Referat
Kun høydepunkter
Oppsummering
Då er ein dramatisk kamp slutt på Craven Cottage. Arsenal tek med seg tre viktige poeng i tetkampen i Premier League. Kampen inneheldt mykje, og begge lag måtte avslutte med ti mann etter to raude kort. Fulham var for alvor med på notane, og kunne fort ha sikra seg eitt poeng på slutten. Det greidde dei ikkje, og dermed må mannskapet til Martin Jol rusle skuffa i garderoben. Vi takkar for at du følgde oppgjeret live, og ynskjer deg velkommen tilbake!
Kamp slutt Slutt (0-1)
90+4'
Sjanse for Arsenal! Ramsey avsluttar - like utanfor!
90+3'
No svingar det. Corner til Fulham først, Arsenal avklarer og stormar i angrep. Ikkje langt om å gjere at Arsenal kunne ha fått ein stor sjanse der.
90+2'
No er det tre minutt tilleggstid med 10 mot 10. Skal Fulham likevel klare å få med seg poeng?
89'
Lang ball som blir stussa vidare mot Berbatov. Han ofrar nesten alt i duell med keeper Szczesny. Sisteskansen blir liggjande att på bakken, truleg for å drøye tida.
86'
Hangeland kastar seg inn og blokkerer ei avslutning. Siddisen fekk bruk for alle sine lange centimeter der.
83'
Fin sjanse for Arsenal! Cazorla får ballen innanfor sekstenmeteren og skyt. Rett på keeper!
82'
Fulham vinn innkast høgt oppe på gjestene sin banehalvdel. Tek det tidleg.
80'
Wenger er ute av komfort-sona, og det er ikkje mange med kvilepuls på Arsenal-benken akkurat no. Fulham jaktar 1-1, med ti mann!
79'
Han skyt - rett i muren!
79'
Nytt Fulham-frispark i fin posisjon. Denne gongen blir det Berbatov.
77'
Berbatov i offside, men blir vinka ned av hovuddommar. Fulham får frispark i neste situasjon, 19 meter frå mål!
75'
Ser ut som Arsenal skal styre mot tre poeng her.
73'
Wilshere får frispark på sin første ballberøring.
70'
Fin sjanse for Fulham! Emanuelson slår inn mot Berbatov, men ballen går meir i retning målet. Keeper Szczesny må bokse ballen over!
68'
Arsenal er tilbake i førarsetet, etter ein fin Fulham-periode. Walcott vil så gjerne ha eit mål, men keeper Schwarzer les spelet godt og plukkar opp.
65'
Lang ball mot Sagna, men Richardson har ingen problem med å skjerme ballen ut.
63'
Fulham trillar ball akkurat no.
62'
Kacaniklic blir lagt i bakken av Arteta, som har gult frå før. No lev du farleg, kaptein!
61'
Arsenal lev farleg no, og Wenger på benken føler seg ikkje heilt konfortabel med kamputviklinga akkurat no.
58'
Fin sjanse for Fulham! Ruiz er nesten aleine gjennom, men berre godt forsvarsspel hindrar at angriparen frå Costa Rica kan sette inn utlikninga.
57'
Det gikk 56 minutt før Arsenal fekk laget første corner.
55'
Heimelaget har på ingen måte gitt opp her, og laget klarar seg godt med ti mann.
54'
Ruiz tek frisparket, men skrur det over muren og ballen hamnar på tribuneplass. Der skulle du hatt venstrebeinet til Riise på bana, Martin Jol!
53'
Frispark i fin posisjon for Fulham! Arteta legg Emanuelson i bakken.
51'
Vertane prøver seg, og Berbatov får ballen på kanten av sekstenmeteren. Laget blir likevel pressa til å spele bakover, heilt bak til eigen banehalvdel.
50'
Arsenal held fram med å styre kampen, slik dei også gjorde mesteparten av første omgang.
47'
Hangeland tøff i duell mot Giroud, og får tilsnakk av dommaren. Nikkar bekreftande og høfleg tilbake når mannen i svart forklarar kvar lista ligg.
47'
Med tre poeng i dag vil Arsenal klatre opp på tredjeplass på tabellen, før Chelsea møter Liverpool på bortebane i morgon.
46'
Fulham tek avspark.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Då går laga til pause på stillinga 0-1. Heimelaget fekk Sidwell utvist etter 12 minutt, og det gjorde ikkje oppgåva lettare for mannskapet til Martin Jol. Mertesacker nikka inn omgangens einaste mål like før pause. Arsenal har hatt mesteparten av banespelet, og leiar fortent. Dommaren får høyre lyden av pipekonsert på veg i garderoben av publikum, som er tydeleg missnøgde med at det berre er 21 spelarar ute på bana i andre omgang.
Slutt 1. omgang Pause (0-1)
45+1'
Det er lagt til minimum to minutt av første omgang.
45'
Fortent at Arsenal tek føringa, sjølv om heimelaget jobbar tappert med ti mann.
42'
Arsenal har bra kontroll på dette oppgjeret, men vertane har vore gode på overgangar. Ufordringa for Fulham-laget er at dei angrip med få spelarar når dei først får sjansen.
41'
Fotrappe Emanuelson gjer ein manns jobb, og avsluttar frå 17 meter. Via keeper til corner.
39'
Enkel pasning mot Sagna, men likevel for vanskeleg for høgrebacken. Fulham får innkast og overtek.
37'
Fulham-frispark på midten, og laget får seg eit lite pusterom.
35'
Stor sjanse for Arsenal! Giroud får ballen inne i feltet og klinkar til. Kula fyk rett i stolpen!
