Referat

Kun høydepunkter

Oppsummering

Sebastian Eide seier dermed takk for fylgjet. Ha ein fin kveld vidare!
Sebastian Eide seier dermed takk for fylgjet. Ha ein fin kveld vidare!
Newcastle går dermed på sitt sjette strake ligatap og tangerer med det sin negative Premier League-rekord frå førre sesong. Med berre fem kampar igjen å spele kan dette bli ei neglebitande avslutning på fotballåret for Magpies-fansen.
London-laget var klart best i dag, og skapte også klart flest sjansar. Den første omgangen var relativt tam med unntak av Chadli si flotte scoring. Etter kvilen var alt duka for eit skikkeleg comeback då laget gjennomførte eit dobbeltbyte og utlikna etter 17 sekunds spel. Derimot blei det med det for vertane, og i staden tok etter kvart Spurs kontroll om kampen igjen. Eriksen ordna 2-1 på kontroversielt vis etter eit frispark i det 53. minutt og på overtid feia Harry Kane all tvil til side med Spurs sitt tredje mål.
Tottenham slår Newcastle fortent 3-1 på St James' Park!
Kamp slutt Slutt (1-3)
90+3'
Det blir lagt til minimum tre minutt.
90+3'
Hjørnespark
Vorm plukkar lett.
90+1'
Mål!
1-3
Harry Kane scorar sitt 20. ligamål for sesongen og avgjer kampen! Bortelaget snappar ballen og set igang ei rask kontring. Lamela stormar framover i bana med ballen og slepp den akkurat i tide til Kane. Åleine med Krul gjer ikkje årets komet nokon feil og breisidar den i nettet. 1-3!
90+1'
Spurs kontrar.
90+1'
Ikkje lenge igjen å spele. Kan Newcastle klare å skape trykk heilt på tampen her?
89'
Janmaat prøvar eit nytt skot. Nok ein gong skrur det feil veg.
88'
Spillerbytte
88'
Gult kort
Feller Cabella på veg framover.
87'
Newcastle tek ei kontring.
87'
Dembele er nære på å inne Lamela bak Newcastle-forsvaret. Coloccini får derimot ein ball på foten.
86'
Taylor prøvar ein lur variant til Ayoze, men kveldens Newcastle-spiss slit med mottaket og må sjå ballen trille ut til utspel frå Vorm.
86'
Frispark til vertane.
83'
Hjørnespark
Veldig nære ny Spurs-scoring! Fazio får hovudet på ballen rett foran hanskane til Krul. Forsøket går derimot ikkje på mål.
83'
Kane prøvar eit skot. Blir blokkert til corner.
81'
Spillerbytte
81'
Ein Janmaat i ubalanse prøvar seg frå langt hald. Kula skrur eit godt stykke utanfor buret til Vorm.
81'
Cabella prøvar å tråkle seg gjennom Spurs-forsvaret, men blir stoppa greitt.
80'
Hjørnespark
Spurs får rydda unna enkelt.
80'
Ameobi tvingar fram eit hjørnespark for vertane.
78'
Spillerbytte
77'
Colback får tak i kula åtte meter frå Spurs sitt mål, men engelskmannn slit med ballbehandlinga og må sjå kula humpe inn til Vorm.
75'
Nesten igjen for Spurs! Bentaleb med ein smart stikkar igjennom til Lamela. Krul kjem derimot raskt ut og får blokkert forsøket frå argentinaren.
75'
Spurs leikar seg på grasmatta i Nord-England no. Newcastle slit med å kome oppi dei gulkledde spelarane.
74'
Spillerbytte
74'
Bentaleb chippar igjennom til Kane, men for ein gongs skuld er spissen litt avventande og ein potensiell sjanse uteblir.
72'
Lamela er nære på å runde Krul med ballen, men argentinaren blir avvinka for offside.
70'
Tottenham er definitivt laget med størst initiativ her. Tydeleg at scoringane har hjelpt på sjølvtilliten.
69'
Hjørnespark
Bortelaget får rydda unna.
67'
Hjørnespark
Kjempesjanse! Corneren er pefekt slått og Kane kjem til eit kraftfullt skot frå kort hald. Krul er derimot vaken og er lynraskt nede og stoppar forsøket. Fantastisk redning av straffehelten frå VM!
67'
Kane kjem seg innpå seks meters hald og prøvar å slå flatt inn framføre mål. Det endar med corner.
66'
Mykje fram og tilbake her no. Newcastle går sjølvsagt for ei utlikning, medan Spurs har lyst å puktere det heile.
63'
Gult kort
Stoppar Lamela på veg framover.
63'
Endar etter kvart hos Ayoze som prøvar eit skot. Forsøket blir blokkert.
