Referat

Kun høydepunkter

Oppsummering

Dermed passerer Fulham dagens motstandar på tabellen, og laga er høvesvis nummer 12 og 13 etter 24. serierunder. Takk for i kveld!
Dermed passerer Fulham dagens motstandar på tabellen, og laga er høvesvis nummer 12 og 13 etter 24. serierunder. Takk for i kveld!
24791 tilskodarar ser at heimelaget tek med seg alle tre poenga. Dei fekk sjå ein fartsfylt kamp, der Fulham sikrar seg ein fortent siger. Gjestene leverte ingen svak kamp, men effektiviteten framfor boksen må opp nokre hakk om bortestatistikken skal bli betre. Berbatov scora på bursdagen sin, og var ein viktig bidragsytar til denne etterlengta triumfen.
Kamp slutt Slutt (3-1)
90+5'
Lang ball opp mot Carroll, og det er ein tydeleg hands på Riise inne i feltet. Dommaren har ikkje augo med seg på overtid, og dermed blir det heller ikkje noko straffespark.
90+4'
Petric vil gjerne ha 4-1, men skotet hans blir blokkert.
90+4'
Carroll har vore frisk for West Ham etter at han kom inn. Blir han å sjå i startoppstillinga i neste kamp?
90+3'
Det er lagt til minimum fire minutt.
90+1'
Mål!
3-1
Der er kampen avgjort! Rodallega skyt, og keeper må gi retur. Petric er på rett plass, og skyt frå skrå vinkel - via O'Brien og i mål!
89'
Hjørnespark
Ufarlig.
88'
Gjestene jaktar 2-2 no! Laget flyttar opp det som er av luftstyrke, og slår lange ballar opp i feltet kvar gong dei har sjansen.
87'
Carroll avsluttar med hovudet, svakt utanfor.
85'
Lang ball mot Rodallega som skyt i steget. Utanfor!
84'
Carroll prøver seg igjen, men skotet hans går høgt over. Det hastar for West Ham no!
82'
Hjørnespark
Blir avklart på første stolpe.
82'
Midtstoppar Senderos hinkar av bana, men får hjelp på sidelinja. Akkurat no er Fulham berre ti spelarar ute på bana.
82'
Fulham stormar i angrep fire mot tre! Petric får til slutt ballen, men skotet frå innbytaren går rett på keeper. Der burde heimelaget utnytta overtallet langt betre!
80'
Fin sjanse for heimelaget og Riise! Han tek med seg ballen innover i feltet og skyt med venstresleggja. Ballen fyk over!
78'
Vi går mot ein spennande avslutning av dette oppgjeret. Skal gjestene klare å ta med seg poeng?
77'
Innbytar Carrol viser seg fram med sitt andre spark på ballen. Klinkar til frå 16 meter - rett på keeper!
76'
Spillerbytte
75'
Spillerbytte
75'
Cole vil ha straffe, etter at han går i bakken etter eit sleivspark frå Hangeland. Dommaren vinkar spelet vidare.
74'
Berbatov har jobba godt denne kampen, men kreftene heldt berre halve omgangen. Dagens bursdagsbarn tøyer på krampe no, og signaliserer byte til benken.
72'
Stor sjanse for Berbatov og Fulham! Spissen får ballen like innanfor sekstenmeteren. Han skyt, og ballen går like til side for målet.
71'
Hjørnespark
Blir avklart.
71'
Hjørnespark
Heimelaget får kontroll.
70'
Kjempesjanse for West Ham! Nolan kjem seg fri inne i feltet, og avsluttar frå skrå vinkel. Keeper må likevel levere ei kjemperedning for å hindre baklengs!
69'
Hjørnespark
Laget sin første corner i kampen er svak, og gjestene overtek.
68'
Berbatov heilt nede i eigen sekstenmeter for å rydde opp. Får applaus frå heimepublikumet.
67'
Spillerbytte
66'
Spillerbytte
66'
Spillerbytte
65'
Vi er tilbake etter tre minutt med tekniske problem. Fulham held fram med å styre kampen.
61'
Berbatov viser fram litt driblekunster, og blir lagt i bakken. Frisparket blir slått inn i feltet, men går over alle.
