Referat
Kun høydepunkter
Oppsummering
Dommar bles av kampen og Eid sikrar seg tre nye poeng på heimebane, etter ein litt variabel match. Håvard Holmøyvik blei einaste som klarte å få ballen i mål i ein kamp som hadde nok sjansar til å sjå eit anna resultat. Ingen sommarfotballfest på stadion, men vi satsar på den kjem neste helg når naboane på feil side av Lote-Anda kjem på besøk.
Kamp slutt Slutt (1-0)
90+4'
Vedeld på raid, men driblar seg vekk. Høyang får ein siste overgang.
90+2'
Der var nok sjansen til Høyang! Måren får ballen innanfor feltet og kan utligne, men bles avslutninga langt til side for mål.
90+1'
Inne på overtid og det ser ut til at Eid skal forsøke å hale ut dei siste minutta.
90'
Vedeld spelt fri på høgrekanten og slår inn mot Årskog framfor mål. Ei lang Høyangtå får hindra dobling av leiinga
89'
Kristian Årskog stormar igjennom med to raudkledde i hælane. Blir takla og vil ha straffespark, men også denne gongen let dommar vere å blåse.
89'
Close! Beitveit finn Kristian Lefdal med ein fin stikkar. Spissen dunkar til frå sekstenmeterstreken, men like til side for mål
86'
Beitveit med et pasningsforsøk som ser ut som skot frå midtbana. Keeper får kontroll
85'
Vedvik nede for telling i motsatt straffefelt. Haltar av bana og er ferdigspelt for dagen.
84'
Høyang brøler på straffe etter at Aven går ned i duell med Flatebø. Dommar ikkje enig.
81'
Eid med positive tendensar. Speler seg fram til corner. Kristian Lefdal skrur den utover på haudet til Flatebø, som headar over mål.
78'
Kristian Lefdal slår ei strøken pasning gjennom til Vedeld. Blir meget tvilsomt vinka av for offside.
77'
Balsnes skubbar med strake hender og får frispark mot seg.
72'
Vedeld på farten med ein gong. Ballen sprett igjennom til Kristian Lefdal som så vidt får tuppa ballen forbi ein utrusande keeper. Høyang-keeperen unngår å takle Eid-spissen og ballen går til utspel.
69'
Frislid ute og boksar. Eid set fart i angrep, men både Åsebø og Kristian Lefdal har sprunge i offside.
68'
Høyang oppe og vinn ein sjeldan corner.
67'
Kristian Lefdal avsluttar og navnebror Årskog får ein monstersjanse til å sette returen i mål. Men treff ein liggande Høyang-keeper.
64'
Felde på raid oppover høgrekanten. Spelar fram Kristian Årskog som får godt med luft under ballen på innlegget og finn bror sin inne i feltet. Høyang får klarert ut til innkast.
63'
Meir klabb og babb etter neste corner og nytt avslutningsforsøk frå Eid. Nok eit hjørnespark.
62'
Svingar fort. Hjørnespark til Eid. Åsebø slår inn. Høyang får halvvegs avklara. Eid bit seg fast igjen og Holmøyvik skyt i ei raudtrøye og til ny corner.
62'
Målsnik Måren på full fart igjennom, men uheldigvis for han er det Johan Wan Bissaka som følger han. Felde gir han ei lita skulder og Frislid kan plukke ball.
60'
Eid framleis med eit lite overtak utpå, men det er ganske variable prestasjonar no
57'
Nære på for Eid igjen. Kristian Lefdal får kontroll på ein sprettball på midtbana og slår direkte igjennom til Vedvik som forsøker chippe over keeper. Men Bergset i Høyang-målet får akkurat to fingertuppar på ballen og slått til corner.
55'
Kyrkjebø klinkar ballen igjennom til Aven. Avslutning godt til side for mål.
53'
Nesten scoringsfeiring på Kristian Årskog! Lefsar til frå distanse, men keeper reddar fint.
