Referat

Kun høydepunkter

Oppsummering

Kamp slutt Slutt (2-0)
90+2'
Spillerbytte
90+1'
Hjørnespark
Ufarleg, og Everton overtek.
90+1'
Det er lagt til minimum tre minutt.
89'
Spillerbytte
87'
Stor sjanse for West Ham! Carroll avsluttar, men ballen vil ikkje i mål for West Ham i dag.
87'
Det går mot tre sikre poeng til Everton her.
84'
Med siger her vil Everton definitivt ha sikra sjetteplassen på tabellen.
83'
Cole sitt gode forsøk var laget sitt andre skot på mål denne kampen.
82'
Osman skyt frå ti meter. Keeper må gi ein kort retur, men hentar seg innatt.
81'
Gult kort
For tøff i duell på midten.
80'
Fin sjanse for West Ham! Cole klinkar til med venstrefoten, og keeper Howard må gi retur. Heimelaget får kontroll.
78'
Hjørnespark
Det står 7-0 i tal cornerar. Ufarleg denne gongen.
78'
Everton jaktar 3-0 no.
76'
Det West Ham har levert i dag er noko av det mest tafatte underteikna har sett av eit fotballag på lang tid. Utifrå spel og sjansar burde leiinga vore langt større.
73'
Spillerbytte
73'
Baines skyt frå 25 meter. Utanfor.
71'
No haglar det på med sjansar for Everton! Innlegg frå høgrekanten, og Anichebe avsluttar like utanfor med hovudet.
71'
Hjørnespark
Ufarleg.
70'
Ny gigant-sjanse for vertane! Pienaar skyt frå åtte meter, og Collins i forsvaret til West Ham får låret på ballen. Nære der!
69'
Hjørnespark
Blir avklart.
68'
Kjempesjanse for Everton! Pienaar spelar ballen inn til Omsan inne i feltet. Han skyt, men keeper Jääskelainen viser seg fram med ei klasseredning!
67'
Everton trillar ball, medan gjestene prøver seg med eit litt høgare press.
66'
Heimelaget har full kontroll på kampen for augeblikket.
65'
Då har gjestene brukt alle sine byter. Vi ventar framleis på vertane sitt første skifte.
64'
Spillerbytte
64'
Tomålscorar Mirallas er ute på sidelinja for å fikse nye linser på augo.
63'
Scoringa låg i lufta, og Everton stormar rett i nytt angrep. Heimefansen vil ha meir!
60'
Mål!
2-0
Nydeleg mål! Mirallas får ballen av Gibson, lurer bort ein forsvarar, og skyt frå 20 meter. Ballen går via ein forsvarar og i bue over ein utspelt keeper.
59'
Vertane spelar fin fotball, men avslutningane står ikkje i stil med resten. Denne gongen var det Mirallas som smelte ballen over frå ti meter.
56'
Cole kjem på bana, med bandasje på armen. Så får vi sjå om det er nok til å skremme Everton-laget i andre omgang.
55'
Spillerbytte
55'
Fin ball inn i feltet, og Osman skyt frå skrå vinkel. Ballen trillar gjennom feltet, ein meter unna steken. Nesten for Everton!
53'
Bortstatistikken til West Ham har vore kjedeleg lesnad denne sesongen. Blir nok ikkje betre etter denne kampen, og ikkje laget hevar seg dei siste 40 minuttane.
52'
Lang ball opp mot Anichebe, som har mann i rygg. Mirallas får ballen på 18 meter, men ballen sklir av foten i det han skal klinke til. Halvhjerta forsøk.
50'
Osman får frispark imot seg i duell mot O'Neil. Det skjønnar han ingenting av.
47'
Everton startar andre omgang slik dei avslutta den første. Trillar ball.
46'
Gjestene tek avspark.
46'
Spillerbytte
Start 2. omgang Start 2. omgang
Straks klart for andre omgang.
Då går laga til pause på stillinga 1-0. Skilnaden mellom laga har vore langt større, og gjestene har vore utruleg svake den første omgangen. Everton har produsert fleire halvsjansar, men har slite med å få ballen i mål. Underteikna er tilbake med andre omgang etter ein tekopp i pausen. Følg med!
Slutt 1. omgang Pause (1-0)
45+1'
Då er vi på overtid, og det er lagt til minimum eitt minutt.
45'
O Neil slår eit frispark inn i feltet, men ballen går over alt og alle.
43'
Everton med småspel innanfor West Ham sin sekstenmeter. Det meistrar dei ikkje, og gjestene overtek.
41'
Heimelaget har hatt 67 prosent ballinnehav til no i kampen.
41'
Gult kort
Tøff takling, og får tydeleg beskjed frå dommaren om kva han meiner om slike taklingar.
40'
Mirallas prøver seg frå 20 meter. Skotet blir blokkert!
38'
Hjørnespark
Distin avsluttar utanfor.
38'
Fin sjanse for Fellaini og Everton! Klinkar til på direkten inne i feltet. Får corner!
36'
Lang ball inn i feltet, og ballen hamnar hos Nolan som skyt på halv volley. To meter til side for målet! Vi noterer dermed ny halvsjanse for gjestene.
35'
Carroll stormar framover, og blir lagt i bakken. Det påfølgjande frisparket er ikkje godt nok.
34'
Midtstoppar Collins får seg ein smell, men hardhausen hinkar vidare.
