Referat
Kun høydepunkter
Oppsummering
Eid tek med seg tre fortjente poeng og nok ein clean sheet i ein dominant match mot nabogjestane frå Sandane. Neste helg ventar ein tøffare motstand når Fjørå gjestar Eid.
Kamp slutt Slutt (4-0)
90+5'
Frislid boksar hol i lufta, men Sandane klarer ikkje få den frie ballen mellom stengene.
90+5'
Haus lagar frispark til Sandane ute på deira venstreside. Litt unødvendig på feilvendt spelar.
90+3'
Nære på etter hjørnesparket! Etter klassisk klabb og babb dreg Håvard Holmøyvik ei avslutningsforsøk som du berre finn i dei råaste kavalkadane på internett. Utrulig nok klarer keeper å få opp hendene på volleyforsøket. Kjemperedning!
90+2'
Mostad med eit kreativt dribleraid eller forsøk på å få kontroll på ball i feltet. Klarer nesten det og får avslutta via keeper og til corner.
90'
Kampens gode dommar har lagt til minimum 4 minutt i det stemninga i Sandanelaget begynner å bli rimelig dårlig.
89'
Haus blir lurt av ei tue. A-laget må trakke bana betre etter trening, så slepp ein slike.
89'
Frispark til Sandane. Bjotveit forsøker frå 25 meter, men skrur ballen like over mål.
87'
Håvard Holmøyvik forsøker å vise at han har lært frisparkteknikk frå den daglige leiaren i Eid Fotball, men er ikkje like treffsikker. Skot til side for mål frå 20 meter.
84'
Flatebø har sprunge på seg krampe i heten og ligg ned med litt yogaøvelsar.
83'
Stor sjanse for Sandane! Rebbestad får muligheten til å pynte på resultatet, men avsluttar utanfor mål.
81'
Sandane har ikkje gitt heilt opp. Vik frampå med avslutning like utanfor mål.
79'
Mange på Eid som har levert i varmen i dag. Innbyttar Taklo vinn ball og dreg seg forbi ein motspelar før han løsnar skot. Får ikkje nok trøkk til å løfte ballen over keeper.
73'
Coach Aarvik viser at han ikkje har gløymt gamle kunster då han dempar ballen på bælen på sidelinja. Minner litt om teknikken til Ancelotti.
72'
Drikkepause for laga. Sander Frislid underholder publikum med trikseshow. Bør melde seg på neste sesong av norske talenter.
70'
Vik snappar ballen frå Holmøyvik og forsøker tre igjennom til Bjotveit, men han har sprunge for fort og er komen i offside.
68'
Sindre Årskog i farta på venstrekanten. Blir avblåst for brøyt etter at to blå ligg igjen på bakken.
63'
Bjotveit blir spelt igjennom åleine med Frislid. Taktisk manglande vatning av bana stoppar ballen i det tørre graset, så keeper kan enkelt plukke ballen frå spissen som misser kontrollen.
59'
Vedeld på farta i bakrom igjen. Denne gongen blir han sprungen opp av ein forsvarspelar. Eid skrik på corner, men dommar dømmer korrekt utspel frå mål.
57'
Flatebø litt tøff med ein gloppar i feltet, og alle blå skrik på straffespark. Dommaren er på samme banehalvdel og ser at det ikkje er nok til å blåse.
52'
Oliver Holmøyvik forsøker ein bakromsstikkar mot Ove Balsnes. Sandane bryt og Balsnes lyser taklingslyst lang veg
49'
Kjemperedning frå Uribe! Lefal blir spelt fri inne i seksten og får avslutta. Ei god reaksjon frå keeper og ut til hjørnespark.
46'
Bortelaget set i gang andreomgang.
Start 2. omgang Start 2. omgang
I det ein heil gjeng med kvinnelige supportarar spring forbi stadion, så er laga på veg inn igjen til andre omgang. Sola steiker godt ute på matta og vi håpar både spelarar,dommarar og datamaskin unngår heteslag i andre omgang.
Håre bles pausetrudelutten sin og laga stormar inn i skyggen for væskepåfyll og nedkjøling. Ein jamnspelt førsteomgang, der Eid har styrt det meste uten å skape voldsomt med sjansar.
Slutt 1. omgang Pause (1-0)
45'
Meget strøkne baneforhold på stadion i dag. Skulle tru det var profesjonelle som hadde klipt bana.
45'
Årskog med eit lite steriliseringsforsøk på Vik, som må ned og telle til 10. Det er lagt til tre minutt i første omgang. Vik heldigvis tilbake på beina.
43'
Holmøyvik og Årskog kjempar mot fire sandensarar på bakre stolpe, men overmakta blir for stor og dei klarer ikkje få heading mot mål.
43'
Eid vinn nok eit hjørnespark. Lefdal skal skru ballen inn i feltet.
40'
Beitveit med nok ei solid innvolvering på midtbana. Vinn enda eit frispark
39'
Sandane frampå med eit inneleggsforsøk, men Holmøyik har stålkontroll i midtforsvaret og ryddar enkelt unna.
