Referat
Kun høydepunkter
Oppsummering
Då er kampen slutt! Start vinn 4-1, og gjestene var meget effektive. Heimelaget hadde ei annulert scoring, skot i stolpen, og følte seg i tillegg snytt for straffe. Marginane var ikkje med Florø i dag, og dei fekk seg ein leksjon i kva fotball på dette nivået innebærer. Vi takkar for følget!
Kamp slutt Slutt (1-4)
90+1'
Rashad skyt i stolpen! Nesten eit trøystemål for Florø der.
90+1'
Det er lagt til minumum to minutt.
88'
Stor sjanse for Start! Vorthoren kjem seg fri og skyt, men denne gongen reddar Frenderup.
85'
Må mange år tilbake før ein finn fire baklengsmål for Florø i ein seriekamp. Kanskje før Firdaligaen si tid.
84'
Frenderup har til dels storspelt denne sesongen, men i dette oppgjeret kan han ta på seg skyld i fleire av baklengsmåla. På en god dag hindrar han tre av desse fire måla.
81'
Florø held oppe trykket, men klarar likevel ikkje å skape nok foran Opdal sitt mål.
78'
Klokka tikkar Start sin veg, og heimelaget har dårleg tid om dei skal få med seg poeng.
76'
Dommar Grøtta overser kampens klaraste frispark, og det er Start som fortviler. Trenar Pedersen spør fjerdedommar Skjerven kvifor han ikkje hjelper dommaren, når han ikkje klarar å sjå slikt sjølv.
73'
1576 tilskodarar ser kampen. Årsbeste!
71'
Florø med mest ball, men slit med å produsere dei heilt store sjansane.
69'
Børufsen nære på hattrick, men skotet hans går på utsida av stolpen frå skrå vinkel!
64'
Florø skal gjere to byter. Hovland og Rashad skal inn.
62'
Ibrahim skal inn for Start.
61'
Stefan Aase med knallhardt skot, og Opdal får akkurat opp hendene i tide! Svir framleis godt inne i dei keeperhanskane, for det skotet var det futt i.
57'
Reksten Solheim går for eit hjørnespark, og får det.
56'
Litt anna kampbilde etter pausen. Florø som har mest ball, og dei jagar 2-2 no.
55'
Fin sjanse for heimelaget! Innlegg frå venstrekanten, og Stefan Aase nikkar like utanfor - i nettveggen!
55'
Lindquist med innkast for Florø, og keeper Frenderup trekk heilt ned til eige hjørneflagg (!) for å gjere seg spelbar.
52'
Børufsen skyt med utsida av høgrefoten, men skotet går utanfor.
52'
Florø-benken i harnisk, og Start-trenar Pedersen er sint fordi vertane roper etter straffe.
51'
Rotihaug går i bakken inne i sekstenmeteren! Dommaren er godt plassert, men vinkar spelet vidare.
50'
Start si nysignering Nigel Reo-Coker var i lett oppvarming i pausen, men slapper godt av på benken akkurat no.
47'
Stefan Aase med feilpasning på midten, og Start overtek. Børufsen lader skotfoten frå 20 meter. Over.
46'
Florø med avspark.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Linjemann sjekker at nettet i målet framleis heng som det skal.
Straks klart for andre omgang.
Heimepublikum gir Florø applaus i det laga går til pause på stillinga 1-2. Det fortel at vertane er for alvor med i kampen om poenga, men Start har scora på sine to store sjansar. Gjestene har kula mest, og det viser 40-60 i fordelinga på kven som har hatt ballen mest. Det blir ein spennande andre omgang - følg med!
Slutt 1. omgang Pause (1-2)
45+1'
Det er lagt til eitt minutt.
44'
Start-fansen syng at dei er på tå.
42'
Skotet gikk gjennom muren, og den danske målvakten klarte ikkje å halde skotet. På returen var ikkje Florø-forsvaret vokne nok, og dermed satt dagens andre bak Frenderup.
39'
Frispark til Start på 17 meter!
36'
Stefan Aase skyt - rett på Opdal!
