Referat

Kun høydepunkter

Oppsummering

Sebastian Eide takkar med dette for følgjet. Ha ein fin laurdagskveld vidare!
Sebastian Eide takkar med dette for følgjet. Ha ein fin laurdagskveld vidare!
Avslutningar: 8-5. På mål: 5-2.
Hødd vinn serieopninga 2-1 etter ein jamn og spanande kamp. Heimelaget leia 1-0 etter 1. omgang etter eit sjølvmål av Moss sin Mikkel Aarstrand. Netan Sansara dobla leiinga etter omlag ein times spel, og Hødd såg ut til å ha god kontroll. Eit Moss-straffespark som Obiech ekspederte i mål endra derimot kampens karakter, og bortelaget pressa bra på for utlikning siste halvdel av oppgjeret. Hødd hadde også sine sjansar til å avgjere, men fleire mål fekk ikkje vi.
Kamp slutt Slutt (2-1)
90+6'
Dobbeltsjanse for Hødd! Heimelaget får to forsøk på å avgjere kampen, men begge mislukkast.
90+5'
To gule kort etter knuffinga.
90+5'
Gult kort
90+5'
Gult kort
90+5'
Rise skal ta frisparket.
90+5'
Knuffing etter at Hjelmeseth blir felt nede ved Moss sitt eine hjørneflagg.
90+4'
Rise nede for teljing, men kjem seg på beina att. Frustrasjon blant bortelaget sine spelarar no.
90+2'
Hjørnespark
Keeper også opp. Hødd ryddar opp, men klarer ikkje å utnytte det faktum at målet er ope.
90+2'
Heimelaget prøvar å drøye tida no.
90'
Gult kort
Stoppar ein overgong og får eit fortent gult kort.
89'
Hjørnespark
Vestvatn får to forsøk, men til slutt endar ballen i klypene til Alme.
89'
Fortsatt panisk hos heimelaget. Ny corner.
87'
Spillerbytte
86'
Hjørnespark
Kolsvik får avslutta, men rett i ein spelar i blått.
86'
Hødd-spelarane er nokså stressa no. Gjer ballen enkelt frå seg.
85'
Gult kort
Kjem for seint inn i ei takling.
84'
God sjanse for Hødd! Innbyttar Bam Phudithip kjem åleine med Gundersen, men avslutninga kjem tidleg og er altfor svak. Ballen trillar inn til målvakta.
83'
Saunes slår inn frå høgresida, men Moss får klarert.
81'
Elmi med mykje plass ute til venstre. Innleggskvaliteten hans har derimot ikkje vore god nok.
80'
Vestvatn med frispark midt inne på Hødd sin halvdel. Det påfølgjande innlegget blir etter kvart klarert.
79'
Moss er klart meir med i kampen no. Hødd må verkeleg stå på for å halde på leiinga.
77'
Spillerbytte
77'
Spillerbytte
76'
Shroot med to avslutningsforsøk inne i boksa. Det første blir raskt blokkert, det andre sender han langt til side for mål.
75'
Spillerbytte
71'
Gult kort
Stygg takling på ein Hødd-spelar. 'Ut med svinet!' ropar Blåsarane.
71'
Mål på straffe!
2-1
Så er det kamp igjen på Høddvoll! Dette blir ein spanande siste halvdel!
71'
Straffe!
Corneren går inn i feltet og i arma på ein Hødd-spelar. Domar Halsen peikar på straffemerket!
70'
Redning på strek! Vestvatn får plutseleg avslutta åleine med Alme, men Husebø får rydda unna på streken når avslutninga har gått forbi Hødd-keeperen.
70'
Lite som tyder på nokon sluttspurt frå laget frå Viken fylke. Høddarane har god kontroll i augneblinken.
67'
Godt forsøk av Moss! Rene Elshaug headar ballen like over mål etter eit godt innlegg frå høgre.
