Referat

Kun høydepunkter

Oppsummering

I neste runde ventar det ein tøff heimekamp mot Arsenal for Wigan, medan Norwich tek turen til The Hawthorns for å møte West Bromwich 22. desember. Takk for at du følgde kampen!
I neste runde ventar det ein tøff heimekamp mot Arsenal for Wigan, medan Norwich tek turen til The Hawthorns for å møte West Bromwich 22. desember. Takk for at du følgde kampen!
Då er dommar Lee Probert nøgd, og Norwich tek fortent tre poeng her på heimebane. Laget klatrar dermed opp på sjuandeplass på tabellen, medan Wigan framleis ligg under streken. Norwich hadde ballen klart mest, og utanom ein periode etter 1-1 målet, så var det heimelaget som var det beste laget.
Kamp slutt Slutt (2-1)
90+5'
Koné avsluttar frå ti meter, like utanfor! Dette var nok Wigan sin aller siste sjanse i kampen!
90+5'
Dommaren ser på klokka, og vi er fem minutt på overtid.
90+4'
Spillerbytte
90+4'
Hjørnespark
Keeper er oppe i feltet, men det hjelp ikkje. Norwich får kontroll.
90+4'
Koné avsluttar frå 16 meter, men får berre corner!
90+3'
Lang ball mot innbytar Howson, som er i løpsduell mot López. Midtstopparen får krampe, og haltar vidare, men Norwich-angriparen er ikkje like interessert i å utnytte sjansen. Wigan får etterkvart kontroll.
90+1'
Spillerbytte
90'
Fin sjanse for heimelaget! Snodgrass prøver å skru ballen i mål frå 14 meter, men kula går like utanfor.
89'
Ser ut som Norwich skal hale sigeren i land, og set dermed ny klubbrekord i tal kampar utan tap i Premier League - for andre helg på rad!
87'
Wigan flyttar fleire spelarar opp i angrep for å jakte 2-2, noko som betyr rom for Norwich på kontringar.
84'
Spillerbytte
83'
Nærmar seg slutten her no. Har Wigan noko å bidra med dei siste ti minutta?
82'
Hjørnespark
Keepermat.
81'
Nær 2-2! Innlegg frå venstrekanten, og Bassong er nære med å avklare ballen i eige bur! blir corner.
80'
Snodgrass går i bakken inne i feltet, men dommaren vinkar spelet vidare.
78'
Hjørnespark
Ufarlig.
76'
Hjørnespark
Wigan får kontroll.
75'
Kjempesjanse for Norwich! Pilkington får ballen inne i feltet, og skyt knallhardt frå åtte meter. Al-Habsi viser keeperspel av stor klasse, og held Wigan inne i kampen!
74'
Heimelaget held fram med å styre spelet.
73'
Gjestene har no gjort alle sine tre byter, medan heimelaget har alle sine att.
72'
Spillerbytte
71'
Hjørnespark
Kort variant - utan hell.
70'
Johnsen klinkar til frå 20 meter, og Al-Habsi må ut i full strekk for å redde skotet. Får corner.
69'
Frispark til Norwich på kanten. Snodgrass slår inn, men for upresist.
67'
Heimelaget går rett i angrep ved Tettey, men nordmannen har få pasningsalternativ. Angrepet stoppar opp.
66'
Ved første målet var det Hoolahan som var servitør på Pilkington sitt mål. No var rollene byta om, og samarbeidet fungerte nett like bra!
64'
Mål!
2-1
Norwich i føringa igjen! Pilkington køyrer karusell med Wigan-forsvaret, før han slår inn på hovudet til Hoolahan. Han stangar inn 2-1!
63'
Stor sjanse for Norwich! Snodgrass slår inn mot bakerste stolpe, og kaptein Holt klinkar til på heil volley. Like utanfor!
62'
Frisparket blir slått inn i feltet, men Wigan-forsvaret ryddar unna.
62'
Hoolahan viser fram teknikken sin på midten, og får frispark.
60'
Wigan fekk tydeleg håp om å ta med seg alle poenga, etter 1-1 scoringa tidleg i omgangen. For no er det gjestene som styrer spelet ute på grasmatta.
