Referat
Kun høydepunkter
Oppsummering
FFK vinn fullt fortjent 5- 2 over Eid i ettermiddag. Det betyr seriefinale mot Årdal neste laurdag. FFK er nøydd å vinna, men det er ikkje noko betre enn å spela ein fotballkamp med det utgangspunket. Rodger and out.
Kamp slutt Slutt (5-2)
90+2'
Malvin åleine med keeper, men skotet utanfor.
77'
Malvin i gjennom, rundar keeper, men Eid reddar på streken.
75'
Innbytar-skot av Steffen Olsen. Feil fot frå 20 meter og 20 meter utanfor.
72'
Isak går og går, til Adrian som skyt,men keeper reddar flott.
68'
LO igjennom etter gjennvinning og pasning frå Kenneth, men dårleg mottak og keeper reddar.
66'
Eid kjem på eit oppløp, men Røsø skyt langt utanfor.
55'
Eid yppar seg seg, kjem til ein stor og nokre halvsjansar, men Rutlin har kontroll.
54'
LO spring 200 meter med Simen Lefdal i hælane, sler tvers til I Flo, men skotet like utanfor.
51'
Sandane Turn og Idrettslag feirar 100 år i dag. Fjøra helsar og ynskjer dei alle lukke med feiringa.
47'
FFK rett i angrep, men LO over frå 11 meter, flott arbeid av I.Flo på vingen.
47'
Hyggeleg passiar mellom Adam og linjemann Andersen.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Der bles pipeblåsar Skjerven, javnt fram til 1-0 for FFK, etter dette har Fjøra ausa på .
Slutt 1. omgang Pause (4-0)
39'
FFK vinkar på offside, ikkje i nærleiken, men Vedvik får ikkje dreis på avslutninga frå skrått hald.
36'
FFK beleirar 16 meteren til Eid no.
34'
LO gjennom, men åleine med keeper set han ballen i nettveggen.
34'
Isak Flo herjar på vingen no, men enno ikkje teljande resultat.
32'
Store Fjørasjansar.
27'
Gigantsjansar for FFK. To supre redningar av keeper og deretter heading i tverra av J.Flo.
26'
Eid på ny kontring, vil ha straffe, det vil ikkje Skjerven, nytt skot av Vedeld, men Rutlin reddar.
20'
Stor sjanse for Eid, beinparade av Rutlin, Vedvik som skaut.
14'
Slurvete begge lag no.
10'
Eid kontrar og corner etter masse duellar.
9'
FFK teke over no, produsert 2 bra sjansar.
8'
Bra skot av J.Flo, men Skjerven har ikkje på seg brillene i dag. Skulle vore corner. Via både utespelar og keeper.
6'
Skot frå Simen Lefdal, men Rutlin sler til corner. Første sjanse i kampen.
5'
Opplett faktisk!!!!!!!!!!!!!
4'
Gi og ta første minutta.
Avspark Start 1. omgang
Skybrot i Sogndal no. Godt me site inne med obben rett ved sidan av oss.
Ein ting kan me vera sikre på i dag. Det blir ingen vatning før, under og etter kamp. Ög det er vel slik at det beste du kan gjera under regn, er å la da regna. Surt, surt, surt på Campusen. Me anbefalar ull og andre varme klede til dei som ikkje skal spela i ettermiddag. Fjøra er nøydd å vinna, Eid blir nummer 3 uansett kva som skjer siste 2 kampane. Spanande blir da når Sogn møter Nordfjord. Dette blir moro.



