Referat
Kun høydepunkter
Oppsummering
Då er kampen slutt, og den endar mållaus og dermed 0-0. Begge lag hadde sine sjansar til å score. Hull var nærmast før pause, medan det var Shawcross og Stoke som var nærmast med ei avslutning i tverrliggjaren etter pause. Alt i alt er poengdeling eit resultat begge kan leve greit med. Vi takkar for følget denne laurdagskvelden, og ynskjer deg tilbake søndag!
Kamp slutt Slutt (0-0)
90+3'
Han legg inn i feltet, men ballen går over alt og alle. Utspark frå mål.
90+3'
Frispark til Stoke i grei posisjon. Adam står ved ballen.
90+3'
Begge lag er upresise no, og rotar bort ballen i fine overgangar.
90+2'
Frispark til Hull på eigen banehalvdel.
90+1'
Det er lagt til minimum tre minutt.
90+1'
Då er også Stoke sin toppscorar, Adam, inne på bana.
89'
Det er gjestene som styrer og som har ballen mest desse siste minuttane.
88'
Nærmar oss slutten på KC Stadium. Skal vi få ein vinnar?
88'
Stoke sikrar seg eit innkast høgt oppe på Hull sin banehalvdel.
87'
Sagbo med ettersleng, og burde nok fått ein tidleg dusj av dommaren der! Har gult frå før, og må verkeleg passe seg.
87'
Elmohamady slår inn i feltet, men Stoke-forsvaret ryddar unna.
85'
Vi må tilbake til 31.august sist gong Stoke heldt nullen på bortebane. Skal det skje i dag, igjen?
84'
Boyd får ballen inne i feltet, men er i offside.
84'
Nervøs steming hos heimfansen. Stoke køyrer kampen no!
83'
Hull kjempar med nebb og klør for å halde nullen for femte gong på heimebane denne sesongen.
81'
Arnautovic slår inn i feltet, men Hull-forsvaret ryddar unna.
80'
Frispark til Stoke i fin posisjon, ute på høgrekanten.
80'
Begge lag jaktar 1-0 no, men det er Stoke som har vore klart nærmast dei siste gongane.
77'
No er det plutseleg Stoke som er nærmast - etter ein svært svak første omgang!
75'
Stor sjanse for Stoke! Ireland legg inn til Crouch, som klinkar til. Keeper leverer ei kjemperedning, og hindrar 0-1!
74'
Sjølv om det framleis står 0-0, har kvaliteten på andre omgang vore betre enn det vi såg dei første 45 minuttane.
72'
Spørst om smaken på nettkjenning skal tenne Stoke-laget litt ekstra?
71'
Begge lag viser vilje til å vinne denne kampen. Men kven er sterkast dei siste 20 minuttane?
70'
Sterk vind ute på bana no, og det er Stoke som har hjelp av medvinden.
67'
Frispark til Stoke i fin posisjon. Arnautovic slår inn i feltet, men heimelaget er sterkast i luftrommet.
67'
Ut med ein midtstoppar, og inn med toppscorar Brady.
66'
Hull-spelarane vil ha hands og straffespark etter at ballen er i nærleiken av handa til Muniesa. Dommaren vinkar spelet vidare.
63'
Heilt open kamp dette, og begge lag tek litt større risiko i spelet sitt.
62'
Stor sjanse for Stoke! Køyrer kontring på eit Hull-lag i ubalanse, og kjem plutseleg to mot ein med Arnautovic og Assaidi. Dessverre for Stoke stoppar pasningen frå førstnemnde opp i det einaste Hull-beinet i nærleiken, og heimefansen kan puste letta ut.
60'
Kjempesjanse for Hull! Innlegg frå venestrekanten, og Elmohamady avsluttar med pannbrasken. Keeper Begovic leverer ei glimrande redning!
59'
Meyler legg inn i feltet - keepermat.
58'
Stoke har vore langt friskare etter kvilen, og kampen er heilt open.