32'
West Ham har berre scora 11 mål på sine bortekampar denne sesongen. Det er færrast av alle lag i årets Premier League.
31'
Første halvsjanse for West Ham! Nolan skyt frå 16 meter, og keeper må gi retur. Får etterkvart kontroll!
30'
Framleis er det Everton som er det klart førande laget.
28'
Gjestene tannlause framover, og har knapt vore innanfor sekstenmeteren til Everton denne første halvtimen.
27'
Medan West Ham slit borte, er Everton eit meget sterkt heimelaget. Berre eit tap på Goodison Park denne sesongen er imponerande.
25'
Stor sjanse for Everton! Mirallas dreg seg gjennom feltet, og skyt frå ti meter. Ballen blir blokkert i eit West Ham-bein, og Anichebe får plutseleg ballen på fem meters hald. Han avsluttar - rett på keeper!
25'
Gjestene har berre vunne tre bortekampar denne sesongen. Berre fire lag har færre enn det!
23'
West Ham på ein sjeldan visitt oppe på Everton sin banehalvdel. Får innkast ved hjørneflagget.
22'
Hjørnespark
Blir avklart.
22'
Anichebe testar skotfoten. Får corner!
20'
Heimelaget har fått kampen i det sporet dei vil ha, men slit med å produsere dei heilt store sjansane. West Ham blir spelt djupe, og har ti mann bak ballen når dei forsvarar seg.
18'
Vertane viser seg fram med fin offansiv fotball på ein touch, men keeper Jääskelainen kastar seg fram, og er først på ballen inne i feltet.
17'
Fin ball mot Mirallas, men kantspelarer er på feil side av forsvarsrekkja. Offside!
14'
Framleis Everton som eig banespelet her, og gjestene har vore tamme det første kvarteret.
13'
Coleman stormar framover, men blir takla. Får ikkje frispark, og er tydeleg missnøgd med mannen i svart.
11'
Førebels har West Ham hatt lite å stille opp med her på Goodison Park.
10'
Ny fin sjanse for Everton! Osman blir lagt i bakken like utanfor sekstenmeteren, men dommaren let spelet gå. Ballen hamnar hos Pienaar som skyt - like utanfor!
9'
Lang ball mot Coleman, som får lagt inn mot feltet, men innlegget blir blokkert ut til innkast.
9'
Lang ball mot Coleman, som får lagt inn mot feltet, men innlegget blir blokkert ut til innkast.
7'
Fortent at heimelaget tek føringa i kampen, sjølv om laget ikkje har produsert dei heilt store sjansane før scoringa.
6'
Mål!
1-0
Der sitt den for Everton! Nydeleg angrep, der laget kjem seg rundt på venstrekanten. Ballen går vidare på ein touch, og Mirallas får æra av å setje inn 1-0 i det lengste hjørnet frå 15 meter. Fin scoring!
6'
Lang ball mot Collison, men keeper Howard les spelet godt og er utanfor sekstenmeteren for å avklare.
4'
Heimelaget har opna klart best.
3'
Hjørnespark
Fin halvsjanse for vertane! Distin får sjansen på bakerste stolpe, men avslutninga går to meter til side for målet.
2'
Hjørnespark
Diamé nikkar unna.
2'
Baines kjem til innlegg frå venstrekanten, men gjestene får rydda unna i forsvaret.
1'
Heimelaget tek avspark.
Avspark Start 1. omgang
'In Moyes we trust', møter spelararne og trenarane når laga entrar bana. Everton-manageren får ståande applaus av heimefansen!
Laga er på veg ut på bana, og vi nærmar oss kampstart!
Har du spørsmål eller innspel kan underteikna treffast på Twitter med @Asgeirardal. Du kan også bidra med dine meiningar med hasjtag livefotball. Då vil dine tweets nå fram til heile fotball-Norge i kolonna til høgre.
Begge desse laga spelte 0-0 i førre runde. Og dei to siste gongane laga har møttest her på Goodison Park har det enda med 2-2. Luktar det uavgjort i dag?
Marouane Fellaini er toppscorar for Everton i år, med 11 mål. Hos gjestene er Kevin Nolan mestscorande med sju fulltreffarar.
West Ham har gjort sine saker bra den siste perioden. På dei siste seks serierundene har det blitt fire uavgjorte kampar, mellom anna mot Manchester United og Liverpool.
Everton er eit vanskeleg lag å slå. På dei siste ni kampane har det berre blitt eitt nederlag. Totalt har det berre blitt seks tap i år, og det er berre tetduoen Manchester United og Manchester City som har færre tap enn Everton til no i årets liga.
Heimelaget ligg som nummer seks på tabellen, medan West Ham er nummer ti etter 36. serierunder.
Dette blir Everton-manager David Moyes sin siste heimekamp som sjef i stolen på Goodison Park. Frå 1. juli 2013 vil Old Trafford vere arbeidsstaden, og laget vil vere Manchester United.
Hei, og velkommen til Everton - West Ham frå Goodison Park!