35'
Berbatov på feil side av forsvarsrekkja igjen, og sender avgårde nokre gloser til linjemann.
33'
Lang ball mot Walcott inne i feltet, som tek ned ballen nett slik 'Myggen' gjorde i sine glansdager. Han slår inn foran målet, men ballen går i ein Fulham-forsvarar, og tilbake i Walcott og ut. Nesten for gjestene der!
31'
Berbatov nesten aleine gjennom, men linjemannen er også oppe med flagget.
30'
Svenske Kacaniklic ivrig på venstrekanten no, men pasningen mot Berbatov blir litt for svak. Fulham er for alvor med på notane sjølv med ti mann her.
28'
Ramsey skyt frå 20 meter. Rett på keeper!
27'
Fulham angriper, men den siste avgjerande pasningen blir for upresis. Gjestene overtek.
26'
Sjølv om Arsenal har ballen klart mest, klarar ikkje Wenger sitt mannskap å produsere dei heilt store sjansane.
25'
Fulham med heile laget langt nede på eigen halvdel.
21'
Fin sjanse for Fulham! Laget stormar i angrep med to mann, og ballen hamnar til slutt hos Berbatov. Han skyt - rett på keeper!
20'
Giroud vender og skyt frå 20 meter, og vil ha hands på Hangeland når ballen treff nordmannen. Dommaren vinkar spelet vidare.
19'
Heimelaget blir spelt lave no, og Arsenal eig banespelet på Craven Cottage.
18'
Fulham har ei tøff oppgåve foran seg no, som må spele med ti mann mot eit Arsenal-lag i form.
17'
Rosický prøver å spele Giroud fri inne i feltet, men pasningen blir for hard.
16'
Sidwell som fekk rødt kort i kampen mot QPR, måtte på nytt rusle i garderoben før dei andre spelarane. Taklinga var hardt og tøff, men har nok blitt gitt gule kort på liknande taklingar tidlegare.
15'
Nytt frispark til Arsenal på midten. Småampert ute på bana no!
14'
Sidwell ruslar skuffa ut av bana, og Hangeland er i dialog med dommaren om kva som skjer!
11'
Lang ball opp mot Giroud, men Hangeland les spelet godt og avklarar til innkast.
10'
Frisparket blir slått inn i feltet, og Koscielny avsluttar over! Vi noterer ein fin halvsjanse.
10'
Frispark til Cazorla i fin posisjon for Arsenal, etter at Enoh er for tøff i duellen.
8'
Framleis Arsenal som trillar ball, men laget slit med å spele seg gjennom Fulham-forsvaret.
7'
Gjestene har hatt ballen mest dei første opningsminutta.
6'
Arsenal i angrep, og Rosický får til slutt ballen på 20 meter. Han prøver eit skot, men får ikkje skikkeleg treff på ballen.
5'
Frisparket blir slått inn i feltet, men Hangeland ryddar opp i kjent stil.
5'
Walcott får frispark på høgrekanten, og laget flyttar opp luftskyts inn i feltet.
4'
Sol og flotte speletilhøve på Craven Cottage i dag.
3'
Fartsfylt opning dei første minuttane.
2'
Fin sjanse for Fulham! Emanuelson kjem seg rundt på høgrekanten, og slår 45 grader tilbake i feltet. Gjestene får såvidt avklart!
2'
Arsenal trillar ball i 48 sekund, før Fulham bryt på midten.
1'
Gjestene tek avspark.
Avspark Start 1. omgang
Kapteinane Hangeland og Arteta helsar høfleg på kvarandre. Nærmar seg kampstart!
Då har laga rusla i garderoben, og dei gjere sine siste førebuingar før dommar André Marriner bles i gang dette oppgjeret!
Vi kjem tilbake med meir informasjon og lagoppstillingar når det nærmar seg kampstart. Følg med!
Tilsvarande oppgjer i januar i fjor enda med 2-1 til Fulham. Den gongen leia gjestene oppgjeret til det stod att fem minutt av ordinær tid. Steve Sidwell og Bobby Zamora sikra sigeren med to kjappe scoringar i sluttminuttane.
Gjestene har stort sett tilgjengeleg alle sine beste spelarar. Einaste usikre kort er franskmannen Vassiriki Diaby, som har vore på bana i 11 av kampane i år.
Heimelaget må klare seg utan Neil Etheridge, Mahamadou Diarra, Ashkan Dejagah, og Damien Duff i denne kampen. Også Emmanuel Frimpong er utilgjengeleg, ettersom han er på lån frå nettopp Arsenal.
Det skil 20 poeng på tabellen mellom desse to laga. Det har bookmakerane tatt hensyn til, og vurderer gjestene som klare favorittar i dagens kamp.
Hos Fulham er Dimitar Berbatov mestscorande med 13 mål så langt. Han har vore på bana i 28 av kampane i år.
Santi Cazorla er toppscorar for Arsenal denne sesongen, med sine 12 fulltreffarar. Like bak følgjer Olivier Giroud og Theo Walcott, begge med 11 mål.
Arsenal har vunne tre av sine fire siste bortekampar, medan Fulham står med to sigrar og to tap på like mange kampar her på Craven Cottage.
Gjestene har vist sterk form den siste perioden, og har fire sigrar og ein uavgjort på dei siste fem kampane. I førre runde vart det 0-0 mot Everton.
Fulham er nummer ti på tabellen, med 10-10-13 på sine 33 kampar denne sesongen. Arsenal kjempar om plass i Champions League, og er nummer fire med statistikken 17-9-7 med like mange kampar spelt.
Hei, og velkommen til livedekning av oppgjeret Fulham - Arsenal frå Craven Cottage!