62'
Taylor med dødballen.
61'
Gult kort
Vertonghen blir tredje Spurs-spelar med gult kort i oppgjeret.
61'
Vertonghen kjem for seint inn i ei takling på Ayoze. Frispark i god posisjon for heimelaget.
60'
Sist gong Newcastle scora meir enn eitt mål i ein ligakamp var for øvrig den 31. januar, då Hull blei slått 3-0 borte.
58'
Kan Newcastle klare å kvittere nok ein gong? Ein verkeleg kalddusj for Magpies-fansen den andre Tottenham-scoringa.
55'
Stor sjanse for Spurs! Chadli kjem seg fri og får lagt inn frå venstre. Bentaleb kjem på eit langt løp og headar over frå veldig god posisjon. Nesten dobling av leiinga der!
53'
Mål!
1-2
Spurs er tilbake i føringa! Eriksen slår eit frispark hardt inn mot mål og ein litt passiv Krul må sjå det fyke i buret bak seg. Keeperen blir definitivt forstyrra av Spurs-spelarane som kjem inn i feltet der, og i alle fall to av dei er i offside når ballen blir slått. Domar Friend godkjenner i alle fall målet!
53'
Ein artig insident i 1. omgang var for øvrig eit fly som passerte luftromet over St James' Park med banneren 'Five in a row Sunderland!'. Eit hint om laget si elendige form, altså.
50'
Eriksen får litt tid og rom og prøvar eit skot. Det blir derimot raskt blokkert.
50'
Dobbeltbyte frå John Carver til 2. omgang, altså. Newcastle ser ut til å leggje om til to spissar, og med Obertan og Ameobi inn skal det ikkje mangle på fart i laget heller.
46'
Mål!
1-1
Newcastle utliknar umiddelbart etter pause! Heimelaget går rett i angrep, men Spurs får stoppa det første forsøket. Ballen trillar så ut til Colback som avsluttar hardt i mål. 1-1 på St James' Park!
46'
Spillerbytte
46'
Spillerbytte
Start 2. omgang Start 2. omgang
Spurs leiar 1-0 til pause etter ein jamnspelt omgang. Den første halvtimen var relativt tam fram til Nacer Chadli varta opp med ei flott scoring frå distanse. Etter dette livna det litt meir til. Newcastle har slitt stort med å score i det siste, så det blir spanande å sjå om dei maktar å kome tilbake her. Om det skulle bli nok eit tap vil nedrykksstriden nærme seg raskt. Vi ser fram til ein spanande 2. omgang!
Slutt 1. omgang Pause (0-1)
45+1'
Det blir lagt til minimum eitt minutt denne første omgangen.
45'
Gult kort
Lamela får Spurs sitt andre kort i kampen etter ei stygg takling.
45'
Knuffing på St James' Park.
44'
Godt forsøk for Spurs! Kane kjem til sitt første skot i kampen i det han får ballen inne i boksa. Frå spiss vinkel skyt han rett på Krul som reddar bra.
43'
Gult kort
Får det gule kortet etter å ha prøvd å stogge Cabella på ulovleg vis.
43'
Cabella med godt forarbeid i det han stormar framover i bana og speler fri Gouffran. Sistnemnde har derimot ikkje hatt ein god omgong og misser ballen lett.
40'
Gult kort
Colback får kampens første gule kort etter å ha halde igjen ein Vertonghen på veg framover.
39'
Ayoze prøvar seg frå langt hald etter å ha snappa ballen frå ein motspelar. Han får derimot ikkje nok klem i det og Vorm kan plukke lett.
33'
Heimelaget med dødball. Blir teke kort før Janmaat lempar ballen inn i hanskane til Vorm. Elendig utnytta.
33'
Tottenham scorar altså på sin første sjanse i kampen. No blir det spanande å sjå korleis Newcastle responderer. Dei har altså berre laga eitt mål på dei fem siste kampane.
30'
Mål!
0-1
Back of the net! Chadli prøvar seg med venstrefoten frå 21-22 meters hald og sender ballen hardt i nettet bak Krul. Ikkje mykje prss på ballførar frå heimelaget der, og dermed får belgiaren tid og rom til å sikte. Flott scoring!
29'
Tottenham med 2/3 ballinnehav hittil i oppgjeret. Så langt har ikkje det resultert i sjansar.
27'
Taylor slår presist inn. Williamson vinn duellen inne i feltet, men sender headinga høgt over mål. Halvsjanse.
26'
Rose går tøft i ryggen på Cabella. Frispark til The Magpies like ved det eine cornerflagget.
25'
Jack Colback kjem seg heilt fri til venstre, men hardhausen øydelegg for ein potensiell sjanse med eit svakt innlegg.
