Referat

Kun høydepunkter

Oppsummering

Kamp slutt Slutt (3-2)
90+4'
Foster slår langt. Reading renskar unna.
90+4'
Reading-spelarar berre beinar ballen unna no. Kan West Bromwich klare å kome tilbake?
90+3'
Det blir lagt til minimum fire minutt her.
90+2'
Fantastisk stemning på Madjeski no, og det med god grunn. For ein snuoperasjon av Reading!
90+2'
Gult kort
Feira målet ved å dra av seg drakta, og blir dermed belønna med eit gult kort.
90'
Mål!
3-2
Det har skjedd! Frå 0-2 til 3-2 på ni minutt! Eit frispark blir lempa inn i boksa, og ballen blir stussa vidare til Pogrebnyak som kjempar den i mål. For ein kamp vi er vitne til her!
90'
Reading-spelarane har dårleg tid no. Liten tvil om at dei ynskjer alle dei tre poenga!
88'
Mål på straffe!
2-2
Innbyttar Le Fondre sender Foster til venstre og ballen til høgre. 2-2 på Madjeski! Kven hadde trudd dette for kort tid sidan?
87'
Straffe!
Kebe kjem seg inn i boksa og blir sparka overende av Olsson. Det ser korrekt ut!
87'
Kebe kjem seg inn i boksa og blir sparka overende av Olsson. Det ser korrekt ut!
87'
Reading kjem til mange innlegg, men dei slit stort i boksa mot West Bromwich sine solide stopparar.
86'
McCleary prøvar å slå inn, men forsøket blir blokkert.
85'
Meir liv i heimepublikummet også no!
85'
Det endar til slutt med at Guthrie får avslutta rett på Foster frå 18-19 meter.
84'
Harte skal slå nok eit frispark opp i bortelaget si boks.
81'
Mål!
1-2
Der kjem reduseringa! Eit innlegg blir sendt inn i boksa, og Kebe stangar ballen i nettet på bakerste stolpe. Då er det kamp igjen på Madjeski Stadium!
79'
Spillerbytte
79'
Hjørnespark
Endar med ei avslutning frå Thorne som blir blokkert.
79'
Lukaku avsluttar knallhardt igjen. Endar i corner.
77'
Kebe kjem seg laus og avlsuttar, men blir samtidig avvinka for eit frispark imot.
75'
Dobbeltsjanse for Reading! Både Kebe og Guthrie får avslutta frå fine posisjonar, men ingen av forsøka maktar å snike seg inn i buret.
74'
19 år gamle Romelu Lukaku har altså scora to, og hatt to avslutningar i metallet. Han har no gjort ni scoringar hittil i Premier League denne sesongen. Kan hende kjem Chelsea til å gjere låneopphaldet hans i West Bromwich meir kortvarig?
69'
Mål!
0-2
Der får Lukaku endeleg si andre scoring! Bortelaget kontrar, og Morrison finn Lukaku som set fart rett på mål. Avslutninga sender han i næraste hjørne. Fin scoring, men keeper Federici kunne ha gjort det betre der.
69'
Tverrleggarskot! James Morrison finn Lukaku nok ein gong, og ungguten hamrar til - rett i metallet. Federici var sjanselaus der.
67'
Hjørnespark
Hamnar farleg ned i feltet, men domar Friend bles frispark for stoppar Olsson.
66'
Hjørnespark
Går rett på mål, og Foster må fiste den til den tredje corneren på rappen.
66'
Hjørnespark
Lukaku gir endå ein corner.
65'
Spillerbytte
65'
Endå eit farleg innlegg frå heimelaget. Olsson headar ut til corner.
65'
Lang ball mot Lukaku. Endar berre opp inne hos Federici.
64'
Bortelaget med kontring. Lukaku og Morrison kombinerer nok ein gong bra, men når avslutninga frå Thorne kjem går den utanfor.
62'
Nære på igjen for Reading. Pogrebnyak kjem seg nesten heilt inn til stolpen og får lagt inn, men ingen i blått og kvitt får avslutta.
61'
Denne kampen har verkeleg opna seg opp no.
59'
Reading er på farta igjen, men innlegget frå McCleary går rett i armane til Foster.
57'
Avslutning i stolpen! Duoen Morrison og Lukaku er på farta igjen, og førstnemnde slår eit bra innlegg som Lukaku headar i stolpen. Den burde faktisk spissen ha klart å putte i målet, som var vidope.
