Referat
Kun høydepunkter
Oppsummering
Det endar 0-0 på Anfield etter ei enorm sjansesløsing av heimelaget Liverpool. Laget til Brendan Rodgers hadde alt av banespel, og Stoke var knappast over på motsett banehalvdel i 2. omgang. Men til trass for eit vell av sjansar klarde ikkje Liverpool å score, og dermed har dei raude no spelt fire strake heimekampar utan siger i serien. Tony Pulis og Stoke er nok svært nøgde med eitt poeng, og dette var faktisk lagets femte uavgjortresultat på sju kampar hittil. Takk for fylgjet!
Kamp slutt Slutt (0-0)
90+5'
Utspel frå Begovic.
90+5'
Suarez når ikkje ballen, og bankar den opp på tribuna. Det var nok siste moglegheit!
90+4'
Skrtel slår opp.
90+4'
Cole avsluttar høgt over etter ein retur. Dette ser ut til å ende 0-0.
90+3'
Johnson slår inn for heimelaget, men ingen andre er med på det.
90'
For ein sjanse! Frisparket blir lempa inn på bakerste stolpe, og Skrtel får tuppa ballen forbi Begovic, men også forbi målet, via stolpen. Utruleg at det ikkje blei mål der.
90'
Cole set fart og kontrar, men Wilson gjer ein bra defensiv jobb og ordnar opp.
89'
Edu krigar og prøvar å halde på ballen, men Liverpool tek over.
89'
Stoke med innkast rett ved Liverpool sitt høgre cornerflagg.
89'
Suarez og Gerrard prøvar å dra i gong noko, men bortelaget får nok ein gong ordna opp.
88'
Gerrard prøvar å tråkle med seg ballen inn i Stoke si boks, men Cameron får ein fot på den og får stoppa forsøket.
87'
Wilson brukar tid på innkasta no. Dei vil nok vere svært fornøgde med poeng på Anfield i dag.
86'
Gerrard med innlegg. Rett inn til Begovic.
86'
Stoke har knappast vore over på Liverpool sin halvdel denne omgangen. Det vil vere eit stort tjuveri om dei får med seg poeng herifrå i dag.
85'
Sterling prøvar å kome seg forbi Etherington, men veteranen til Stoke ordnar bra opp.
84'
Gerrard lempar inn mot Suarez i boksa, men spissen når aldri opp på den ballen og Begovic kan fange den.
84'
Stoke slit med å forsvare seg. Liverpool med mange farlege innlegg no.
83'
Suarez kjem seg laus inne i boksa og prøvar eit skot. På utsida av stolpen og ut. Begovic har god kontroll.
83'
Gerrard prøvar seg med ein stikkar mot Sterling, men ungguten verkar sliten og er ikkje med på den springeturen.
82'
Nære på at både Sterling og Gerrard kjem seg inn i boksa, men bortelaget får stogga begge forsøka.
79'
Skal Liverpool spele sin fjerde strake heimekamp utan siger denne sesongen? No er det berre 12 minutt pluss eventuell tilleggstid igjen.
78'
Sahin prøvar seg frå langt hald. Høgt over buret til Begovic.
76'
Suarez i bakken nok ein gong, denne gongen innanfor 16-meteren. Uruguayanaren dett på merkeleg vis to gongar, og det er ikkje mykje tvil om at han prøvar å filme seg til eit straffespark, sjølv om det moglegens var kontakt med Stoke-spelaren.
74'
Bra trykk frå Liverpool, og Gerrard får chippa ballen inn framføre mål. Der ruvar Begovic i lufta og snappar kula.
74'
Gerrard slår inn, men Whitehead stangar unna.
72'
Stolpeskot! Sterling får ei pasning på bakerste stolpe, og den skyt ungguten rett i metallet og ut. Utruleg at heimelaget ikkje har scora endå!
70'
Agger bankar frisparket inn i boksa, men bortelaget får klarert.
70'
Suarez blir teke bakfra og går i bakken for n-te gong i dag. Ved dette tilfellet får han frispark.
67'
Sahin slår inn, men Stoke får klarert. Liverpool beheld kula.
66'
Sahin og Suso med eit fint veggspel. Sistnemnde blir felt, og Liverpool får frispark i bra innleggsposisjon.
65'
N'Zonzi får ein retur utanfor Liverpool sin sekstenmeter og prøvar ei avslutning. Den tidlegare Blackburn-spelaren bommar totalt og heimelaget kan overta.
64'
44.531 tilskodarar på Anfield i dag.
63'
Kightly dett i ein duell med Johnson, men får ingenting.
61'
Allen set i gong ei kontring.
