Referat

Kun høydepunkter

Oppsummering

Kamp slutt Slutt (0-6)
90+3'
Suso skjer innover og prøvar ei avslutning. Elliot har god kontroll.
90+3'
Det blir lagt til tre minutt her.
90+3'
Newcastle har på si side igjen West Ham, QPR og Arsenal. Ettersom dei har ein kamp meir spelt enn dei andre laga som befinn seg i nedrykkssona bør dei føle seg langt frå trygge.
90+1'
Liverpool har Everton, Fulham og QPR igjen å spele mot i dei tre siste kampane. Med det dei raude har vist i dag er nok håpet om å ta igjen The Toffees langt frå unna. Med siger på Anfield neste helg vil dei vere berre to poeng bak.
90'
Newcastle trillar ball på eigen halvdel. Det er nok tryggast slik ting har utvikla seg her.
88'
Shelvey med ein lang ball mot Borini. Det blir litt for unøyaktig.
85'
Ein fantastisk kamp både av Sturridge og Coutinho. Det samarbeidet blir det spanande å fylgje framover!
84'
Spillerbytte
84'
Spillerbytte
84'
Cissé prøvar seg frå skrått hald. Utanfor.
84'
Sturridge går for skot, men forsøket blir blokkert.
81'
Ballen går i tverrleggaren! Philippe Coutinho, som har vore arkitekten bak mykje i dag, avanserer med kula og bankar den i tverrleggaren - via hanskane til Elliot. Her kan det fort kome endå fleire mål!
81'
Jonjo Shelvey står klar til å kome innpå for Liverpool. Brendan Rodgers satsar nok på at dette allereie er avgjort.
80'
Det er sjølvsagt veldig god stemning blant dei tilreisande supporterane her. Dette er ikkje kvardagskost!
79'
Ein skal ikkje ta frå Liverpool noko her, men det forsvarsspelet Newcastle har framstått med høyrer meir heime i Sunnmørsk 6. divisjon.
78'
Enrique chippar eit innlegg inn i boksa, men for ein gongs skuld endar det ikkje med mål.
76'
Mål!
0-6
Newcastle blir smadra på eige gras! Henderson slår frisparket frå spiss vinkel forbi alle i feltet og kula snik seg inn i det lengste hjørnet. Det er rett og slett synd på heimelaget her.
75'
To gule kort
Debuchy kjem for seint inn i ei taklig og får sitt andre gule kort av domar Marriner. Dermed er Newcastle nede i 10 mann!
73'
Mål!
0-5
No renn dei inn! Liverpool får gjere som dei vil rundt Newcastle sin sekstenmeter, og Downing får lagt femogførti grader ut til Borini som får tuppa ballen i mål med utsida av foten. Borini scorar eter eitt minutt på bana!
72'
Spillerbytte
72'
Borini står klar for Liverpool.
70'
Hjørnespark
Elliot kjem ut og fangar kula.
69'
Hjørnespark
Blir heada ut til eit nytt hjørnespark.
69'
Downing prøvar å finne Sturridge inne framføre mål, men heimelaget får rydda unna. Corner.
68'
Hjørnespark
Er bra slått, men dei raude får klarert.
65'
Spillerbytte
65'
Alt skriveriet om korleis Liverpool ville klare seg utan Luis Suarez har altså blitt gjort til skamme. Dei raude har blomstra offensivt og vist lagspel av høg klasse. I tillegg har Daniel Sturridge vist seg som ein ekte goalgettar med to scoringar.
64'
Yanga-Mbiwa held på å miste ballen til Sturridge i eiga boks, men stopparen er sterk og får sjølv ordna opp i situasjonen.
63'
Delar av heimefansen er allereie på veg heim. Og med tankte på det Newcastle har vist, spesielt defensivt, i dag, er det fullt forståeleg.
60'
Mål!
0-4
4-0, og det skuldast like mykje elendig forsvarsspel som godt angrepsspel! Henderson kjem seg åleine inn i boksa med ballen, og gjengjelder den ferdigscora pasninga han fekk med Sturridge tidlegare i matchen. Sturridge har ein enkel jobb med å tuppe kula i det tome buret.
60'
Sturridge med ein liten stikkar til Coutinho som prøvar ei avslutning inne i boksa. Forsøket blir blokkert.
58'
Farleg innlegg frå venstre, og Reina bommar totalt på utboksinga. Ingen i svart og kvitt får så tak i kula foran mål.
57'
Newcastle held fram med å presse på her.
57'
Dobbeltsjanse for Newcastle. Ben Arfa avsluttar knallhardt, men forsøket blir blokkert. Returen hamnar hos Cissé som ikkje finn målet.
55'
Hjørnespark
Reina får fista unna, men heimelaget beheld kula.
53'
Mål!
0-3
For eit spel av bortelaget! Coutinho vinn ballen midt på bana og stormar mot Newcastle-buret. Brasilianaren chippar så fri Sturridge, og spissen brukar eitt touch på å leggje ballen til rette før han bankar den i nettaket.
