Referat
Kun høydepunkter
Oppsummering
Då er kampen slutt, og kampens einaste mål kom etter 16 minutt. Ingenting å seie på at alle poenga blir att på Goodison Park. Fulham heva seg etter pause, men det heldt likevel ikkje til poeng. Fortent siger! Takk for at du følgde kampen live, og velkommen tilbake ved eit seinare høve.
Kamp slutt Slutt (1-0)
90+3'
Rodallega går i bakken inne i feltet, men hovudpersonen sjølv skrik heller ikkje etter straffe. Korrekt av dommaren å vinke spelet vidare.
90+2'
Frispark til Fulham i midtsirkelen. Har dårleg tid, og tek det kjapt.
90+1'
Stor sjanse for Everton, men ei kjemperedning frå Schwarzer hindrar scoring!
90'
Det er lagt til minimum fire minutt av andre omgang.
89'
Mirallas blir spelt fri, men er på feil side av forsvarsrekkja i det pasningen blir spelt.
87'
Petric tek frisparket og skyt frå langt hald - rett i muren!
86'
Der burde heimelaget ha punktert kampen. Skal Fulham nytte sjansen og lure med seg eitt poeng?
85'
Kjempesjanse for Everton! Innlegg frå venstrekanten, og Fellaini lurer seg heilt frå på bakerste stolpe. Keeper er på bærtur, men toppscoraren set ballen via bakken, og over frå fire meters hald!
85'
Han er tilbake på bana, og laga spelar no 11 mot 11 igjen.
84'
Enoh får seg ein trøkk, og må ut på sidelinja for å på hjelp.
82'
Everton-frispark på midten, og laget brukar lang tid.
77'
Everton er nære 2-0! Først er det Mirallas som skyt hardt - rett på keeper. Like etter er det Fellaini som skyt - like over!
75'
Mirallas går i bakken innanfor sekstenmeteren. Blir vinka på beina att av dommaren.
72'
Frisparket blir slått inn i feltet. Får corner.
70'
Lite som skjer ute på bana no.
68'
Barkley med knottane først, og høg fot i sin første involvering. Slepp unna advarsel.
66'
Pienaar får ballen inne i feltet, men får ikkje til ei avslutning. Laget beheld likevel ballen.
64'
Litt meir trøkk over det Fulham leverer i andre omgang, men framleis har Everton grepet om kampen.
62'
Fulham får frispark på midten. Tek ein kort variant, og trillar ball i forsvaret.
61'
Duff blir spelt fri, men avsluttar rett på keeper. Innbytaren er også i offside.
59'
Frispark oppe ved hjørneflagget for Everton. Baines slår inn, men Fulham får avklart!
57'
Skal Duff vere mannen som verkeleg får fart på Fulham-laget?
55'
Everton med eit sjelden balltap på midten. Fulham spelar seg gjennom på venstresida, og Emanuelson får sjansen med venstrefoten. Han skyt knallhardt - like utanfor!
52'
Osman for tøff i duell på midten. Fulham får frispark.
50'
Jelavic får ballen innafor sekstenmeteren, men ferdigheitene står ikkje i stil med ambisjonane han har om å drible seg forbi to forsvarsspelarar. Gjestene overtek.
47'
Heimelaget startar slik dei avslutta første omgang. Trillar ball på eigen banehalvdel.
46'
Fulham tek avspark.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Då ruslar laga i garderoben. Angrepet som gav 1-0 var i seg sjølv verdt inngangspengane for alle Everton-fans denne første omgangen. Fulham har vore svake, og ikkje produsert ein einaste sjanse, før eitt minutt før pause. Blir ein spennande andre omgang, følg med!
Slutt 1. omgang Pause (1-0)
45+1'
Det er lagt til minimum eitt minutt av første omgang.
44'
Stor sjanse for Fulham! Richardson kjem seg fri inne i feltet, og han skyt. Ballen går like utanfor. Petric kasta seg også fram, men vart for sein.
43'
Lang ball opp mot Everton-angrepet, men keeper er med på notane.
41'
Fellaini får sjansen frå ti meter, men får ikkje skikkeleg treff på ballen. Mulig han fekk noko av hårmanken foran augo i skotaugeblikket.
40'
Nærmar oss pause, og heimelaget har vore klart best.
38'
Jelavic blir spelt fin gjennom på høgrekanten, og stormar mot mål. Han prøver eit skot, men forsøket er håpløst!
37'
Fulham med nytt balltap på midten. Denne gongen får kaptein Hangeland rydda opp.