58'
Tettey får frispark imot seg, og både gulkledde spelarar og heimepublikum fortviler.
57'
Gult kort
Bassong med feilpasning på midten, og rettar det opp med ei knalltøff takling.
56'
No er det gjestene som trillar ball på eigen banehalvdel. Held resultatet seg slik, klatrar laget over nedrykkstreken i Premier League.
55'
Jamnare opning på andre omgang, enn det kampbildet som vi såg dei første 45 minutta.
53'
Viktig scoring for gjestene, som akkurat fekk den starten på andre omgang som dei ville.
51'
Mål!
1-1
For ei scoring! Koné legg ut til Maloney, som bankar ballen knallhardt i mål frå 16 meter!
50'
Maloney tek frisparket, men det går himmelhøgt over. Heimepublikum ler av forsøket til innbytaren.
49'
Frispark i god posisjon for Wigan, etter at Tettey er for tøff i ein duell.
47'
Hjørnespark
Al-Habsi boksar ut.
47'
Hjørnespark
Gjestene avklarar til ny corner.
47'
Fin sjanse for Norwich, og Al-Habsi må gi til corner.
46'
Spillerbytte
46'
Spillerbytte
46'
Norwich tek avspark.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Vi er straks klare for andre omgang.
Då går laga til pause på stillinga 1-0. Heilt fortent etter spel og sjansar. Gjestene har vore tafatte, og har berre produsert ein stor målsjanse i løpet av dei første 45 minuttane. Kampen er likevel på ingen måte avgjort, og Norwich treng ikkje hugse lenger enn sju dagar tilbake då dei slapp inn tre mål i andre omgang mot Swansea.
Slutt 1. omgang Pause (1-0)
45+3'
Heimelaget jobbar godt, og spelar med stor sjølvtillit.
45+2'
Stor strekk i Wigan-laget, og laget har ein jobb å gjere i pausen om det skal bli poeng med i bagasjen heim.
45'
Vi nærmar oss pause her på Carrow Road. Det er lagt til minimum tre minutt.
44'
Pilkington har vore god og mykje involvert på venstrekanten i dag, men denne gongen blir han stoppa effektivt.
42'
Boselli prøver seg, men avslutninga går rett på keeper.
41'
Gult kort
Takling på midten.
40'
Norwich har vore langt nærmare 2-0, enn det Wigan har vore 1-1.
38'
Stor sjanse for heimelaget! Snodgrass stangar eit innlegg mot mål, men Al-Habsi leverer ei flott redning!
37'
Innlegg frå venstrekanten, men avslutninga med pannebrasken frå Koné held ikkje Premier League-nivå.
36'
Johnsen får frispark imot seg, og midtbanekrigaren med gult frå før må snart roe seg ned.
35'
Nok ein gong lurer Boselli på feil side av forsvarsrekkja. Offside!
33'
Gigant-sjanse for Norwich! Innlegg frå Snodgrass, og keeper Al-Habsi boksar ballen vidare, rett i beina på Pilkington. Han avsluttar frå skrått hald, like utanfor! Der bør du score ditt andre mål for dagen, mann!
33'
Boselli aleine gjennom, men linjemann er oppe med flagget.
32'
Pilkington prøver seg, på ærleg vis denne gongen, men blir stoppa.
30'
Framleis heimelaget som er best, og styrer spelet.
29'
Tettey skyt frå 25 meter, men skotet blir blokkert.
29'
Tøffe duellar, og småampert ute på matta no. Heimepublikum fyrer opp stemninga!
26'
Gult kort
Målscoraren prøver å filme seg til straffe - etter dommaren si meining.
25'
Stor sjanse for Wigan! Gomez får storme framover og skyte upressa frå 16 meter. Rett på keeper som må gi retur, men får kasta seg over ballen sekundet etter.
24'
Gult kort
Fortent gult kort etter duellen mot McCarthy.
24'
McCarthy får seg ein skikkeleg trøkk, og må halte av bana. Får hjelp på sidelinja, og spelet er i gang igjen.