56'
Stoke nærmar seg. Innlegg inn mot Crouch, men Hull får rydda unna til corner. Nesten, der!
56'
Stoke-forsvaret slit med å avklare, og Livermore får ballen på sekstenmeter-streken. Han skyt på direkten - fire meter utanfor!
54'
Lang ball mot Crouch, som held på ballen til han får meir hjelp. Får tilbake ballen like etter, men avslutninga med hovudet går svakt utanfor.
53'
Sagbo går ned for telling, men er raskt på beina att.
51'
Whelan med eit skotforsøk, som sjølv ikkje ein smågutekeeper på Malta hadde blitt skremd av. Høgt, høgt over!
49'
Det har berre blitt scora ti mål til saman på KC Stadium så langt denne sesongen. Det er færrast på alle heimebanene i Premier League i år.
48'
Graham jaktar ball, og får innkast.
47'
Ingen av laga har gjort byter i pausen, men det går nok ikkje lang tid før vi får sjå det første bytet i kveld.
46'
Stoke tek avspark.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Laga står klare for dei siste 45 minuttane.
Laga går til pause på stillinga 0-0. Vertene har vore nærmast nettkjenning, medan Stoke stort sett ikkje har produsert noko som helst. Kan dessverre ikkje garantere noko fyrverkeri i andre omgang, så sant ikkje laga får heilt nye impulsar i pausen!
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
45+2'
Stoke får frispark, etter at Meyler er oppe med ein høg fot i duell mot N'Zonzi. Dette er nok det siste som skjer i omgangen.
45+1'
Det er lagt til minimum eitt minutt.
45+1'
Livermore dreg seg innover i bana, og finn Sagbo på løp i feltet. Han dreg fram eit fint hælspark, men som dessverre for Hull-laget er utan adresse.
43'
Fin sjanse for Hull! Sagbo får ballen, vender og skyt. Like over!
43'
Midtstoppar Wilson skal avklare, og sleivar ballen høgt opp på tribuna - og blir møtt av latter frå Hull-fansen.
42'
Ser ut som begge lag er mest interessert i pause akkurat no. Lite tempo og trøkk i spelet.
40'
Vi nærmar oss pause, og det går mot ein ny mållaus omgang for begge desse laga.
39'
Arnautovic slår inn i feltet, men ballen trillar gjennom alt og alle - utan å vere i nærleiken av Stoke-spelarar.
38'
Keeper McGregor i Hull-buret har hatt ein roleg kveld på jobben så langt.
37'
Assaidi blir spelt gjennom, men er i offside.
36'
Huddlestone testar skotfoten sin. Utanfor.
34'
Frisparket kjem inn i feltet, og Crouch er først på den. Det hjelp lite, for det er Hull som snappar den opp og overtek.
34'
Assaidi blir lagt i bakken ute på sidelinja. Stoke får frispark og flyttar opp sterke menn i feltet.
33'
Hull som styrer oppgjeret, medan Stoke ikkje er til å kjenne att frå sigeren mot Chelsea for ei veke sidan.
32'
Elmohamady forstår lite, etter at linjemann meiner han er ufin mot Muniesa. Dermed blir det Stoke som får frispark, og eit lite pusterom.
30'
Vi har passert halvtimen, og det står framleis 0-0 på stadionuret.
30'
Lang ball mot Crouch, men det er dei gule og svarte som tek seg av andreballen.
28'
Davies med dribleserie i forsvaret, og heimefansen slepp unna med eit stort sukk.
27'
Vertene hadde fortent ei scoring no.
26'
Stor sjanse for Hull! Innlegget blir slått inn i feltet, og Davies får pannebrasken på ballen, og avslutninga stryk stolpen! Nær 1-0 der!
26'
Frispark til Hull ute ved sidelinja, midt på Stoke sin banehalvdel. Laget flyttar opp luftstyrke i feltet.