58'
Gult kort
Legg Diamé i bakken, som er på veg framover.
57'
Langt innlegg i retning målscorar Nolan, men keeper Jääskelainen er høgst i feltet og plukkar enkelt.
56'
Spillerbytte
56'
West Ham i angrep. Innlegg frå venstrekanten som Hangeland er høgst på. Ballen går likevel rett til vers, og keeper kjem ut for å bokse. Cole snappar opp ballen, men skotforsøket hans blir blokkert.
54'
Det blir Ruiz som skyt. Håplaust - rett i muren.
53'
Frispark i fin posisjon for Fulham. Får vi ei Riise-kanon?
53'
Skikkeleg kalddusj for West Ham dette, som berre var i jubelrus i eit lite minutt. Og no er det plutseleg heimelaget som er på offansiven igjen!
51'
Artige minuttar på Craven Cottage no!
49'
Mål!
2-1
Her skjer det fort! Fulham tek avspark og går rett i angrep! Duff legg inn frå venstrekanten, og Rodallega er høgst på innlegget. 2-1!
48'
Mål!
1-1
Der kom scoringa! Lur frispark-variant, Nolan lurer seg fri på venstre side av Fulham-forsvaret og skyt på direkten. Rett i mål bak ein fortvila Schwarzer i Fulham-buret!
48'
Demel slår eit hardt og godt innlegg, men Fulham-forsvaret ryddar opp. Gjestene jaktar 1-1 no!
46'
West Ham stormar rett i angrep, men ingen av angriparane klarar å setje ballen i mål.
46'
Då er vi klare for dei siste 45 minutta!
Start 2. omgang Start 2. omgang
Då går laga til pause på stillinga 1-0. Berbatov sende heimelaget i føringa på sin eigen bursdag, etter eit frispark frå Duff. Begge lag har hatt fleire halvsjansar, men kvar gong har ballen gått på feil side av stolpen. West Ham er for alvor med i denne kampen, og har hatt ballen klart mest. Det blir ein spennande andre omgang. Følg med!
Slutt 1. omgang Pause (1-0)
45+1'
Det er lagt til minimum eitt minutt.
45'
Hjørnespark
Cole får ballen tilbake ute ved hjørneflagget, men innlegget blir for svakt denne gongen.
44'
Berbatov leiker seg no! Vinn ballen på eigen banehalvdel, driblar av tre mann, tek med seg ballen framover og klinkar til frå 25 meter. Like utanfor!
43'
Vi nærmar oss pause, og Riise brukar lang tid før han skal ta eit innkast på eigen banehalvdel.
42'
Cole får ballen inne i feltet, men er på feil side av forsvarsrekkja. Offside.
40'
Fin Fulham-sjanse! Ruiz vippar ballen over West Ham-forsvaret, men keeper Jääskelainen snappar opp ballen like før Rodallega får tåa på den.
39'
Berbatov fyller 32 år, og feira bursdagen med å sende heimelaget i føringa. Dobbel glede for Fulham-spissen i kveld!
38'
Karagounis skyt frå distanse, men skotet blir blokkert.
37'
Rodallega skaper trøbbel for gjestene sitt forsvar, og blir lagt i bakken. Får frispark.
36'
Berbatov viser fram gamle kunster, men West Ham-keeper Jääskelainen har kontroll.
33'
Hjørnespark
Heimelaget får rydda unna.
33'
Gult kort
Etter tøff takling på midten.
32'
Tendensar til slosskamp ute på bana no, og dommaren tilkallar seg dei to kapteinane for å få roa ned spelarane. Sidwell får skylda for problemet etter eit tøff takling, og får advarsel.
31'
Begge lag produserer fine målsjansar, og det ligg eit mål til i lufta før pause.
30'
Fin sjanse for West Ham! Innlegg frå venstrekanten, men toppscorar Nolan avsluttar berre ein meter utanfor med pannebrasken!
27'
Duff skyt hardt frå 25 meter. Like utanfor!
25'
Halvsjanse for gjestene! Innlegg frå høgrekanten, men avslutninga frå Jarvis går over!
24'
Innkast til heimelaget på midtstreken, ved Riise.