59'
Kjempesjanse for Suarez! Uruguayanaren kjem seg flott fri inne i Stoke si boks, men frå 8-9 meters hald skyt han hardt utanfor. Der burde det definitivt ha stått 1-0!
59'
Frispark for bortelaget. Begovic skal ta det, og brukar bra med tid.
58'
Tøff duell på Anfield. Tre spelarar blir liggjande etter ein duell og Kightly kjem seg heilt fri. Han prøvar ei femogførtigraderspasning, men den går rett i ein spelar i raudt.
57'
Suarez ropar på hands etter å ha spelt ballen i ein motspelar, men domar Mason seier nei.
55'
Nok ei langpasning frå Gerrard til Johnson. Denne gongen endar den utanfor bana.
54'
Bortelaget med eit sjeldant innlegg. Liverpool klarerer.
52'
Stor sjanse for heimelaget! Gerrard finn Johnson bak Stoke-forsvaret med ei utsøkt langpasning, men backen skyt litt for tidleg og sender skotet høgt over mål.
51'
Bra press frå heimelaget no.
51'
Glen Johnson skyt frå distanse. Begovic gir ein liten retur, men har god kontroll.
50'
Sahin chippar ballen inn i boksa, men bortelaget har bra kontroll i luftromet og headar unna.
49'
Fine kombinasjonar i Liverpool-laget. Endar berre i corner.
49'
Gerrard slår inn i boksa, men Shawcross får stanga unna.
48'
Gerrard kjem seg laus til høgre, men Huth får gitt til innkast.
48'
Liverpool trillar ball no.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Det står 0-0 etter 1. omgang her på Anfield. Liverpool har vore det klart beste laget og hatt dei fleste sjansane, men utan å få nettkjenningar. Skal Liverpool klare å vinne sin første heimekamp for sesongen, eller er det Stoke som vil klare nok ein uavgjort? Vi ser fram til ein spanande 2. omgang!
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
45+2'
Det ser ut til å ebbe ut med 0-0 til pause her.
45+1'
Det blir lagt til minimum to minutt denne omgangen.
45'
Begovic er irritert på Suarez som sparkar i keeperen i det han prøvar å nå ballen. Mason lar spelet gå.
43'
Med unntak av lobben frå Walters er det ikkje mykje Stoke har fått til offensivt her. Liverpool har styrt det meste og hadde fortent å leie.
42'
Suarez skjer gjennom Stoke-forsvaret, men misser kontrollen over kula og Begovic får utspelet.
40'
Gerrard står klar. Liverpool-kapteinen slår frisparket rett i nevane til Begovic.
40'
Sterling snurrar rundt med Stoke-spelarane, og Adam har ikkje noko anna val enn å felle han. Frispark i bra posisjon for heimelaget.
39'
Walters kjem altfor seint inn i ein duell med Johnson. Stoke-spelaren er heldig om han slepp å sjå det gule der.
38'
Adam kjem seg fint framover i bana, men sender i veg ei håplaus pasning som går rett til innkast for heimelaget.
37'
Heimelaget er framme på nok ein visitt, men Sahin feller N'Zonzi og lagar frispark.
35'
Liverpool kontrar, og Suarez speler til Gerrard som avsluttar 3-4 meter utanfor målet til Begovic.
34'
Frisparket blir sendt inn i boksa, men hverken Agger eller Skrtel når ballen før den går utover sidelinja.
32'
Ein vegg mellom Suso og Sahin er nære på å lukkast, men eit Stoke-bein kjem i vegen.
29'
Nære på igjen for Liverpool! Suso chippar ballen bak Stoke-forsvaret, og midtstoppar Agger er ein skostorleik i frå å få tuppa kula i mål.
29'
Håplaust utført av Sahin. Han prøvar å spele kort til Gerrard, men ein Stoke-spelar kjem i vegen og snappar kula.
28'
Sahin står klar.
27'
Nære på for heimelaget! Gerrard sendar i veg ein susar frå distanse, og Begovic må gjere ei god redning for å forhindre mål i mot. Corner.
23'
Huth med ein sein dytt på Suarez. No får Liverpool-spelaren endeleg frispark.
23'
Suarez jagar ein ball inne i Stoke si boks og får frispark imot. Spissen frå Uruguay er sjølvsagt ueinig.
20'
Stor sjanse for Stoke! Reina vartar opp med eit dårleg utspel og sender ballen rett til Walters. Han prøvar ein lobb, og berre ei kjapp redning frå Reina forhindrar 0-1 på Anfield.
18'
Suarez vinn ballen, set fart og avsluttar. Via ein Stoke-spelar og til corner.
17'
Stoke med initiativet no.