52'
Blei litt ballwatching frå skribenten her no, så gløymte nevnte to halvsjansar til Eid. Haugen og Åsebø med kvar sine avslutningsforsøk som blei blokkerte.
48'
Corneren blir det ingenting ut av. Høyang farlig frampå like etterpå. Innbyttar Ness stormar igjennom åleine med keeper, men Frislid med ei strålande redning hindrar utlikning.
47'
Kristian Årskog vinn hjørnespark i det ei rekke med tyske turistar kjem cruisande forbi på elsparkesykkel.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Høyang har satsa på kvalitet framfor kvantitet i dag, og har ein einsleg innbyttar i troppen. Ser ut til at han er på veg inn til andreomgangen.
Dommar Søgnen bles av for pause. Eid kan takke eit par oppofrande forsvarsspelarar for at dei ikkje har fått baklengs, men ledar etter vår meining fullt fortjent. Har spelt seg til fleire sjansar og vore farlige på dødballar. Vi spår fleire lange innkast og mål etter pause. No vafler og kaffi i kiosken!
Slutt 1. omgang Pause (1-0)
45'
Kristian Årskog sender søknad om å få ta seg av vinterbrøytinga på Lote komande vinter. Pløger ned halve Høyang-forsvaret og får frispark mot seg.
45'
Dommaren blir litt for involvert i spelet og blir truffe av ei Høyang-pasning.
43'
Vedvik dreg seg inn i feltet og spelar vidare til Simen Lefdal som avsluttar like utan for 16-meteren. Keeper Bergset med fin redning.
41'
Megasjanse for Eid igjen! Brødrene Lefdal kombinerer fint på midten førballen blir slått mot Vedvik som er akkurat litt for kort til å styre innlegget i mål. Ballen går vidare til Sindre Årskog som set ballen like utanfor frå kort hold. Nære!
40'
Felde driblar av eit par mann før han sender av gårde ei skikkelig sokkepasning med venstrefoten. Høyan misser ball like etter, så Eid forsøker igjen.
38'
Holmøyvik vinn alt av duellar, viser sambatakter og trillar igjennom til Kristian Lefdal som ikkje har klart å holde seg på rett side av offsidelinja.
37'
Vedvik gir Alrek parkeringsbot og rundar høgrebacken. Sender av gårde noko mellom innlegg og skot som går i nettveggen.
35'
Ny feit sjanse til Høyang, men denne gongen er det Haugen som får slengt seg i vegen for avslutninga.
34'
Farlig frå Høyang! Aven parkerer fullstendig Åsebø og kjem åleine mot Frislid. Rundar keeper, og skal berre sette ballen i tomt mål. Men ut frå ingenting kjem Felde med ei takling frå øverste hylle og blokkerer avslutninga.
33'
Upresist frå Lefdal, så Høyang får heada unna.
33'
Eid speler seg fint fram med fleire gode pasningar. Innleggsforsøket frå Årskog blir blokkert til corner. Tippar ballen endar i mølja framfor keeper igjen.
31'
Kristian Årskog setter nok ein pers i lange innkast. Nok ein gong er keeper skikkelig på bomtur i luftrommet. Eid skrik etter scoring men assistentdommar Åmot står på dødlinja og ser at ballen ikkje er over.
30'
Eid trykker på no. Kristian Lefdal blir spelt fri i feltet, men får ikkje avslutta.
29'
Innkast til Eid. Kristian Årskog kastar ballen nesten heilt i mål. Keeper misser i feltet, men ballen kjem for skrått på mål til at Holmøyvik klarer å styre den mellom stengene.
27'
Nesten igjennom til Vedvik, men keeper Bergset og stoppar Maureira får stoppa kjappfoten frå Hjelle krins.
27'
Ball på taket på speakerbua. Mulig vi må utstyrast med hjelm til neste kamp.
