Referat
Kun høydepunkter
Oppsummering
Sebastian Eide takkar med dette for fylgjet. Ha ein fin kveld vidare!
Sebastian Eide takkar med dette for fylgjet. Ha ein fin kveld vidare!
Avslutningar: 11-10. På mål: 2-3.
Det endar 0-0 mellom Newcastle og Brighton på St. James' Park. Kampen bar preg av to forsiktige lag som ikkje makta å skape altfor mykje offensivt. Stort sett var det på dødballar og enkelte innlegg at dei få mogleheitene kom. Begge laga hadde verkeleg trengt dei tre poenga, for nedrykksplassane ligg ikkje langt unna. Nye sjansar til det får dei 1. januar, når Brighton møter Bournemouth heime og Newcastle skal på reise til Stoke.
Kamp slutt Slutt (0-0)
90'
Det blir lagt til minimum tre minutt her.
88'
Atsu prøvar seg med ei avslutning. Langt utanfor.
87'
Brighton slår mykje langt og verkar å satse på å få det eine poenget.
83'
Heimefansen er tydeleg frustrerte.
82'
Ikkje lengje igjen no. Skal vi få ei scoring heilt på tampen?
80'
Yedlin med eit godt innlegg inn i boksa til Brighton, men Ryan plukkar trygt.
77'
Bruno taklar Merino i eiga boks, og sistnemnde ropar på straffespark. Nok ein gong seier Taylor nei.
71'
Heimelaget ropar på straffe etter at Gayle går i bakken etter ein duell med Duffy, men hovuddomar Taylor vinkar spelet vidare.
67'
Denne kampen treng nok ei scoring for å ta av. Veldig lite som skjer på grasmatta i Newcastle.
64'
Gross sender ballen inn i feltet, men ingen får avslutta.
64'
Nok eit frispark for bortelaget. Skal dei skape noko her?
59'
Stor sjanse for Newcastle! Atsu finn Gayle inne i boksa med eit presist innlegg, men Brighton-keeper Ryan er nok ein gong på plass og får redda forsøket. Nære på der!
58'
Merino blir felt og Newcastle får frispark i brukbar posisjon. Ritchie slår inn, men bortelaget får ordna opp.
57'
March driblar seg fri og legg presist inn i boksa. Der finn han Murray, men spissen sender avslutninga utanfor.
55'
Gross er sjølvsagt servitør, men denne gongen endar ballen berre hos Darlow.
53'
Brighton får frispark i god posisjon.
46'
Heimelaget startar med ballen.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Begge laga er klare. Ingen endringar ser det ut til.
Det står altså 0-0 etter ein nokså tam omgang. Ingen av laga har teke verkeleg tak i kampen, og det er ikkje altfor mange moglegheiter vi har fått sjå. Brighton har vore nærast etter fleire gode cornarar frå Gross. Forhåpentlegvis tek det seg opp etter kvilen. Begge lag har som kjent behov for tre poeng.
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
45+1'
Ikkje lengje igjen til pause no. Det meste tyder på at 0-0 står seg. Det har vore ein jamn og tett omgang, og det har vore langt mellom sjansane.
41'
Så er det Joselu som forsøker seg med ei avslutning. Dessverre for heimelaget endar også denne avslutninga utanfor.
39'
Merino med avslutning etter at Gayle gjer forarbeidet. Skotet går utanfor målet til Ryan.
38'
Ritchie står for øvrig med sju målgjevande så langt denne sesongen, men vi må tilbake til slutten av november for å finne sist gong han klarde det.
36'
Ritchie får ballen inn i boksa, men bortelaget reinskar unna.
35'
Ny dødballsjanse for Newcastle. Ritchie står klar.
35'
Gayle prøvar å kome seg fri med ballen inne i Brighton si boks, men blir stoppa før han får avslutta.
33'
Atsu kjem seg nedover venstresida med ballen, men det påfølgjande innlegget blir greitt plukka av Ryan.