16'
Sterling prøvar å kome seg forbi Walters, men sistnemnde har bra kontroll og ordnar opp.
15'
Innlegg mot Crouch i boksa, men lagkamerat Walters er for hardhendt i ein annan duell og lagar frispark imot.
15'
Farlig frå bortelaget. Whelan slår den på første stolpe, og det er ikkje langt unna at nokon klarer å beine den i nettet. Corner.
14'
Frispark til Stoke i bra innleggsposisjon.
13'
Liverpool-spelarane ropar på straffe etter frisparket, men det er mange duellar samtidig i feltet og vanskeleg å sjå kven som held mest.
12'
Gerrard slår frisparket rett i nevane til Begovic.
11'
Frispark til heimelaget i bra posisjon for innlegg.
11'
Agger kjem i fint driv framover, men dansken klarer ikkje å finne Gerrard med pasninga.
8'
Grei sjanse for Liverpool! Suarez gjer eit flott førearbeid og legg femogførti grader ut til Sahin som skyt rett i ein lagkamerat frå bra posisjon.
8'
Det endar etter med kvart med at Wilson sender eit langskot ein liten meter over buret til Reina.
7'
Suarez tek igjen mot Huth ved å dytte han overende. Frispark til Stoke.
6'
Sterling får ballen på venstrekanten, men ungguten får eit dårleg touch og kula går til utspel frå Begovic.
6'
Ein småstygg situasjon på Anfield. Suarez dett i ein duell med Huth, og på reprisa ser vi ganske tydeleg at den tyske stopparen trakkar på brystet til Liverpool-spelaren etterpå samanstøytet.
4'
Farleg innlegg frå Kightly. Rett framføre nasa på fleire medspelarar i boksa.
2'
Sahin snappar kula frå Whelan, men får samtidig frispark imot.
1'
Crouch er nære på å heade gjennom Whelan. Ein Liverpool-spelar får stoppa forsøket.
Avspark Start 1. omgang
No står begge laga klare.
BBC nemner før kampen i dag at om Liverpool skulle tape sin tredje strake heimekamp, så vil det vere første gongen sidan 1963 at det skjer. Dei raude har berre vunne fire av sine 19 siste kampar på eige gras. Men Stoke er heller ikkje i bra form, og The Potters har berre to sigrar på sine 17 siste Premier League-kampar.
Dagens domar er Lee Mason.
Det blir eit spesielt møte for Peter Crouch og spesielt Charlie Adam, som tidlegare har hatt på seg den raude Liverpool-drakta. Etter ein middelmådig sesong for Liverpool førre sesong blei Adam klar for Stoke i august i år. Dermed blir dagens kamp hans første mot sin tidlegare klubb. Andre tidlegare Liverpool-spelarar er Jermaine Pennant og nemnde Owen, men ingen av dei er med i dag.
Tony Pulis må unnvære suspenderte Andy Wilkinson, i tillegg til at tidlegare Liverpool-spelar Michael Owen ikkje er med.
Brendan Rodgers må klare seg utan blant anna suspenderte Jonjo Shelvey til dagens kamp, og i tillegg er Jose Enrique endå ikkje klar etter kneskada si. Joe Cole er derimot klar etter si hamstringskade, og sit på benken.
Sidan 1963 har Liverpool og Stoke møttast totalt 51 gongar. Liverpool leiar statistikken over desse med 30-14-7 samanlagt. I toppseriesamanheng har Stoke aldri vunne på Anfield, og The Potters har også spelt fire kampar her utan å score mål. Tilsvarande oppgjer førre sesong enda 0-0.
Stoke har, i lag med Sunderland, vore uavgjortspesialistane så langt i Premier League, då dei begge står med fire poengdelingar. Totalt har laget til Tony Pulis 1-4-1. Borte frå Britannia har dei 0-2-1.
Begge dagens motstandarar treng sårt tre poeng, etter berre ein siger kvar hittil i sesongen. Liverpool ligg i skrivande stund på 15. plass med 5 poeng etter 1-2-3 så langt. Men 5-2-sigeren over Norwich i førre runde, samt store delar av kampen mot Manchester United kampen før det, tydar på at ting er i ferd med å kome i gong for laget til nyansatte Brendan Rodgers. Likevel, heime på Anfield har dei utruleg svake 0-1-2 hittil, noko som er langt frå bra nok, sjølv om motstandarane heiter Manchester City, Arsenal og Manchester United. Liverpool sin førre kamp gjekk av stabelen i midtveka, då Udinese blei for sterke i Liverpool og vann 3-2.
Hei og velkomen til livedekning av Premier League-oppgjeret mellom Liverpool og Stoke!



