Det er best av alle laga i divisjonen.
52'
Hjørnespark
Svak corner, og gjestene overtek.
51'
Hjørnespark
Får ny corner.
50'
Gayle med tøff takling, men den er klokkerein - og dermed er innkast det neste som skjer i kampen.
50'
Begge lag har sendt fleire spelarar i oppvarming.
49'
Frisk start på dei første minuttane etter kvilen.
48'
Fin sjanse for Palace! Puncheon får ballen inne i sekstenmeteren, vender og skyt - keeper reddar!
47'
Ingen av laga har gjort byter i pausen.
46'
Palace tek avspark. Vi er i gang!
Start 2. omgang Start 2. omgang
Då er første omgang historie. Southampton har hatt ballen klart mest, og laga har hatt ein sjanse kvar. Ingen av laga tek særleg stor risiko framover, og 'første målet vinn' kan vel ikkje passe betre enn til slike fotballkampar. Vi håpar på ein fartsfylt andre omgang. Følg med!
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
45+1'
Det er lagt til minimum eitt minutt.
44'
Nærmar oss pause, og det går mot ein mållaus omgang.
41'
Der får vi endeleg kampens første store sjanse! Elia skyt frå 12 meter, keeper må gi retur. Der er Pelle på rett plass, men han avsluttar utanfor frå kort hald! Er hardt pressa der, Southampton-spissen - og det er årsaka at ballen trillar utanfor.
40'
Hjørnespark
39'
Ingen stor fotballkamp så langt. Leiter framleis etter den første store sjansen!
36'
Oj oj! Palace er nære scoring, men dei må ha hjelp av keeper Forster for å skape kampens største sjanse. Innlegg frå venstre som sisteskansen skal ha god kontroll på, men kula glir av hanskane, og Zaha er nære på å få tåa inn 1-0. Heimelaget slepp med skrekken.
35'
Zaha med avslutning på hovudet frå 6 meter, men det er så lite kraft bak hovudstøtet at keeper Forster ikkje treng å bruke hendene for å redde forsøket.
34'
Berre Chelsea har færre baklengsmål på heimebane enn Southampton så langt denne sesongen. Og når i tillegg vertene ikkje scorar mål for tida, kan det bli målfattig i kveld.
32'
Luktar litt 0-0, dette.
30'
Gult kort
Grunna holding i trøya. Grei den.
30'
Hjørnespark
Skotforsøk frå 20 meter blir blokkert.
29'
Sjansefattig omgang så langt.
28'
Hjørnespark
Går bak mål.
28'
Palace prøver seg, og Gayle blir lagt i bakken på sekstemeterstreken. Dommaren ser ikkje det samme som Palace-fansen, og vinkar spelet vidare.
26'
Southampton med bra trøkk inne i boksen, og ein kan telje fem spelarar inne i sekstenmeteren. Men Mane klarar ikkje å finne nokon av medspelarane.
24'
Hjørnespark
Palace får avklart, men Southampton held ballen i laget.
24'
Framleis vertene som har mest ball, og er nærmast 1-0 for augneblinken.
22'
Hjørnespark
Gjestene får ballen unna.
22'
Innøvd frispark-variant utan hell. Får likevel godt betalt, gjennom ein corner.
21'
Frispark i fin posisjon for Southampton. Kelly får problem når Mane utfordrar.
19'
Ser ut som Palace er nøgd med kampbildet så langt, sjølv om dei har lite ball og skaper lite sjanser. Prøver å ligge kompakt med 11 mann langt inne på eigen banehalvdel.
16'
Palace prøver seg for andre gong i kampen, denne gongen går innlegget rett i klypene til keeper.
15'
Tøffingen Ledley viser muskler på midten, men får frispark imot.
14'
Southampton trillar ball, slik dei har gjort store deler av kampen så langt.
12'
Djuricic klinkar til frå 20 meter. Over! Kampens første halvsjanse blir notert til heimelaget.
11'
Southampton har altså ikkje scora på heimebane sidan 1. januar. Heimefansen lengter etter nettkjenning igjen!
9'
Gjestene har hatt litt meir ball dei siste perioden, etter at heimelaget styrte alt i starten av oppgjeret.
8'
Zaha og Palace i angrep for første gong. Innlegget blir blokkert.
8'
Dann tek fart, og bestemmer seg for sklitakling mange sekundar i førevegen. Han rekk akkurat fram i tida, før Mane skal touche ballen. Blir innkast.
5'
Hjørnespark
Elia får etterkvart ballen på 25 meter, men smell den omlag 25 meter over målet. Svakt forsøk.
4'
Mane blir lagt i bakken, og får frispark i duellen med McArthur.
3'
Roleg opning dei første minuttane. Heimelaget trillar ball.
2'
Pellè er Southampton sin toppscorar med åtte mål så langt, men er inne i ein tung måltørke - saman med resten av laget.
1'
Heimelaget tek avspark.
Avspark Start 1. omgang
Laga på veg ut på bana!
Då er lagopstillingane klare, og dei viser at vår norske venn Brede Hangeland er på benken frå start i kveld. Sist gong veteranen med 230 Premier League-kamper var på bana, var i 1-1 møtet mot Newcastle 11. februar.
Martin Atkinson er dommar i denne kampen.
Heimelaget må klare seg utan Jay Rodriguez og Emmanuel Mayuka i kveldens oppgjer, medan gjestene har Jonathan Williams, Jerome Thomas, Frazer Campbell, Marouane Chamakh og Yaya Sanogo på skadelista. I tillegg soner Glenn Murray karantene.
Medan gjestene er i god borteform, er Southampton eit svært vrient lag å slå å heimebane. På laget sine 14 heimekampar, har det berre blitt 10 baklengsmål - noko som er nest færrast av alle laga i Premier League. Rett nok har det butta litt imot siste tre heimekampane, og vi må tilbake til 1.januar for å finne sist siger på St. Mary's Stadium. Den gongen vann 2-0 over Arsenal.
Crystal Palace kjem på besøk med ein imponerande borteform siste perioden. På dei siste åtte bortekampane har laget berre tapt ein gong. Og på dei siste tre kampane har det blitt tippeteikn B!
Hei, og velkommen til livedekning av oppgjeret Southampton - Crystal Palace frå St. Mary's Stadium!