Referat
Kun høydepunkter
Oppsummering
OBS: West Ham har akkurat annonsert at Sam Allardyce IKKJE får fornya kontrakta si til neste sesong.
OBS: West Ham har akkurat annonsert at Sam Allardyce IKKJE får fornya kontrakta si til neste sesong.
Premier League er altså over for denne gong, og forutan nokre finaler her og der blir det ei lang pause frå engelsk fotball fram til sesongen startar opp att 8. august. På gjensyn!
Dei første 45 minutta var prega av eit nervøst heimelag og eit bortelag utan altfor mykje vilje til å angripe. Etter kvilen kom derimot dei forløysande scoringane, først ved Sissoko i det 54. minutt og så ved Gutierrez i det 85. Totalt sett ein fortent siger til Newcastle, som også avanserer til 15. plass på tabellen. West Ham enda på si side på 12.
Newcastle er klare for spel i Premier League også i 2015-2016!
Kamp slutt Slutt (2-0)
90+3'
Samtlege av heimelaget sine supportarar står opprøyst på stadion no. Om få straksar får dei sleppe jubelen skikkeleg laus!
90+1'
Det blir lagt til minimum tre minutt denne omgangen. Det blir ein rein parademarsj for heimelaget!
83'
For ein gigantisk sjanse til Newcastle! Elliott rotar det til høgt i bana og Newcastle kjem plutseleg tre spelarar åleine mot keeper Adrian. Utruleg nok klarer Anita å leggje ballen i fanget til West Ham si målvakt i staden for ein medspelar. Der skal kampen avgjerast!
83'
Frispark til bortelaget.
82'
Hull speler no 11 mot 10. Manchester United har fått Marouane Fellaini utvist.
80'
Nære på for West Ham! Kevin Nolan får ballen i fin posisjon og prøvar eit skot. Det snik seg like til side for målet til Krul. Er nok likevel litt letta over at det forsøket gjekk utanfor, den tidlegare Newcastle-spelaren.
80'
Heimelaget kjem tre mot to, men ei håplaus avgjersle av Riviere øydelegg det heile. Der kunne Newcastle ha skapt ei stor moglegheit.
78'
Veldig liten vilje til å angripe frå gjestane. I augneblinken har Newcastle fullstendig kontroll.
75'
Det står framleis 0-0 i Hull-kampen, men The Tigers har skapt mange store sjansar så langt etter kvilen. Om dei får seg ei scoring der kan det bli nervøse sluttminutt på St James' Park.
73'
Cisse får avslutta med hovudet etter eit innlegg frå Sissoko, men forsøket blir raskt blokkert.
72'
Sissoko kjem til fri på kanten sin nok ein gong, men det påfølgjande innlegget blir stoppa av bortelaget.
71'
Cole stig til vêrs etter eit innlegg frå høgre, men den engelske spissen kjem ikkje skikkeleg over ballen og headinga går langt utanfor.
70'
Sissoko prøvar å slå inn frå høgre, men utføringa er svak og gjestane kan overta.
69'
Lite som skjer på grasmatta i Newcastle no. Vertane er sjølvsagt fornøgde med ståda.
66'
Riviere får med seg kula inn i West Ham sin sekstenmeter og prøvar eit skot, men forsøket blir raskt blokkert.
65'
Det spørs kor villige West Ham er til å angripe her no. Dei har som sagt lite å spele for, og i tillegg har dei kanskje eit ynskje om å kome heilskinna frå Newcastle etter kampen!
61'
No er det berre i Hull-kampen av vi ikkje har fått scoring i denne siste runda av Premier League 2014-2015. Men så lengje Newcastle klarer å halde på leiinga her betyr resultatet i East Riding of Yorkshire ingenting.
59'
Tidlegare Newcastle-spelar Kevin Nolan får avslutta frå spiss vinkel, men Colback får blokkert. I tillegg blir Hammers-kapteinen snytt for eit hjørnespark.
57'
Nærare 50.000 på St James' Park kan puste litt rolegare no. Sesongens viktigaste mål er eit faktum. No gjeld det berre å hindre West Ham frå å gjere det same.