30'
Bruno med eit godt innlegg mot Murray, men sistnemnde får ikkje avslutta. Det speler uansett liten rolle, for nok ein gong er spissen i offside.
28'
Knockaert avsluttar frå utanfor sekstenmeteren, men Darlow har få problem med å fange ballen.
26'
Dødball til Newcastle, men Ritchie treff dårleg og sender ballen langt utanfor.
25'
Så skjer det ting i den andre enden. Gayle legg inn i boksa etter bra spel, men keeper Ryan ordnar opp med ein god manøver.
22'
Brighton yppar seg her, men så langt har dei ikkje kome til dei store sjansane. Med berre 15 scoringar på dei første 20 kampane er dei det laget som scorar tredje minst. Berre West Bromwich (14) og Swansea (11) har putta færre.
20'
Brighton får frispark. Endar til slutt med corner.
15'
Greitt forsøk for heimelaget! Hayden med eit nydeleg innlegg, men verken Atsu eller Gayle klarer å få avslutta. Bruno med ein god defensiv jobb.
15'
Murray går i offside etter ei gjennombrottspasning frå Gross. Sistnemnde har for øvrig gjort det bra hittil denne sesongen med fire mål og fem assists.
12'
Gross på farta igjen i det han prøvar å få med seg ballen inn i boksa, men Clark gjer ein god defensiv jobb og ryddar opp.
9'
Knockaert prøvar seg med ei avslutning, men forsøket blir blokkert.
8'
Newcastle prøvar seg, men Brighton ryddar bra opp ved Bong. Like før Ritchie fekk ballen inne i sekstenmeteren der.
4'
Heimelaget har ballen mykje i starten her, men lite sjansar å spore så langt.
Avspark Start 1. omgang
Kampen i dag er nok ekstra spesiell for Brighton-manager Chris Hughton og laget sin reservekeeper Tim Krul. Begge har som kjent ei fortid i Newcastle. Hughton var trenar/managervikar både i 2008 og 2009, før han fekk fast jobb etter dette. I 2010 fekk han så sparken etter fleire svake resultat, noko som forargra spelarane og fansen .
Newcastle manglar blant andre Rob Elliot, Jesus Gamez, Florian Lejeune og Aleksandar Mitrovic i dag. Chris Hughton og Brighton må på si side unnvere Steve Sidwell.
Begge desse laga tok som kjent turen opp frå Championship etter førre sesong. Brighton såg då ut til å vinne divisjonen greitt, men ein kollaps dei tre siste kampane førte til at laget rota vekk ei leiing på sju poeng. I staden var det dagens motstandar Newcastle som tok denne tittelen. Newcastle vann begge oppgjera førre sesong, medan Premier League-møtet mellom laga i september enda med ein 1-0-siger til Brighton. Tomer Hemed scora kampens einaste mål.
Nyopprykka Brighton ligg heller ikkje langt unna botnstriden. Med 21 poeng hittil befinn dei seg på 12. plass på tabellen, men avstanden ned til øvste nedrykksplass er berre fire poeng. Laget har uansett gjort det godkjent i deira første sesong på øvste nivå sidan dei rykka ned herifrå i 1983. 1-1-4 er forma dei seks seinaste kampane. Laget strevar veldig med å score mål, noko dei har klart berre ein gong på dei fem siste Premier League-kampane.
Det er to lag med behov for å ta poeng som møtast på St. James' Park i dag. Heimelaget ligg mest utsett til på 15. plass, berre eitt poeng unna øvste nedrykksplass. Forma til Rafael Benitez sitt mannskap er heller ikkje mykje å skryte av, med 1-0-5 på dei seks siste oppgjera. Det skal leggjast til at sebratrøyene blant anna har møtt Manchester City, Arsenal og Chelsea i denne perioden.
Hei og velkomen til livedekning av Premier League-oppgjeret mellom Newcastle og Brighton!