36'
Manolev driv framover, men mistar ballen på midtsteken. Heimelaget overtek, og måltjuven Fellaini får ballen på ti meter. Han skyt - like utanfor!
35'
Petric med hoftesving. Blir straffe med frispark imot seg.
32'
Heimelaget framleis det beste laget, og er nærmare 2-0 enn gjestene er 1-1. Heller ikkje gunstig for Fulham at toppscorar Berbatov rusla skuffa i garderoben, utifrå det om kan tolkast som ein skade.
31'
Mirallas tek frisparket. Han skyt - via muren. Får innkast i neste trekk.
29'
Halvsjanse for Fulham. Innlegg frå venstrekanten, som blir rydda unna like foran nasa på Berbatov.
28'
Richardson og Ruiz kombinerer på venstrekanten for Fulham. Får innkast.
27'
Heimelaget har vore gode, medan gjestene har vore tamme til no i oppgjeret.
25'
Ruiz slår gjennom til Berbatov, som riv seg i håret over at pasningen kjem for seint. Offside.
23'
Gjestene som trillar ball akkurat no. Ikkje mykje dei har fått lånt ballen dei første 25 minuttane.
22'
Jelavic slår inn i feltet, og Anichebe får hovudet på ballen. Avslutninga går nokre meter utanfor!
21'
Lang ball mot Berbatov som lurer inne i feltet, men spissen når ikkje opp i duell mot keeper.
20'
Jelavic får ballen innanfor sekstenmeteren, men sklir i det han skal skyte.
18'
Everton held fram med å leggje press på gjestene.
17'
Scoringa låg i lufta, sjølv om det har vore få sjansar første 15 minutta.
14'
Nydeleg angrep av Everton, men Osman er i offside i det han avsluttar like over.
13'
Everton som har hatt ballen klart mest dei første minuttane her på heimebane. Likevel ventar vi på kampens første store sjanse.
12'
Vertane jaktar 1-0 no!
11'
Fint angrep av vertane, og laget får to sjansar med ball innanfor sekstenmeteren på kort tid. Ingen av spelarane kjem seg til avslutning, og Fulham slepp med skrekken.
10'
Fire kampar att av Premier League. Skal det vere håp om Champions League for heimelaget bør dei siste kampane vinnast!
9'
Berbatov er nære for Fulham, men når ikkje fram på framspelet. Keepermat.
8'
Heimelaget har opne oppgjeret best.
7'
Anichebe prøver seg langt høgrekanten, men får ikkje det hjørnesparket han er ute etter. Utspark frå mål.
6'
Enoh prøver å finne Berbatov, men spissen er i offside.
5'
Everton slår eit frispark inn i feltet frå fin posisjon, men også denne gongen gjer keeper Schwarzer det som blir forventa av han. Gjestene får avklart.
4'
Fellaini skyt frå 16 meter, får corner.
3'
Lang ball mot Jelavic, men midtstoppar Senderos får avklart til innkast.
2'
Anichebe testar skotfoten frå 25 meter. Høgt over!
1'
Heimelaget tek avspark.
Avspark Start 1. omgang
Spelarane står klare i spelartunellen, og vi nærmar oss avspark!
Jonathan Moss er dagens dommar.
Vi kjem tilbake med meir informasjon og lagoppstillingar når det nærmar seg kampstart. Følg med!
Hos Fulham er Dimitar Berbatov toppscorar med 13 mål.
Marouane Fellaini er Everton sin mestscorande med 11 mål så langt. På sine 27 kampar for klubben denne sesongen har han også fått sjå det gule kortet heile åtte ganger.
Vertane må unnvære forsvarsspelar Tony Hibbert, som er ute med skade. Elles har laget stort sett skadefri tropp.
Fulham må klare seg utan taklingsivrige Steve Sidwell, som må sone fire kampars karantene etter at han fekk sitt andre raude kort denne sesongen - i førre kamp mot Arsenal. I tillegg er Neil Etheridge, Mahamadou Diarra og Ashkan Dejagah alle ute med skader.
Gjestene slit med formen, og har berre scora eitt mål på dei siste fire seriekampane. Det blir det lite poeng av! Dei to siste kampane har begge enda med tap. Bortestatistikken for Fulham viser 3-7-7.
Det har berre blitt eitt poeng på Everton sine siste to kampar. Men her på heimebane er statstikken god, og dei siste fire oppgjera har alle enda med siger, og fine 8.1 i målskilnad. På laget sine 17 heimekampar står laget bokført med berre eitt tap.
Hei, og velkommen til Everton - Fulham frå Goodison Park!