65'
Bra sjanse for Hødd! Shroot trillar til Fritzhell som avsluttar like utanfor frå god posisjon.
64'
Ein Moss-spelar går i bakken inne i Hødd sin sekstenmeter, men domar Halsen seier nei til straffe.
62'
Spillerbytte
61'
Spillerbytte
61'
Spillerbytte
60'
Hjørnespark
Forbi alle i feltet og til utspel frå Hødd-keeper Alme.
60'
Marijo Jovic og Moss skal straks gjere sitt tredje bytte.
59'
No må Moss ofre endå meir framover. Nok av tid til å kome a jour her.
57'
Mål!
2-0
Hødd doblar leiinga! Sansara spring seg fri inne i feltet og stangar ballen i mål. Fint slått hjørnespark av Hjelmeseth.
57'
Hjørnespark
57'
Hjelmeseth slår lavt inn på første stolpe, men Moss får beina vekk kula. Corner.
56'
Rise går i bakken og Hødd får dødball nokre meter frå kortsida til Moss sin sekstenmeter.
54'
Hjørnespark
Bortelaget får ordna opp.
54'
For lavt slått av Vestvatn, og Hødd går direkte i angrep. Fritzhell prøvar å sende gjennom ein stikkar til Rise, men Moss får klarert. Corner.
53'
Øystein Vestvatn står klar.
52'
Obiech går i bakken og Moss får dødball i god posisjon.
51'
Nytt frispark frå Hjelmeseth. Denne gongen får Moss klarert.
49'
Bra sjanse for Hødd! Hjelmeseth slår frisparket inn bak Moss-forsvaret der Shroot kjem stormande, men briten sender headinga utanfor mål.
49'
Gult kort
Feller ein Hødd-spelar.
48'
Hjørnespark
Blir klarert.
46'
Spillerbytte
Start 2. omgang Start 2. omgang
Heimelaget leiar 1-0 etter ein tett og intens omgang. Det har vore to lag som har hatt bra kontroll defensivt, men siste minutta før pause tok det meir av. Kampens hittil einaste scoring kom etter ein bra overgong av heimelaget, der Moss-spelar Aarstrand såg ut til å vere den som sende ballen i eige mål til 1-0 til Hødd. Like etter hadde gultrøyene sjansen til å utlikne, men Obiech avslutta i tverrleggjaren frå glimrande posisjon. Vi håpar på ein endå meir sjanserik 2. omgang!
Slutt 1. omgang Pause (1-0)
45+6'
Hjørnespark
45+3'
Gult kort
Feller ein Hødd-spelar.
45+4'
Nære på utlikning! Toure missar på ballen inne i eiga boks og Obiech får avslutta åleine med keeper. Tverrleggar og over!
45+2'
Selvmål!
1-0
Hødd scorar på ein overgong! Solnørdal slår inn frå høgre, og ballen ser ut til å gå via Moss-spelar Aarstrand og i mål. Den må nok dobbeltsjekkast, men enn så lengje blir Aarstrand kreditert.
45+1'
Småfarleg frå Hødd i det svenske Fritzhell viser seg fram for første gong i kampen. Tek ballen med seg fint forbi nokre motspelarar, men den påfølgjande chippen inn mot Shroot i feltet blir for lang.
44'
Solnørdal headar enkelt unna dødballen.
43'
Frispark til Moss i brukbar innleggsposisjon.
42'
Sansara slår inn frå venstre, men nok ein gong er Elshaug der og beinar unna ballen.
41'
Riise sender det påfølgjande frisparket godt utanfor mål. Svakt utnytta av ulsteinvikaren.
41'
Spillerbytte
41'
Stian Andersen blir bore av bana til applaus frå publikum på stadion.
39'
Christoffer Guttulsrød varmar opp og skal straks inn for bortelaget.
38'
Spelarane i gult ropar på lege, og ei båre kjem også inn på bana. Ser ikkje bra ut for han som ligg på kunstgrasmatta.