57'
Ny giv i Reading-laget no!
55'
Hjørnespark
Foster misser ballen, men heimelaget får ikkje utnytta det.
55'
For ein sjanse for heimelaget! Kebe slår farleg inn frå høgre, og McCleary får stå heilt fri og avslutte på bakerste stolpe. Dei fleste trur nok det blir scoring, men Billy Jones vil det annleis og beinar ballen unna på streken.
54'
Harte står klar. Svakt slått, og bortelaget får nok ein gong stanga unna.
54'
Frispark til Reading i fin innleggsposisjon.
53'
Lite som stemmer for heimelaget når dei prøvar på noko. Dei har endå ikkje skapt ein bra sjanse denne kampen.
52'
Nære på nok ein gong at Morrison klarer å finne Lukaku i farleg posisjon. Eit Reading-bein kjem i vegen.
51'
West Bromwich har styrt kampen etter kvilen. Ein skulle nesten tru at Reading kom ut i hundre med tanke på situasjonen til laget.
50'
Daniel Carriço fekk altså berre spele ein omgang i sin debut for Reading. Forhåpentlegvis kan den 24 år gamle portugisaren vise seg betre fram ved eit anna høve.
49'
Morrison lempar til Lukaku som avsluttar i mål. Blir avvinka for ein soleklar offside.
46'
Hjørnespark
Reading får klarert etter litt fram og tilbake.
46'
Stor sjanse for bortelaget allereie! Heimelaget slit med å få klarert, og Lukaku får rive seg laus og avslutta. Ei god takling frå Mariappa forhindrar det forsøket i å gå på mål.
46'
Reading sparkar i gong dei siste 45 minutta.
Start 2. omgang Start 2. omgang
45'
Spillerbytte
Slutt 1. omgang Pause (0-1)
45+1'
Frispark til bortelaget i fin innleggsposisjon. Carriço er syndaren.
45+1'
Det blir lagt til minimum eitt minutt denne omgangen.
45'
Heimelaget vinn innkast langt inne på eigen halvdel. Dei blåkvite har knapt hatt ei avslutning denne omgangen.
44'
Lukaku slår inn frå høgre, men forbi alle.
44'
Høgrebacken har allereie gult kort, men slepp unna etter taklinga på McAnuff. Hadde domar Friend vore konsekvent hadde West Bromwich spelt med ti spelarar no!
42'
Billy Jones er i trøbbel!
42'
McAnuff skjer innover og legg inn, men ballen endar berre rett i hanskane til Foster.
40'
Reading med ein gyllen kontringssjanse. Thomas kjem seg fri høgt i bana, men øydelegg det heile med ei elendig berøring.
39'
Hjørnespark
Blir nok ein gong rydda unna.
39'
Lukaku slår farleg inn, og Gunter headar unna like framføre ein motspelar. Corner.
38'
Hjørnespark
Brunt får to innleggsforsøk, men The Royals får klarert ved begge tilfella.
38'
Ridgewell slår ut via Karacan. Corner.
37'
Det påfølgjande frisparket blir slått inn i boksa, men nok ein gong får bortelaget heada unna.
37'
Gult kort
Stoppar ein spelar som er på veg forbi han.
37'
Olsson og co får nok ein gong stanga unna. Bortelaget har vore solide i luftromet hittil.
36'
Frispark til heimelaget midt på bana. Det skal bli slått langt.
35'
Pogrebnyak vinn ein hovudduell men blir avblåst. Frustrasjon blant Reading-spelarane no.
32'
Heimelaget kjem til heading inne i boksa, men forsøket blir for laust og endar utanfor.
31'
Då er den første halvtimen unnagjort, og det er nok rett å konkludere med at West Bromwich leiar fortent. The Baggies har skapt dei største sjansane, og også hatt bra defensiv kontroll i oppgjeret. Reading må utan tvil opp nokre hakk om dei skal få noko ut av denne kampen.
29'
Lang og farleg ball mot Lukaku som har kome seg laus. Federici kjem ut og fangar kula framføre nasa på den innleigde Chelsea-spelaren.
27'
Lukaku og Morrison kombinerer bra igjen, men Carriço kjem i vegen og får stoppa angrepet.
26'
Hjørnespark
Foster er patent i feltet nok ein gong og fangar ballen i fast grep.
26'
Kebe kjem seg fri til høgre og slår inn, men den endar berre opp hos McAnuff som også prøvar å få ballen i boksa. Det endar i ein ny corner.