24'
Bra overgong for bortelaget. Kane chippar inn til Paulinho som prøvar å finne ein medspelar åleine framføre mål. Newcastle får derimot ordna opp.
23'
Nok ein gong prøvar heimelaget å finne Ayoze i bakrom. Pasninga frå Colback når derimot ikkje fram.
22'
Spurs med nokre spede forsøk. Tim Krul har ikkje blitt sett på prøve endå.
22'
Heimefansen med applaus i heile det 17. minutt til ære for Newcastle-supportarane John Alder og Liam Sweeney, som begge mista livet i fjor då flyet dei var i blei skote ned over Ukraina.
15'
God sjanse for Newcastle! Ayoze får ballen etter ei femogførtigraderspasning, men skotet frå skrått hald går rett på Vorm.
15'
Spurs kjem i full fart framover, men ei svak pasning til Lamela øydelegg. Hadde bortelaget vore litt meir nøyaktige lengst framme hadde vi hatt fleire sjansar allereie.
13'
Danny Rose med eit skummelt innlegg frå venstre. Williamson får så vidt klarert.
12'
Langpasning i bakrom for Newcastle igjen. Ayoze får tak i ballen, men blir så feilaktig avvinka for offside.
11'
Lamela kjem i fint driv med ballen, men øydelegg så angrepet med ei svak pasning rett til ein motspelar.
10'
Newcastle speler raskt i bakrom. Vertonghen er derimot vaken og får takla kula unna.
8'
Harry Kane har fått seg ein smell og må få behandling på grasmatta.
8'
Det er på Newcastle si venstreside det skjer. Denne gongen finn Cabella Colback, og engelskmannen sender i veg eit bra innlegg. Diverre for heimefansen får Spurs-forsvaret klarert.
6'
Brukbart angrep av Magpies. Kjem med fleire spelarar inne i boksa, og det er ikkje langt unna at pasninga frå Cabella når fram.
4'
Spurs er framme på ein småfarleg visitt, men heimelaget får ordna opp.
3'
Hjørnespark
Endar med ingenting.
3'
Spissduellen i dagens kamp står mellom Ayoze Perez Gutierrez og Harry Kane. Førstnemnde har berre fem Premier League-mål denne sesongen, medan Kane har 19. Sist Ayoze fann nettmaskene var den 28. desember. Spurs sin ferske landslagsspiss har på si side scora jamt og trutt, sjølv om han no har vore mållaus i to kampar etter hattricket mot Leicester.
1'
Domar Kevin Friend bles i gong oppgjeret!
Avspark Start 1. omgang
Newcastle ligg ikkje lang unna nedrykksstriden på tabellen, og plassert på 14. plass er dei berre sju poeng unna Leicester på 18. Spurs må på si side sjå seg fornøgde med å kjempe om å få spele i Europa League neste sesong. Med tre poeng i dag kan dei passere Southampton på tabellen og ligge likt med Liverpool på 5. plass i antall poeng.
Sidan oppstarten av Premier League har dagens to motstandarar møttest 41 gongar. Statistikken over desse er 19-6-16 i favør Magpies. Det motsette oppgjeret tidlegare i sesongen enda med 2-1-siger til dei svarte og kvite i London etter mål av Ameobi og Ayoze. Adebayor netta for Spurs. Laga kjempa også mot kvarandre i Capital One Cup i desember, og då blei Newcastle smadra med 4-0.
Bortelaget må unnvere førstekeeper Hugo Lloris og Kyle Walker.
Hovudtrenar John Carver har på si side fått inn Coloccini og Gouffran. Obertan og Sissoko har gått ut. Sistnemnde er suspendert i lag med Cisse, og i tillegg manglar de Jong.
Spurs-manager Mauricio Pochettino gjer fleire endringa på laget etter den leie smellen for Aston Villa på heimebane sist laurdag. Chiriches, Mason og Townsend går ut til fordel for Vertonghen, Paulinho og Lamela.
Tottenham slit også, og det ustabile spelet har ført til at dei er ute av kampen om spel i Champions League neste sesong. Etter 2-1-sigeren mot London-rival Arsenal i februar har det blitt 3-2-3. Ikkje akkurat skrekkelege tal, men om ein skal kjempe på toppen held det ikkje i lengda.
Det er to meget formsvake lag som møtest til dyst på St James' Park i dag. Newcastle står med fem strake tap, den dårlegaste rekka deira i Premier League si historie er på seks. På dei siste ni har dei berre vunne èin. Det er først og fremst offensivt det luggar kraftig for The Magpies, for berre ei fattig scoring har det blitt på dei fem siste ligakampane!
Hei og velkomen til livedekning av Premier League-oppgjeret mellom Newcastle og Tottenham!