Referat
Kun høydepunkter
Oppsummering
HamKam vinner i Florø, etter ein mindre god fotballkamp frå begge lag.
Kamp slutt Slutt (0-1)
90+5'
Florø vinner hjørnespark, flyttar opp alt dei har.
90+2'
Hamkam halar tid etter alle kunstens reglar no.
88'
Florø flyttar fram Runar Hove på slutten.
87'
Solheim-Olsen no over på høgrekant, Moses John Dyer legger seg på venstrekanten.
80'
Jarosinski hos HamKam får beskjed av dommar om å få opp farten på dødballar.
78'
Johannesen vinner hjørnespark for Florø frå høgresida.
74'
Florø inne i ein god periode, pressar HamKam litt bakover og vinner ein del duellar.
69'
Innlegg frå Ndour som treffer Johannesen, som headar den til Savland som stussar den vidare mot mål, men ikkje nok kraft til å true Jarosinski.
68'
Florø får sjansen på dødball. Innlegget kjem frå høgre, Halvor Solheim-Olsen headar den i stolpen. Peter Aase får ikkje skikkelig treff på returen.
65'
Byrjar å bli litt temperatur på bana, går nokon meldingar frå Husa på Florø i retning Nordli på HamKam.
60'
Patrik Johannesen skal inn for Florø.
58'
Javashvili sender den utanfor.
58'
Frispark til Florø i god posisjon, igjen til Knappen sin store frustrasjon.
55'
Lang ball frå Husa til Ndour på høgrekanten. Ndour får kontroll og prøvar seg med høgrefoten. Ballen endar på nettaket til HamKam.
53'
Florø får hjørnespark etter at eit langt oppspel frå Husa blir stussa over linja.
50'
Det skal ikkje stå på engasjementet hos HamKam-trenar Ole Kevin Knappen.
49'
Ndour går innover frå høgrekanten og prøvar eit skot med venstrefoten. Jarosinski har full kontroll.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Laga er på bana og vi er klare til avspark.
Då var det pause på Florø Stadion. Ingen stor kamp. HamKam starta best, der Florø slurva mykje og mista ballen på veg fram fleire gongar. Mot slutten av omgangen klarte heimelaget å heve seg og kome til nokon avslutningar.
Slutt 1. omgang Pause (0-1)
45+2'
Florø får ikkje noko ut av frisparket.
45+2'
Florø får frispark ute på venstresida på ca 20 meter, til HamKam-trenar Knappen sin store frustrasjon.
45+1'
Fem minutt lagt til i 1. omgang.
43'
Ein Florø-spelar ligg nede i eigen 5-meter med ein smell i hovudet. Ser ut til å vere André Reksten.
41'
Innlegg frå Vaagan Moen som Fij plukkar ned og setter kjapt i gang. Florø køyrer tempo framover og Savland prøvar seg frå 20 meter, men ballen går 2-3 meter over mål. Tydeleg at naustedølingen er gira på sitt første mål i OBOS-ligaen.
35'
Florø klarar endeleg å spele av HamKam-presset og spelar seg fram til eit innlegg frå Ndour på høgrekanten. Savland når ikkje heilt fram og Jarosinski fangar innlegget fint.
34'
Savland med eit forsøk på avslutning som trillar inn til Jarosinski.
32'
Brotangen ligg nede og får behandling.
31'
Florø får frispark ute ved linja på ca 35 meter. Litt kaos i HamKam-feltet før Savland får avslutta, men Jarosinski reddar fint.
29'
Florø og Ndour får ballen i mål, men Halvor Solheim-Olsen som slår innlegget startar løpet sitt litt for tidleg og blir avvinka for offside. Såg rett ut.
27'
Nok eit Florø-angrep endar med at dei går seg fast i HamKam og mistar ballen.
21'
Vendingar av spel ser ut til å vere ein sentral del av kampplanen til HamKam. Florø ser ut til å satse meir på kontringar og direkte fotball.
17'
HamKam med kommandoen har no.
10'
Ny lang ball i bakrom som HamKam-målvakt Jarosinski er ute på før Savland når fram.
6'
Florø har slått mest langt i starten. Kom seg nesten til ein sjanse, men elles har det ikkje skjedd stort.
4'
Lita retting på lagoppstillingane: Christer Husa spelar midtstoppar for Florø, medan Javashvili spelar venstreback. Hos HamKam så ligger Vaagan Moen på venstresida, Ibrahim på høgre.
Avspark Start 1. omgang
Då er laga på bana og helser på kvarandre. Straks klare til avspark i Florø.
HamKam spelar i dag sin andre strake bortekamp og er på ein ny tur til det fagre vestlandet. I forrige runde var dei i Hordaland og tapte 0-1 mot Nest-Sotra. Før det hadde dei to sigrar på rad mot Jerv på bortebane og Kongsvinger på heimebane.
Før dagens kamp ligg Florø på kvalifiseringsplassen i OBOS-ligaen, to poeng foran Strømmen på plassen bak og fem poeng bak Åsane, Jerv og dagens motstandar HamKam, som alle har 23 poeng. I forrige runde tok Florø ein råsterk siger borte mot opprykkskandidat og fylkesrival Sogndal, så gjenstår det å sjå om dei klarar å levere på same nivå i dag.