36'
Frispark til Florø i meget fin posisjon, like utanfor sekstenmeteren. Typisk Husa-hald, men han er på tribunen.
35'
Ibrahim set seg på benken att for Start, etter ein joggetur på 20 minutt.
34'
Monir jobbar hardt tilbake, og vinn eit innkast. Det likar heimepublikum, og gir helten frå FFK-kampen sist applaus.
33'
Erlend Hove for seint inne i takling mot Børufsen. Start får eit velfortent frispark.
28'
Ny fin Florø-sjanse! Peter Aase slår Kim Vik gjennom. Han nikkar ballen vidare inn i feltet, og der er Erlend Hove nære på, men keeper får kontroll. Heimelaget betre med no!
25'
Fin sjanse for Florø! Peter Aase kjem seg ned mot dødlinja inne i feltet. Han slår inn, men Erlend Hove når akkurat ikkje fram.
23'
Start held fram med å styre kampen. Blir kontringar og dødball som må bli Florø sin resept i kveld.
19'
Frispark til Start, midt inne på Florø sin banehalvdel. Frenderup plukkar enkelt.
17'
Der hadde ikkje Steinar Pedersen og Start gjort heimleksa si!
16'
Robstad blir spelt gjennom, men der er Frenderup og kastar seg fram.
15'
Frispark i god posisjon. Daniel Aase står ved ballen - og skyt - via muren, til corner!
14'
Gjermundstad tek med seg ballen framover, og slår opp mot Monir. Start bryt, og stormar i angrep mot eit heimelage i ubalanse. Ender med at Gjermundstad lager frispark på 20 meter.
12'
Erlend Hove driv framover, men pasningen vidare til Monir er ikkje presis nok. Start overtek, men der er Stefan Aase og vinn innkastet.
10'
Florø prøver seg, men det er gjestene som får innkastet. Heimelaget slit med å holde ballen i laget.
9'
35-65 % i ballinnehav så langt.
7'
Framleis gjestene som har ballen mest, men framleis ingen sjansar til nokon av laga.
6'
Applaus på stadion når Sogndal går opp i 1-0 over Viking.
4'
Vik er heilt framme i Start sin sekstemeter, men får frispark imot.
3'
Start som styrer dei første minuttane.
2'
Bra trøkk frå Stimen det første minuttet av kampen. Får håpe stemmene held ut oppgjeret.
1'
Gjestene tek avspark!
Avspark Start 1. omgang
Straks klart for avspark!
Vi kjem tilbake med lagoppstillingar og meir informasjon når det nærmar seg kampstart. Følg med!
Det er gått 356 dagar sidan Florø tapte sist på heimebane. Norsk Tipping trur likevel den rekkja skal stoppe i dag, og gir bortelaget 1.80 gongar pengane tilbake om dei gule frå Sørlandet vinn i kveld.
Start har fått Abubakar Ibrahim speleklar til dette oppgjeret, og det er venta at han går rett inn angrepet frå start i dagens kamp. Dermed må truleg Dennis Antwi starte på benken.
Desse laga er høvesvis nummer åtte og tre på tabellen. Florø har 1-4-1 på sine seks kampar, og første siger kom mot Fredrikstad i førre runde. Start har 4-1-1, der einaste tapet kom på bortebane mot Bodø/Glimt.
Gjestene har også nokre spelarar utilgjengelig. Angriparane Lasse Sigurdsen, Lars-Jørgen Salvesen og Dany N'Guesan er alle skada.
Florø har skade på fleire sentrale spelarar. Andre Reksten, Christer Husa, Kristoffer Ryland, Halvor Solheim-Olsen og Endre Kupen har alle starta kampar i år, men dei må sjå dagens kamp frå tribunen.
Dette blir rekna for å bli den største seriekampen i Florø gjennom historia. Tidlegare har lag som Brann, Molde, Sogndal og Aalesund spelt her i NM-cupen, men aldri før har lag som Start vore på besøk i Florø i seriesamanheng.
Hei, og velkommen til Florø - Start frå Florø stadion!