37'
Felde på dribleraid oppover høgrekanten. Lurer et par glopparar ut i pølsekøen før han møter ein back som har sett ei finte før. Kast til Eid.
32'
God igangsetting frå Uribe til Gimmestad, som speler fint vegg med kaptein Vik. Sindre Årskog jobbar seg tilbake på rett side og får stoppa eit godt Sandane-angrep.
30'
Lefdal skal lime ballen i vinkelen, men ballen trillar rett inn i fanget på keeper Uribe. Speakerbua kan tilby presisjonskurs på skot frå sekstenmeterstreken, berre å ta kontakt!
29'
Årskog på farta på høgrekanten, men blir glimrande stoppa av Hukset. Eid vinn tilbake ballen og forsøker på nytt. Beitveit blir takla like utanfor 16-meteren og vinn frispark.
28'
Habtemariam med skotforsøk, men den ballen går milevis over mål og landar sikkert midt ute på Eidsfjorden.
28'
Nesten for Åsebø som får ballen inne i STIL-feltet, men kjem for skrått på mål og avsluttar utanfor.
24'
Ein viktig drikkepause på Eid stadion. Vi på nordvestlandet er ikkje vant til slike temperaturar.
24'
Håre legg lista skyhøgt. Felde blir tatt to gongar på høgrekanten, og får til slutt frispark.
22'
Vedeld misser på et Youtube-hælspark og må jage etter Sandane-spelarane som har fått blod på tann.
18'
Eid får heada unna både ein og to gongar. Sandane meir med i matchen no!
17'
Sandane bryt etter pasningsfeil på Eid si midtbane. Løvland set fart mot Eidforsvaret, men Flatebø får lefsa ballen ut til hjørnespark
13'
Supportaren til STIL set i gang eit heiarop i det Eid rotar vekk sitt tredje hjørnespark for dagen. Tre corner blei ikkje straffe, og heller ikkje mål. Denne blei alt for lang og gjekk ut til utspel for Uribe i Sandane-målet.
12'
Holmøyvik testar teknikken til keeper Frislid. Skyt ballen i knehøgde, men keeperen viser at han har spelt spiss på Haugen og dempar ballen mesterlig.
11'
Årskog finn Åsebø i feltet, men Sandane får hindra mål.
11'
Nok eit legg på bakre stolpe. Flatebø headar i den nevnte stolpen før Holmøyvik hamrar returen langt over mål. Like langt bakpå med skotet som med oppussinga i Holmøyane
10'
Jonas Beitveit har tatt en pause frå den krittkvite Seljesanden og er på raid i Sandane-feltet. Legger inn til Kristian Lefdal som lurer til seg kampens andre hjørnespark.
8'
Åsebø legg ballen på pæra til Holmøyvik, men litt for hardt, så han får ikkje heada ballen mot mål. Eller vart det spensten som det kanskje mangla bittelitt på?
7'
Lefdal på løp og kjempar fram hjørnespark til Eid. Då er alltid Holmøyvik ein trussel i luftrommet i feltet.
6'
Dommar gir ein god fordel og Eid spelar seg fram til kampens første sjanse. Tore Årskog har ikkje fått pussa børsa skikkelig og sender ut eit litt for slapt skot. Heldigvis lenge til hjortejakta.
4'
Eid manglar nokre sentrale spelarar i dag, med Simen Lefdal ute med sjukdom og Kristian Årskog vekkreist på dagen. I tillegg fekk Joakim Vedvik en smell i sist heimekamp, som ikkje har kurert seg til kampen i dag.
1'
Sindre Årskog får sola i augene og misser ballen ut over sidelinja. Gjer det godt igjen med å vinne neste duell.
Avspark Start 1. omgang
Dei som ikkje har smurt seg inn med solfaktor 50 eller funne skuggen får ein raud dag i morgon. Då er det kampstart på stadion!
Vi kjem tilbake med lagoppstillingar og liveoppdateringar frå kampen seinare. Kanskje får vi sjå nokre tidligare Eid-spelarar i Sandanedrakta i dag?
Vi får håpe at trappa ned til stadion er kosta denne helga, for også denne gongen skal evigunge Ragnar Åmot vere assistentdommar. Denne gongen skal han assistere fløytesjef Asbjørn Kjetil Håre frå Fjøra FK i lag med Ruben Petersen Heggen frå Heia IL. Raggen gjorde ein solid dugnads- og dommarinnsats her sist helg i kampen som Eid vann 1-0 mot Høyang. Sandane kjem frå si side frå eit respektabelt bortetap mot Årdal.
Det er ein alldeles strålande dag i Nordfjord. Om du ikkje er fullt oppteken med Måløydagane eller Selje Cup, så er Eid stadion plassen å vere klokka 14.00. Der kjem tidligare Eid-keeper Simon Gimmestad på besøk med disiplane sine i Sandane Turn og Idrettslag. Dei skal forsøke å spele god nok fotball til å ta med seg 3 poeng som tilbehør til fergesvelene på veg heim over fjorden.