24'
Framleis heilt open kamp dette, men det er Hull som har vore nærmast nettkjenning så langt.
23'
Figueroa står klar med sin tunge venstrefot. Han smeller til - via muren og inn til keeper.
23'
Frispark til vertene i fin posisjon - etter eit høgt spark.
21'
Kampens største sjanse! Sagbo får ballen inne i feltet og klinkar til. Keeper Begovic reddar meisterleg!
20'
Graham dreg seg innover i feltet, men skotet frå kort hald blir blokkert. Han får ballen tilbake i neste trekk, men keeper Begovic let seg ikkje lure og kastar seg fram.
20'
Desse laga scorar til saman færre mål enn det klubbane Manchester United, Manchester City, Liverpool og Chelsea har gjort så langt aleine denne sesongen.
17'
Fem av dagens spelararar har vore involvert i alle 16 kampane så langt. Hos Hull er det duoen Elmohamady og Huddlestone, medan det hos gjestene er trioen Begovic, Shawcross og N'Zonzi.
16'
Ireland slår inn i feltet, men får berre corner.
15'
Det er spådd ein sjanse- og målfattig kamp av fleire fotball-ekspertar før dagens kamp. Så langt har dei hatt heilt rett!
14'
Begge lag har sine toppscorarar på benken frå start i dag. Både Robbie Brady og Charlie Adam står bokført med tre mål så langt.
12'
Graham skyt frå 25 meter. Utanfor!
12'
Hull med fint småspel inne på Stoke sin banehalvdel, men det blir berre med underhaldninga.
10'
Hull med berre tre baklengsmål heime på KC Stadium denne sesongen. Det er færrast av alle laga i Premier League!
9'
Halvsjanse for Hull. Figueroa skyt frå distanse, rett på keeper!
8'
Vertene betre med no, etter at Stoke opna friskt.
7'
Den tidlegare Spurs-spelaren slår frisparket inn i feltet, men får ballen i retur. Han slår inn på nytt, men denne gongen får Stoke avklart heilt opp til Hull-keeper McGregor.
7'
Huddlestone står ved ballen.
6'
Sagbo vinn ballen, og dreg seg forbi to mann før han blir lagt i bakken. Frispark.
5'
Hull ligg kompakt, og Stoke-laget slit med å spele seg gjennom den gulsvarte forsvarsmuren.
4'
Stoke har hatt ballen mest dei første minuttane.
3'
Livermore er litt for tøff på midten, og Stoke får frispark.
2'
Figueroa med to kjappe innkast ved midtstreken. Roleg opning på oppgjeret.
2'
Stoke kjem frå ein sterk 3-2 siger mot Chelsea førre runde, medan Hull delte poenga borte mot Swansea.
1'
Hull tek avspark.
Avspark Start 1. omgang
Laga står klare, og vi er straks klare for avspark!
Mike Dean er dagens mann i svart.
Sist desse laga møttest i Premier League var i 2009. Den gongen vann Hull 2-1.
Heimelaget må klare seg utan James Chester, Stephen Quinn og Sone Aluko som alle er ute med skader. Stoke har Robert Huth må skadelista, samt at begge lag har ein del usikre foran dette oppgjeret.
På bortebane er Stoke eitt av Premier League sitt svakaste lag til no, med berre ein triumf. Den kom i august, då dei vann 1-0 over West Ham. På dei sju bortekampane i år står laget bokført med 1-1-5.
Sjølv om den generelle formen til Hull ikkje er til å skryte av, er derimot statistikken på heimebane i år langt betre. På dei første sju kampane i år har det berre blitt eitt nederlag.
Hull står med berre ein siger på dei siste fem kampane. I same perioden har Stoke berre eitt tap.
To tabellnaboar møtes her på KC Stadium. Før helgas runde er vertane nummer 12, medan gjestene er plassen bak. Berre eitt poeng skil laga.
Hei, og velkommen til livedekning av oppgjeret Hull - Stoke!



