Referat
Kun høydepunkter
Oppsummering
Der er det over på Fosshaugane! Sogndal skal spele kvalifisering til Eliteserien 2021! Alt i alt ein fortent siger sjølv om Ranheim styrte mykje i andre omgang. Heimelaget snudde kampen i den første omgangen etter at Ranheim tok leiinga ved Rønning. Nervane var i høgspenn på Fosshaugane før innbyttar Adams satte inn 3-1 ti minutt før slutt. Då var det nok fleire som hadde ei tåre augekroken for den unge spissen har hatt eit skademareritt utan sidestykke dei to siste sesongane og det å få avgjere denne kampen var nok stort. Sogndal møter då enten Start eller Mjøndalen til ein rein cupfinale om ein plass i Eliteserien neste år. Om eg ikkje hugsar heilt feil skal denne kampen spelast 28.desember i Oslo. Frå Fosshaugane Campus vil vi då takke for oss i 2020 og ynskje alle ei riktig god jul.
Kamp slutt Slutt (3-1)
90+4'
Heimepublikummet reiser seg og applauderer spelarane sine. No blir det oslotur for Sogndal og berre ein fattig siger unna Eliteserien 2021.
90+2'
Klarar ikkje å skape noko særleg Ranheim. Dette går nok mot sogndalsiger.
90+1'
Ranheim får tak i ballen, men klokka tikkar fort for trønderane no.
90+1'
Fire minutt tillegg.
90'
Litt tøying så var høgrebacken klar igjen.
90'
Eid nede med krampe og som vanlig i fotball må då kampen stoppast.
88'
Skal nok få godt med tillegg her også. Brukt god tid på alle faste situasjonar Sogndal så blir nok for 5 minutt.
87'
Ser ikkje ut som Rnaheim har noko sluttspurt, men no skal i alle fall Sørløkk inn.
86'
Adams har fått blod på tann og avsluttar frå 25 meter. Utafor.
85'
Så er Karlsen der, men headinga går utafor.
83'
Sju minutt igjen. No må du nok gjere nokre grep her Maalen. Har vore spelemesiig best denne omgangen Ranheim, men ikkje klart å skape noko særleg framfor mål.
80'
Nære på for Ranheim. Karlsen når nesten fram på eit innlegg.
80'
Då vert det hardt for Ranheim. Må svare kjapt no trønderane!
78'
Sogndal med ein god overgang, men Michael og Adams finn kvarandre ikkje.
75'
Kupen dunkar inn i duell med Barli og sisteskansa vert liggande.
74'
Brukar lang tid på alle dødballar her no heimelaget.
73'
Skot frå Totland som går via Heggem og utafor.
72'
Power-play frå Ranheim. Sogndal berre måkar ballen vekk kvar gong dei får den.
70'
Heilt klart Ranheim som har momentumet i kampen. Ser nervøse ut no sogndalspelarane.
70'
Godt innlegg av Erlien, men gjennom heile feltet. Nytt innlegg som Blakstad headar over.
67'
Eid blir spelt gjennom og avsluttar rett på Barli frå kort hald.
66'
Når får vi sjå helten frå Ranheimsfjæra 2017, Mikke Karlsen?
66'
Ranheim det førande laget her no. Sogndalspelarane ser litt nervøse ut når dei får ballen i beina.
65'
Frispark frå langt ute i banen som vert svinga inn for Ranheim. Ogbu stangar ut til kast.
62'
Kriging og kjemping om kvar einaste ball her no. Lite finspel, men det kan ein kanskje ikkje forvente.
59'
Kvande prøver seg frå 30 meter. Det er hardt, men det er også to til tre meter for høgt.
57'
Krossar til Eid som brenn til. God redning av Barli.
57'
Litt rotete og nervøs start på denne omgangen frå begge lag. Kanskje ikkje så rart når vi veit kva som står på spel.
56'
Oppe på beina igjen no Reginiussen.
54'
Ndour dundrar inn i ei takling på Reginiussen. Er på ball der spissen, men spørs om det ikkje skulle vært eit frispark på grunn av den krafta han set inn. Blir i alle fall liggande nede Ranheim sin kaptein.