22'
Frispark til Wigan og McCarthy etter at murbrekkar Johnson legg han i bakken. Eit par gloser og ein dytt frå sistnemnde, før spelarar og dommar kjem til for å avklare situasjonen.
21'
Gomez kjem seg rundt på høgrekanten, men innlegget går bak mål. Svakt!
20'
Wigan prøver seg, men slit med å produsere målsjansar.
19'
Hjørnespark
Ballen går ut til Tettey, som slår ut til Snodgrass. Wigan overtek.
18'
Hjørnespark
Ny corner.
18'
Heimelaget held fram med å styre kampen.
16'
Pangtstart for heimelaget dette, som viser imponerande form for tida! Dette kan bli lagets tiande kamp utan tap, om dette resultatet held seg.
15'
Mål!
1-0
Hoolahan driblar seg forbi to Wigan-spelarar, mistar ballen, før han vinn den tilbake. Han slår Pilkington gjennom, som bankar ballen opp i nettaket med venstrefoten. 1-0!
14'
Tettet prøver å ta med seg ballen framover, men blir effektivt stoppa. Laget beheld likevel ballen.
13'
Wigan slår mykje langt mot toppscorar Koné. Førebels har det gulkledde forsvaret hatt god kontroll.
11'
Hjørnespark
Heimelaget får kontroll.
10'
Heimelaget festar eit lite grep om kampen no.
9'
Tettey testar skotfoten frå 20 meter. Like til side for målet til Al-Habsi!
8'
Lang ball mot Pilkington, som kjem i løpsduell mot Boyce. Sistnemnde er først på ballen, og får avklart.
7'
Lang ball mot Boselli, men Bassong i Norwich-forsvaret let seg ikkje lure.
6'
Frisparket blir slått inn i feltet, men blir avklart. Tettey får ballen sentralt i bana, men pasningen ut mot Pilkington blir for upresis. Innkast for Wigan.
4'
Holt får frispark i fin posisjon for Norwich. Snodgrass gjere seg klar med sin presise innleggsfot.
2'
Roleg opning det første minuttet. Begge lag trillar ball i laget når dei har sjansen.
1'
Gjestene tek avspark.
Avspark Start 1. omgang
Gledeleg for oss nordmenn, er at Tettey er tilbake på sentral midtbane for heimelaget.
Spelarane står klare, og kjem snart ruslande ut på grasmatta. Nærmar seg kampstart!
Sjølv om Wigan er under streken på tabellen, er det svært tett i botnstriden. Opp til Newcastle på 14. plass er det berre to poeng. Norwich med sine 22 poeng har berre fire poeng opp til Everton på fjerdeplass før dagens runde.
Internasjonele speleselskap held heimelaget som knappe favorittar i dagens kamp. Om vi ser på Norsk Tipping, gir dei 2.05 i odds for heimesiger, 4.10 ved poengdeling, og 3,05 gongar att pengane om Wigan tek med seg alle poenga frå Carrow Road.
Lee Probert frå Wiltshire er dagens hovuddommar.
Toppscorar for gjestene er Arouna Koné med fire fulltreffarar på sine 16 kampar denne sesongen. Hos heimelaget er det veteranen Grant Holt som har scora flest, også han med fire mål.
Då er lagoppstillingane klare, og gjestene har tilbake midtstoppar Figuereoa etter det raude kortet han fekk mot Newcastle.
Dagens gjester spelte 2-2 mot QPR sist helg, og står bokført med berre ein siger på sine siste seks kampar. Laget er å finne under streken på 18. plass med sine 15 poeng.
I førre serierunde vann Norwich 4-3 borte mot Swansea, i det som var ein forykande fotballkamp. Laget leia 3-0 til pause, men fekk køyrt seg i andre omgang. Likevel sikra laget seg tre poeng, og dermed sette Norwich også ny klubbrekord i tal Premier League-kampar utan tap. Den statestikken kan bli pynta på i dag når Wigan står på motsett banehalvdel.
Hei, og velkommen til livedekning av oppgjeret Norwich - Wigan frå Carrow Road!