25'
Heimelaget held mykje på ballen no, men dei tilreisande frå West Midlands er kompakte bakover og har bra kontroll.
22'
Dette ser mørkt ut for Reading, som berre to av 10 heimekampar hittil i sesongen.
19'
Mål!
0-1
Der kjem scoringa! Ei langpasning blir slått mot Romelu Lukaku som finn James Morrison. Sistnemnde set fart langs venstresida, og når han slår inn framføre jobb har Lukaku kome seg i posisjon og kan enkelt putte frå kort hald. Flott spel av bortelaget!
18'
Nære på for bortelaget! Eit innlegg blir slått lavt og hardt inn frå høgre, og Morrison bankar til på direkten frå meget god posisjon. Federici gjer ei veldig god redning.
17'
Hjørnespark
Blir klarert. West Bromwich set fart.
17'
Farleg slått og Olsson stussar til nok eit hjørnespark.
17'
Frispark til Reading i fin innleggsposisjon. Guthrie står klar.
16'
Lukaku kjem seg åleine igjennom, men blir korrekt avvinka for offside. Det er nok ikkje lenge før The Baggies klarer å utnytte bakromet skikkeleg.
16'
Ballen blir slått inn i bortelaget si boks, men Foster stig til vêrs og fangar ballen lett.
15'
Tro kopi av førre duell, og denne gongen FÅR Pogrebnyak frispark.
14'
Pavel Pogrebnyak går i bakken rett utanfor bortelaget sitt sekstenmeter. Russaren får definitivt ein olboge i nakken, men Friend vel å ikkje døme frispark.
13'
Hjørnespark
Blir stanga unna. Heimelaget beheld kula.
13'
Kebe slår farleg inn frå høgre, men bortelaget får stussa til corner.
12'
West Bromwich har ballen litt meir no, og står dermed høgare i bana.
12'
Reading har for øvrig vore i bra defensiv form i det siste, med berre fire innsleppte på sinne fire siste kampar. På dei seks siste ligaoppgjera har dei 1-1-4.
8'
Jerome Thomas visar fram litt av teknikken sin og prøvar å slå inn, men forsøket blir blokkert.
6'
West Bromwich har prøvd å spele i bakrom ved eit par anledningar allereie, men hittil har det blåkvite forsvaret fått rydda bra unna.
5'
Heimelaget med innlegg frå høgre. Blir litt for hardt og ingen får gjort noko ut av det.
4'
Liten tvil om at heimelaget har vore friskast dei første minutta her.
4'
Hjørnespark
Endar i ingenting farleg.
3'
Skummelt frå heimelaget. Kebe blir spelt fri, men klarer ikkje å avslutte på ein utrusande Foster. Corner.
3'
Olsson får tilsnakk etter ei tøff takling på Pogrebnyak. Det hadde nok vorte eit gult kort seinare i kampen.
2'
Pavel Pogrebnyak jaktar ein lang ball, men bortelaget sitt forsvar får ordna opp.
1'
Då er vi i gong!
Avspark Start 1. omgang
Begge laga står klare på bana, og vi er kort tid unna kampstart!
Dagens domar er Kevin Friend.
Dagens oppgjer blir faktisk berre den andre gongen dei har møtt kvarandre i den øvste divisjonen. Førre gong enda det med 1-0 til West Bromwich.
West Bromwich må unnvere Zoltan Gera, som er ute resten av sesongen, i tillegg til Claudio Yacob. Youssouf Mulumbu er også borte på grunn av Afrikameisterskapet.
Reading-manager Brian McDermott har hittil henta inn Daniel Carrico og Hope Akpan hittil i dette overgangsvindauget, og førstnemnde gjer sin debut frå start medan Akpan startar oppgjeret på benken. På skadelista finn vi blant anna Jason Roberts, Hal Robson-Kanu og Mikele Leigertwood.
West Bromwich har på si side hatt ein langt betre sesong, og at The Baggies skulle ligge på 7. plass etter halvspelt sesong var nok noko dei fleste tvilte på på førehand. Etter 21 kampar har dei 33 poeng etter 10-3-8.
Reading er i desperat poengnaud, for etter 21 spelte kampar ligg dei heilt nedst på tabellen, med berre 13 poeng etter 2-7-12 hittil. Dei har fem poeng opp til trygg grunn.
Hei og velkomen til livdekning av Premier League-oppgjeret mellom Reading og West Bromwich!