52'
I muren frå Ndour.
51'
Frispark til Sogndal på 25 meter.
49'
Sogndal legg seg lågt i denne omgangen og Ranheim får trille ball.
48'
Ranheim prøver seg med eit innlegg, men der er Fij og fangar.
47'
Vi skal sjølvsagt ikkje sjå bort frå ekstraomgangar og då vert det 30 minutt til.
46'
Sogndal med avspark og vi rullar i gang dei siste 45 minuttane for eitt av desse laga i årets sesong.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Sogndal leiar 2-1 til pause i ein underhaldande førsteomgang. Bortelaget tok leiinga etter eit glimrande angrep der Sollie Rønning fekk æra av å trilla ballen i mål. Sogndal styrte det meste i omgangen og slo tilbake med to scoringar. Først krangla Kupen inn 1-1 før Michael fekk æra av å sette ballen i mål etter eit glimrande angrep regisert spielführer Mannsverk. Like før 2-1 hadde Tønne ein god sjanse, men åleine med keeper satte han ballen utafor. Har fått sett reprisen no og Ogbu er heilt klart i ryggen på ranheimspissen så bortelaget vil nok føle seg snytt for ei straffe der kanskje. Vi ser uansett fram til ein spanande andreomgang her frå Fosshaugane Campus.
Slutt 1. omgang Pause (2-1)
45+1'
Sogndal held ballen i laget og dette ebbar nok ut med 2-1 til pause ser det ut som.
45+1'
Eitt minutt tillegg.
45'
Ser på reprisen her at det er Reginiussen som kakkar Mannsverk på elggen. Svakt å ikkje gi gult på den av dommar Amland.
44'
Rønning spring ned Mannsverk bakfrå. Rart at han ikkje får eit kort på den sjølv om det kanskje er eit uhell.
42'
Godt spel av Ranheim som kjem til innlegg, men Eid får klarert.
41'
Sjølv om Sogndal har produsert mest må det være surt for Ranheim som brente ein kjempesjans like før 2-1 scoringa kom. SKal bli spanade å sjå situasjonen i pausen for dei blåkledde ropte veldig ivrig på straffe der.
40'
Etter at Mannsverk vart kåra til ligaens beste spelar sa trenar Eirik Bakke at han var Noregs beste i sin posisjon. Så langt i denne kampen har den kommentaren vore godt innafor. Årdølen har strødd om seg med lissepasningar.
37'
Dei få gongene Ranheim får til sitt kombinasjonsspel offansivt er det vakkert å sjå på. Eitt mål til no og ikkje langt i frå endå eit til i denne situasjonen.
36'
Nydeleg spel av Ranheim og Tønne blir tredd gjennom. Avsluttar svakt til side for mål, men der er det ikkje langt frå straffespark for ranheimspissen vert heilt klart hindra.
34'
Sogndal bryt og Mannsverk får låne ballen litt. Slår ein glimrande ball på Ndour som stormar gjennom og skyt rett på Barli frå sekstenmeteren.
32'
Ranheim bryt og det ser ut som det er Lopez som skyt frå 20 meter. Uansett går skotet eit godt stykke over.
32'
Reginiussen føl Mannsverk for kvar meter han legg ned. Heilt klart at Ranheim fryktar ungguten som vart kåra eil OBOS-ligaens beste spelar denne sesongen.
29'
Komunikasjonsproblem mellom keeper og Totland gir nesten Erlien ein god sjanse, men backen får klarert til kast
28'
Ei veldig viktig uttlikning dette for heimelaget som var begynt å gå seg meir og meir fast i angrepsspelet sitt.
25'
Ranheim tvingar heimelaget til å slå meir langt og det er mat for store Rismark.
23'
Sogndal mest med ball framleis, men slit veldig i det oppbyggande spelet no.
17'
Vitmaininnsprøyting dette for Ranheim. Ser mykje tryggare ut med ball no.
17'
Kupen og Rismark i duell og sistnemnte går i bakken. Sogndalspissen svært frustert over frisparket Ranheim får.