22'
Gjestene vil verkeleg ha med seg poeng herfrå, og legg inn presset høgt oppe i bana.
21'
Tøffe tak ute på bana no. Karagounis får seg ein skikkeleg karamell i sine edle deler, men er heldigvis på beina att.
19'
Fin sjanse for heimelaget! Rodallega driv framover med ballen og skyt frå 20 meter. Over!
18'
West Ham som har hatt ballen mest dei siste minutta.
16'
Artig kamp på Craven Cottage til no. Begge lag ivrige på å angripe når dei får sjansen.
15'
Hjørnespark
Hangeland nikkar unna.
15'
Diamé prøver seg på ein frekk dribleserie. Blir likevel effektivt stoppa i det han skal runde Fulham-forsvarar nummer tre. Får innkast.
13'
Jarvis tek med seg ballen heilt ned mot dødlinja, men får ikkje den corneren han helst vil ha. Utspark frå keeper.
11'
Viktig scoring for heimelaget, som har opna kampen best.
10'
Mål!
1-0
Duff slår eit frispark inn i feltet, og Berbatov dukkar opp på bakerste stolpe. Han nikkar inn 1-0 frå skrå vinkel. Sterkt å score frå den vinkelen!
9'
Duff blir inspirert av lagkamerat Ruiz, og testar venstrefoten frå same avstand. Denne gongen går ballen utanfor.
8'
Fin sjanse for Fulham! Ruiz klinkar til frå 20 meter, og keeper må gi retur på det knallharde skotet.
7'
Rodallega prøver å finne Riether på løp på høgrekanten, men pasningen er for upresis. Gjestene får innkast.
6'
Hjørnespark
Ufarleg.
4'
Senderos rotar det til i eige forsvar, men ryddar etterkvart opp i eigen feil. Han tek med seg ballen framover, men verken Berbatov eller Ruiz lykkast inne i feltet.
3'
Sidwell er for tøff i duell på midten, og West Ham får frispark.
2'
Riise kastar langt, men ingen av Fulham-angriparane jaktar på ballen. Utspark frå keeper.
1'
Halvsjanse for gjestene. Cole avsluttar, men skotet går utanfor!
1'
Heimelaget tek avspark.
Avspark Start 1. omgang
Spelarane er på veg ut på bana, og vi er straks klare!
Kjem tilbake med lagoppstillingar og meir informasjon når det nærmar seg kampstart. Følg med!
Heimelaget må framleis klare seg utan Etheridge, Simon Davies, Diarra og Frei, medan gjestene manglar Maiga som framleis er med i Afrikamesterskapet med sitt land Mali, som møter Sør-Afrika laurdag. I tillegg er Collins, McCartney og Potts utilgjengelige i dagens kamp.
Chris Foy er dagens dommar.
Hos Fulham er Dimitar Berbatov mestscorande med sine sju fulltreffarar.
Nemnde Nolan er også bortelaget toppscorar denne sesongen. Han står bokført med fem scoringar så langt i sesongen.
Desse to laga møttest også i 3. serierunde i år. Då vann West Ham 3-0, etter scoringar av Kevin Nolan, Winston Reid og Matthew Taylor.
West Ham har heller ikkje imponert den siste tida. Berre ein siger på åtte kampar høyrest ikkje særleg lovande ut. Og når bortestatistikken på dei siste seks kampane er verst av alle laga i Premier League, er det nok mange West Ham-fans som føler seg skeptiske før kvelden kamp. På dei siste seks bortekampane er det nemleg berre blitt ei nettkjenning og eitt poeng.
Fulham har variert formmessig den siste peridoen, og står med fire tap på dei siste sju seriekampane. På Craven Cottage står laget bokført med 4-3-4 på sine heimekampar. I førre serierunde vart det 1-1 heime mot Wigan.
Desse to laga ligg høvesvis som nummer 14 og 12 på tabellen før denne serierunden som går i midtveka. Frå Fulham til nedrykkstreken er det berre fem poeng, og dette er dermed ein svært viktig kamp for begge lag.
Hei, og velkommen til livedekning av oppgjeret Fulham - West Ham frå Craven Cottage!