37'
Shroot glir rett utanfor Moss si boks og kolliderer med ein Moss-spelar som blir liggjande. Det ser utruleg nok ut til at domar Halsen gir frispark til heimelaget også.
36'
Bra opprulling på venstresida av Hødd. Sansara med innlegg, men Elshaug får rydda unna.
32'
Hødd med nytt frispark. Endar berre med ein stuss som Gundersen kan plukke enkelt.
28'
Godt slått frispark mot Ramzi Toure inne i feltet, men stopparen klarer ikkje å treffe reint med headinga.
27'
Saunes blir felt og blåtrøyene får frispark i fin innleggsposisjon.
27'
Hødd står høgt og prøvar å stresse MFK, men så langt har det ikkje resultert i farlegheiter offensivt.
26'
Heimelaget med ei skummel takling i magehøgde på ein Moss-spelar, rett utanfor eigen sekstenmeter. Halsen overser bønna om frispark.
24'
Ein del misnøye med domar Halsen frå begge lag. Mannen i svart frå Vanylven FK har lagt lista nokså lavt her.
23'
Også bortelaget Moss har nokre debutantar i dag. Thomas Jakobsen (frå Vidar), Agwa Okuot Obiech (Byåsen) og Øystein Vestvatn (Strømmen). Sistnemnde har også ei fortid i Hødd. I 2016 enda han med tre mål på 25 kampar.
21'
Frispark for Hødd i bra posisjon. Hjelmeseth klarer ikkje å lette ballen nok, og Moss stangar enkelt unna.
18'
Hjørnespark
Keeper Gundersen plukkar greitt.
18'
Heimelaget med skummelt innlegg. Ikkje langt unna at Bjørnvåg klarerer kula i eige mål. Corner.
13'
Gult kort
Går farleg inn i ei takling og får eit tidleg gult kort av domar Halsen.
13'
Moss ser forresten ut til å stille i ein slags 5-3-2-formasjon defensivt. Skal nekte Hødd rom på sidene.
12'
Wasenius prøvar å sende ein stikkar i bakrom, men forsøket blir blokkert.
12'
Begge lag prøvar å ha tempo på ball, men så langt har dei ikkje skjedd noko offensivt.
11'
Heimelaget stiller for øvrig med tre debutantar frå start av i dag, nemleg Emil Solnørdal (kom frå Brattvåg), Ramzi Toure Idrissou (studert og spelt i USA, tidlegare vore i Oppsal) og Melvin Frithzell (svenske som kom frå Ørgryte).
6'
Laget til Marijo Jovic som har mest initiativ i starten her.
4'
Wasenius slår inn, men Hødd får klarert.
3'
Bortelaget med frispark i grei innleggsposisjon.
2'
Moss overtek.
2'
Hjørnespark
Blir klarert ved første stolpe.
Avspark Start 1. omgang
Torgeir Halsen er dagens hovuddomar.
Moss enda på si side på plassen bak Hødd på tabellen i fjor.
Hødd skal til på sin fjerde strake sesong på nivå 3 i Noreg, eit opphald som har blitt lengre enn kva det er forventa her på Sunnmøre. Med ny trenar i Ole Kevin Knappen på plass er håpet at dei skal gjere det betre enn 7. plassen dei enda på i 2019.
Det er som venta glissent med publikum så langt på Hødd sin nye stadion som blei opna i 2015. Tidlegare i veka var klubben ute og varsla at det framleis var billettar igjen, men forhåpentlegvis blir det 200 tilskodarar i dag.
Begge laga er godt i gong med oppvarminga. I Ulsteinvik har det vore kraftige regnbyger store delar av dagen, så det meste tyder på at det blir vått også undervegs i kampen.
Hei og velkomen til livedekning av oppgjeret mellom Hødd og Moss. Endeleg er det offisiell kamp på Høddvoll igjen!