51'
For ein gedigen sjanse for Newcastle! Janmaat kjem seg inn i boksa med ballen og serverer den til Riviere som har sprunge seg fri, men frå fire meters hald klarer franskmannen utruleg nok å bomma på kula. Der skal det vere scoring!
50'
Gutierrez, som var ein av få Newcastle-spelarar som prøvde å få til noko i 1. omgang, set fart med ballen, men pasninga igjennom til Cisse blir snappa av Adrian.
48'
Cisse kjempar seg til ein corner. Deira første i kampen.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Første del av dramaet på St James' Park er unnagjort. I skrivande stund blir Newcastle å finne i Premier League også neste sesong, men ei Hull-scoring mot Manchester United kan endre på dette. Newcastle har skapt nokre sporadiske sjansar denne omgangen. West Ham har hatt ballen mest, men vore relativt beskjedne offensivt.
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
45+1'
Janmaat skjer innover i bana og prøvar eit skot. Det endar ein liten meter utanfor.
45'
Jenkinson på ein sjeldan offensiv visitt frå backposisjonen sin. Endar berre med eit svakt innlegg som enkelt blir klarert.
45'
Gutierrez kjem seg fri til venstre og skal slå inn, men argentinaren glir og sender ballen berre til ein motspelar.
44'
Forutan nokre sporadiske sjansar er det lite som skjer på St James' Park. Newcastle-spelarane er sjølvsagt prega av alvoret, samt ei elendig form, medan bortelaget ikkje verkar å vere altfor interesserte i å trykke på offensivt.
40'
God sjanse for Newcastle! Colback slår presist inn frå venstre, men Janmaat, som kjem stormande inn i boksa, headar ballen høgt over mål. Den bør hollendaren få meir ut av!
38'
Sissoko lempar ballen inn frå høgre, men forsøket blir stoppa av bortelaget.
37'
Endar til slutt berre med eit skot frå Jonas Gutierrez som går høgt over mål.
35'
Newcastle med frispark i god posisjon.
34'
Det har no blitt scora mål i sju av 10 kampar. I dei to oppgjera som er viktige for nedrykksstriden, Hull-Manchester United og Newcastle-West Ham, står det derimot 0-0.
33'
Janmaat får lagt inn frå høgre, men frå 10-11 meter klarer ikkje Riviere å treffe ballen skikkeleg. Det svake forsøket humpar berre inn til Adrian.
31'
Janmaat med eit håplaust innlegg frå høgre. Ikkje mykje som stemmer for sebtratrøyene, no.
30'
Nolan med ein stygg ballmiss utanfor eigen sekstenmeter. Diverre for heimelaget klarer dei ikkje å få noko ut av situasjonen.
29'
Gjestane trykkar på her. The Magpies har derimot klart å rydde nokså bra opp så langt.
27'
West Ham har definitivt initiativet her. Etter ein energisk start på oppgjeret har heimelaget Newcastle lagt seg meir bakpå.
26'
Newcastle har for øvrig berre scora seks gongar på dei 10 siste kampane. I dag er absolutt dagen for å gjere noko med denne svake statistikken!
24'
Nesten for West Ham! Downing blir spelt fri bak heimelaget sitt forsvar, men Krul kjem raskt ut og får blokkert avslutninga. No bør Newcastle absolutt passe seg her.
23'
Mange stopp i spelet og dårleg rytme på St James' Park no.
22'
Hull med nokre gode sjansar mot Manchester United no, inkludert to annullerte scoringar!
21'
Heimelaget med nokre skotforsøk i løpet av kort tid. West Ham får først blokkert, før den siste avslutninga endar utanfor.
20'
Heimelaget med sin vanlege applaus i det 17. minutt til ære for dei to supportarane Liam Sweeney og John Alder som omkom i ei flytragedie då dei var på veg for å sjå laget sitt.
17'
Framleis 0-0 i oppgjeret mellom Hull og Manchester United. Louis van Gaal sitt lag har derimot vore nærast scoring med eit Rooney-skot i tverrleggaren.