53'
Nære på for heimelaget. Ei klarering hamnar rett i beina på Cabaye som er i god posisjon, men franskmannen får ei elendig berøring og mistar kontrollen over kula.
51'
Mykje fram og tilbake her no. Umogleg å spå kva slags lag som vil score det neste.
50'
Downing kjem seg flott fri på høgrekanten og legg femogførtigrader ut til Sturridge. Spissen vel å bruke ei ekstra berøring, og dermed får heimelaget stoppa skotforsøket hans.
49'
Sturridge kjem seg forbi Mapou Yanga-Mbiwa men går i bakken. Tydeleg at Liverpool-spissen blir halde, men Marriner vinkar spelet vidare.
48'
Ben Arfa legg inn frå høgre, men Reina får plukke lett.
47'
Newcastle går offensivt til verks her i opningsminutta.
46'
Cissé går i bakken og heimefansen vil ha straffe. Marriner seier nei.
Start 2. omgang Start 2. omgang
45'
Spillerbytte
45'
Spillerbytte
Liverpool leiar fortent 2-0 etter ein artig 1. omgang, og saknet etter suspenderte Suarez har vore minimalt. Agger ordna det første målet etter berre tre minutt, medan Henderson dobla leiinga 13 minutt seinare. Newcastle kom rett nok meir med på tampen av omgangen, og spesielt Perch hadde ein enorm sjanse til å føre heimelaget skikkeleg inn i kampen igjen. Dette er likevel ikkje avgjort, og vi gler oss stort til dei siste 45 minutta!
Slutt 1. omgang Pause (0-2)
45+3'
Frisparket blir slått rett i nevane til Reina.
45+3'
Gutierrez spring rett på Johnson og får frispark. Tvilsam avgjersle, men uansett frispark i bra innleggsposisjon for Newcastle.
45+1'
Gutierrez får nesten spelt fri Perch inne i boksa. Bortelaget får rydda unna.
45+1'
Ampert mellom Johnson og Tiote. Marriner må gi tiilsnakk. Førstnemnte har allereie fått sjå det gule, og bør absolutt passe seg.
44'
Gult kort
Også stoppar Taylor får sjå det gule kortet etter å ha felt ein Liverpool-spelar. Det fjerde til Newcastle, og det sjette totalt. Domar Marriner får verkeleg trena høgrehanda si her!
44'
Nære på at Lucas rotar det til i eigen sekstenmeter.
41'
Gult kort
Også Cabaye får sjå det gule etter å ha kome for seint inn i ei takling.
41'
Gult kort
Stoppar ei kontring på ulovleg vis.
41'
Newcastle prøvar å drage i gong ei kontring, men dei raude kjem fort i balanse og får stogga forsøket.
40'
Hjørnespark
Sissoko vinn hovudduellen, men forsøket er altfor laust og høgt og Reina kan stige til vêrs og plukke ballen lett.
40'
Fint spel av heimelaget, men Sissoko klarar ikkje å kome seg forbi Enrique som gjer ein god defensiv jobb.
39'
Gult kort
Held igjen Sturridge som prøvar å setje i gong ei kontring.
39'
Newcastle har initiativet her no.
38'
Debuchy slår inn frå høgre, men Reina er fint ute og plukkar.
38'
Kan dette vekkje heimelaget til liv igjen? Eit mål før pause hadde lagt eit godt grunnlag for ein spanande 2. omgang.
36'
For ein sjanse! Haïdara legg nydeleg inn frå venstre, men Perch klarer ikkje å treffe mål på headinga frå fem meters hald. Det skal vere scoring!
35'
Newcastle-spelarane verkar desorineterte her no. Dei har skapt minimalt offensivt hittil i oppgjeret. Hatem Ben Arfa har for øvrig blitt sett i oppvarming, noko som tydeleg vekte begeistring hjå heimefansen.
32'
Hjørnespark
Liverpool prøvar ein annan variant, og ballen endar etter nokre trekk hos Sturridge. Han prøvar seg på ein volley, men sender forsøket langt unna mål.
31'
Hjørnespark
Blir heada unna.
31'
Hjørnespark
Gerrard får både eitt og to forsøk, men heimelaget får rydda unna ved begge.
29'
Gerrard prøvar seg frå langt hald. Forsøket går utanfor.
28'
Coutinho set i gong den n-te overgangen for Liverpool hittil. Diverre for dei raude blir stikkaren mot Gerrard for unøyaktig.
27'
Gutierrez prøvar seg frå vanskeleg posisjon. Heimelaget si første avslutning for dagen går godt over målet til Pepe Reina.
26'
Elendig samhandling i Newcastle-laget no. Pasning går, men spelar står.
24'
Sturridge vinn ballen i mellomromet og set fart. Han avsluttar til slutt rett på Elliot.