16'
Vi kan vel trygt seie at dette var fullstendig mot spelets gang, men vel og merke eit flott mål av Ranheim.
11'
Ranheim får endelig litt tid med kula og får satt eit lite trykk på heimelaget, men innlegget som til slutt kjem blir klarert.
9'
Så er det Eid som testar skotfoten. Ein liten halvmeter utafor frå 18 meter.
8'
Ndour driv in i feltet og for til eit skot, men det går rett på Barli.
7'
Sogndal med eit stort trykk på Ranheim her i starten. Blåtrøyene slit med å få til noko offansvit og er samtidig livredde for sogningane sine overgangar.
5'
Enorm sjanse for Sogndal! Mannsverk med ein fantastisk pasning i bakrom på Eid. Han legg inn, men der er både Kupen og Michael 2 cm for seine til å sette ballen i mål.
3'
Eid legg hardt inn langs bakken, men ballen går rett gjennom sekstenmeteren.
3'
Sogndal med trykket her i innleiinga.
1'
Ranheim med avspark.
Avspark Start 1. omgang
4-5 grader og opphald akkurat no i Sogndal. Ikkje mykje julesteming, men gode forhold for fotball og i alle fall betre enn sist gong desse laga møttes i kvalikk på Fosshaugane. Då vart det målt heile 9 minusgrader og fotballen vart difor der etter. Vi ser fram til ein betre og ikkje minst varmare kamp i dag.
Då har vi laga klare og av store overraskelsar kan vi nemne at Ole Sæter ikkje spelar for Ranheim. Sannsynlegvis ei skade som set hat-trick helten frå kampen mot Åsane ut. For Sogndal er toppscorar Kristoffer Hoven vraka til fordel for Peter Godly Michael.
Kampstart så tidlig som kl 1300 på ein tirsdag i ein så viktig kamp har irritert mange supporterar som rett og slett ikkje får sett kampen grunna jobb. Då kan vi berolige dykk med at her får de full livedekning frå kl 12 då vi er tilbake med siste nytt om dei elleve utvalde som Bakke og Maalen har valt ut. Vel møtt!
Ranheim imponerte resultatmessig i 4-1 sigeren mot Åsane på laurdag. Trønderane har svinga litt i både prestasjonar og resultat den siste tida, men tek i alle fall med seg denne sigeren inn i denne kvalifiseringskampen. Heimlaget har vore ganske svake i det siste, men det har vore primært på bortebana. Heime på Fosshaugane står Sogndal med sterke 11-2-2 i år. Det tilsvarande oppgjeret i år enda 4-0 og sigeren kunne faktisk ha vore endå større. Vel og merke kom denne sigeren i heimelaget sin sterkaste periode denne sesongen og som tidlegare sagt har forma langt frå vore så god i det siste.
Sogndaltrenar Eirik Bakke var den gong særs lite nøgd med både klubben Ranheim og dei trønderske supporterane og ingenting ville nok smaka betre for Bakke enn ein revansje her i dag. Ranheimtrenar Maalen har nok heilt andre planar og ein ny sogndalskalp er nok ikkje å forakte for trønderane
Og for ein historie denne kampen har. For berre litt over 3 år sidan sendte Ranheim Sogndal ned frå Eliteserien då dei vann ein gysare av ein fotballkamp. Den gong gjekk kvalifiseringa over to kampar og etter 1-0 på Fosshaugane slo Ranheim tilbake og fekk kriga seg til 1-0 og straffesparkkonkurranse i Ranheimsfjæra. Der var dei blåkledde best og tok dermed steget opp i Eliteserien der dei heldt seg i to før nedrykket i fjor. Sogndal har sidan den tid spelt på den nest høgste nivået i Noreg.
Hei og velkomne til kvalifiseringskamp til Eliteserien frå Fosshaugane Campus. Ranheim og Sogndal skal krige om moglegheiten til å møte nr.14 i Eliteserien for å sikre seg ein plass på Noreg sitt øvste nivå i fotball.