15'
Sissoko dreg seg fri på høgresida, men vel å passere nok ein mann og endar i staden opp med å lage frispark imot.
14'
Nære på at Krul gir ballen til motspelar Cole inne i eiga boks. Må få opp kvaliteten på klareringane umiddelbart, hollendaren!
12'
Janmaat prøvar seg frå veldig langt hald, men forsøket går via ein motspelar før det humpar inn til Adrian.
11'
Riviere og Dummett kombinerer fint på venstresida, men det heile endar i staden berre med utspel frå Adrian.
9'
The Magpies kjem til innlegg frå høgre, men forsøket endar berre i hanskane til Adrian.
7'
Usedvanleg stor strekk i begge laga allereie.
6'
Nok eit bra forsøk for heimelaget! Riviere spring seg fri på bakerste stolpe og prøvar seg på halvvolley. Han treff reint og hardt, men skotet går utanfor mål.
5'
Downing prøvar å slå inn, men endar i staden opp med ein corner.
3'
Blir West Ham snytt for straffe? Ein av bortelaget sine spelarar ser ut til å bli felt inne i Newcastle sin sekstenmeter, men domar Atkinson vinkar spelet vidare. Den ser interessant ut!
1'
Stor sjanse for Newcastle! Heimelaget trykkar på og etter litt klabb og babb i West Ham sitt felt får plutseleg Riviere kome til avslutning. Frå spiss vinkel sender han ballen utanfor målet.
1'
Gjestane tek avsparket.
Avspark Start 1. omgang
Martin Atkinson er mannen som skal dømme dette veldig viktige oppgjeret.
Begge laga står klare i spelartunnellen no, og medan West Ham-kaptein Nolan og resten av bortelaget viser godt humør har vertane langt meir alvorlege uttrykk i augo.
The Hammers er for øvrig heller ikkje i imponerande slag om dagen, for på dei seks siste har det berre blitt 1-2-3. Sam Allardyce sitt lag står også med to strake tap.
I utgangspunktet høyrer det ut som ein overkomeleg jobb for Newcastle å slå eit West Ham-lag som moglegens manglar inspirasjon, men samtidig må ein ta i betraktning forma til John Carver sitt lag. Sist laget vann ein fotballkamp var 28. februar då Aston Villa blei slått 1-0, og etter det har dei heile 10 kampar utan å ta tre poeng, og berre ein gong har dei klart uavgjort. Det er med andre ord ei grusom form The Magpies er i.
West Ham har på si side ikkje altfor mykje å spele for i dag. Laget har hatt ein brukar sesong og befinn seg i augneblinken på 11. plass. Det beste dei kan håpe på i dag er å klatre forbi Everton og sikre seg ein posisjon 10. 12-11-14 er tala hittil for laget til Sam Allardyce.
The Magpies har vore med i 21 av dei 23 sesongane Premier League har eksistert. Dei rykka sist ned i 2008-2009-sesongen etter at vikarmanager og klubblegende Alan Shearer ikkje klarde å hjelpe laget til ny kontrakt. Under den nye manageren Chris Houghton klarde derimot klubben å rykke opp på første forsøk.
Newcastle er eitt av få lag som verkeleg har noko å spele for i denne aller siste runda av Premier League 2014-2015. Laget med sebrastripene frå Newcastle upon Tyne ligg svært utsett til på tabellen og er eitt av to lag som kan rykke ned til Championship. The Magpies ligg før avspark på sikker grunn med 36 poeng, medan utfordrar Hull (som møter Manchester United heime) ligg to poeng bak. Hull har derimot minst verst målskilnad av dei to, med 18 minusmål. Newcastle har 25 minusmål. Dette betyr at laget til vikarsjef John Carver har alt i sine eigne hender: med siger mot West Ham i dag blir det garantert Premier League på St James' Park også i 2015-2016.
Hei og velkomen til livdekning av det svært viktige oppgjeret mellom Newcastle og West Ham!