24'
Johnson får nok ein gong lagt inn frå høgre, men ved dette tilfelle har heimelaget kontroll og ballen endar med keeper Elliot.
23'
Korleis skal Newcastle klare å replisere her? Forsvaret til sebtrastripene har store problem med farta til Liverpool sin angrepstrio.
21'
Gult kort
Også Sturridge blir belønna med det gule.
21'
Gult kort
Får sjå det gule etter knuffinga med Sturridge.
21'
Debuchy og Sturridge kjenner litt på horna til kvarandre etter ein liten duell.
20'
Hjørnespark
Endar i ingenting.
17'
Mål!
0-2
Kven treng Suarez?!? Liverpool vartar opp med ei kjempekontring som startar med ei langpasning frå Reina til Sturridge som legg flott igjen til Coutinho. Brasilianaren speler så Sturridge aleine igjennom, men spissvikaren viser at han ikkje er sjølvgod og speler til ein betre plassert Henderson. Han får ein enkel jobb med å putte ballen i det tome buret. 2-0 til Liverpool!
16'
Debuchy prøvar å kome seg forbi Enrique, men spanjolen er sterkast og får også frispark. Liverpool ser bunnsolide ut hittil.
14'
Newcastle prøvar å skape noko her, men Liverpool ligg veldig kompakt og nektar dei rom.
12'
Sturridge får ballen i boksa og bankar den på Elliot, men spissen blir avvinka for offside. Hårfint.
10'
Agger er på farta igjen. Stopparen blir spelt fri inne i boksa og klarar å dempe kula på brystet, men Debuchy kjem inn og får forhindra noko farlegare.
8'
Nære på at Henderson blir spelt fri i bakrom. Elliot er kjapt ute og fangar kula.
6'
Herleg start på kampen! Begge lag går rett i angrep så fort sjansen byr seg.
3'
Mål!
0-1
Dei raude i føringa! Liverpool held oppe trykket etter corneren, og ballen blir lempa bak eit uryddig Newcastle-forsvar. Danske Daniel Agger lurar offsidefella og stussar ballen over Elliot og inn i det tome buret.
3'
Hjørnespark
Endar etter kvart hos Gerrard som avsluttar, men forsøket blir blokkert.
3'
Fleire farlege innlegg frå Johnson på rad no. Newcastle har hittil klart å rydde unna i feltet.
2'
Hjørnespark
Går forbi feltet.
1'
Då er oppgjeret i gong på Sports Direct Arena!
Avspark Start 1. omgang
Dagens domar er Andrew Marriner.
Alan Pardew må klare seg utan Fabricio Coloccini, Tim Krul, Davide Santon, Ryan Taylor og Sylvain Marveaux. Brendan Rodgers må på si side unnvere Martin Kelly, Joe Allen og Raheem Sterling, i tillegg til allereie nemnde Luis Suarez, som ikkje får spele igjen før eit stykke ut i neste sesong.
I Premier League-samanheng har laga møttest 37 gongar. Liverpool har gjort det klart best her, med 21-7-9 totalt. På Newcastle si heimebane har det enda 8-4-6. The Magpies kom likevel best ut av det førre sesong, då dei vann 2-0 heime og klarde 1-1 på Anfield.
The Reds har 2-3-1 på sine seks seinaste, alle i ligaen, og dei står med tre strake uavgjortkampar. Den hittil siste sigeren kom borte mot Aston Villa i slutten av mars.
The Magpies er ikkje i imponerande form om dagen. På dei seks siste i alle turneringar har dei 1-2-3.
Liverpool finn vi på 7. plass, heile åtte poeng bak dei blå naboane i Beatles-byen. Laget til Brendan Rodgers har rett nok éin kamp mindre spelt enn dei blå, men luka blir nok uansett for vanskeleg å tette. The Reds har 13-12-9 hittil i ligaen.
Newcastle ligg på 16. plass i skrivande stund, med 10-7-17 før dei fire siste kampane skal spelast. Wigan leia lenge mot Tottenham tidlegare i dag, men laget øvst under nedrykksstreken måtte til slutt nøye seg med eitt poeng, noko som blei gledeleg motteke i Newcastle upon Tyne.
Det har som kjent vore mykje negativ merksemd kring Liverpool den siste veka som følgje av bitesituasjonen med Luis Suarez. Dagens oppgjer blir det første han må stå over i den ti kampar lange suspensjonen. Som venta er det Daniel Sturridge som skal fylle uruguayanaren sin posisjon.
Dagens kamp er viktig for begge lag, og då spesielt for Newcastle som kjempar for å unngå nedrykk. Laget til Alan Pardew er ikkje mange poeng unna den øvste nedrykksplassen, og bør nok karre til seg tre poeng i dag om dei skal føle seg trygge. For Liverpool sin del handlar det meste om å avslutte sesongen på ein positiv måte ettersom euroacupspel nok er utanfor rekkjevidde.
Hei og velkomen til livedekning av Premier League-oppgjeret mellom Newcastle United og Liverpool!