24'
Aven på sprinttur igjen på høgrekanten. Ikkje enkel å holde følge med. Haugen får kontroll i feltet. Spelar til Flatebø som mister kontrollen, men forsvaret får til slutt rydda unna.
23'
Kristian Lefdal luftar skotfoten frå 25 meter. Rett på keeper..
22'
Frislid på beina igjen. Heldigvis for Eid, sidan der ikkje kryr av reservekeeperar på benken i dag.
21'
Aven slår inn framfor mål. Keeper Frislid kastar seg ned og plukkar ballen framfor Kyrkjebø som ikkje klarer å stoppe i tide. Keeper får au.
19'
Måren på raid på høgrekanten. Kvikk i beina, så Eid-forsvaret får ikkje tak på han. Storscoraren får avslutta via betongkassa til Holmøyvik og til corner.
18'
Hjortejeger Årskog får følelsen av å bli beskutt, i det Flatebø klarerer ballen i ryggen på medspelaren sin.
17'
Oppvisning i leggispasningar frå begge lag akkurat no. Eid får kast. Alrek med to kjappe klareringar ut over sidelinja.
15'
Åsebø legg corneren likegodt i tverrliggaren, stanga og ut før Høyang får frispark. Vanskelig å komme veldig mykje nærare.
15'
Litt for intimt framfor Høyang-keeper, så dommar må inn og mekle. Klassisk mølje.
15'
Kyrkjebø får heada frisparket unna til hjørnespark for Eid.
14'
Vedvik blir takla og Eid får frispark. Åsebø skal forsøke å treffe ein gul i feltet.
13'
Fine flikkar frå Haugen og Simen Lefdal på midtbana og ballen går ut til Årskog på løp på høgrekanten. Treff ikkje skikkelig på innlegget, så ufarlig.
10'
Stor sjanse til Eid som kunne blitt et skikkelig lekkert mål. Kristian Årskog kyler et innkast inn i feltet til ein umarkert Vedvik, som vender opp og avslutter på heil volley. Får dessverre ikkje skikkelig treff og ballen går i fanget til keeper Bergset.
9'
Sleivete tversover i eige forsvar frå Flatebø sender Felde og Holmøyvik ut i løpsduell for å hindre ballen gå ut. Dei får rydda opp.
8'
Kristian Årskog forsøker ein god, gammal drylar opp mot Vedvik. For mykje kraft i avleveringa, så ballen går heilt inn til keeper.
7'
Aven på farta på høgrekanten, men Sindre Årskog står akkurat nok i vegen. Kast til Høyang.
6'
Frisparket har ikkje heilt rett adresse og endar i ingenmannsland.
6'
Full kontroll I midtbanesirkelen, skulle det vel vere. Høyang får frispark utanfor Eid sin sekstenmeter etter at dommaren meiner Felde er litt for tøff u i duell med Girmissio.
5'
Haugen har starta med å ta full kontroll på midtbanesirkelen.
3'
Kampen er i gang og Eid har allereie vunne 4 innkast.
Avspark Start 1. omgang
Eid-kaptein Henning Haugen får velfortjent blomst og merksemd før kampen. Den kan han plante i kjøkkenhagen sin på Hauane.
Die fanfare rungen aus die stadion. Resten av liveoppdateringa blir på norsk, sidan vi i bua ikkje kan tysk.
Laga er på veg inn på bana, anført av dommartrioen og kapteinane.
Eid har også gløymt at bygda er full av tyske turistar frå Mein Schiff, og har gluppe litt på marknadsføringa av kampen på tysk. Eid liknar jo litt på Dortmund.
Blir en merkedag på Eid stadion i dag. Henning Haugen er i startoppstillinga og spelar sin kamp nummer 350 for klubben. Så lenge han ikkje blir grisetakla av Holmøyvik eller Felde på oppvarming, så når han eit svært respektabelt kampantall i dag. Det er uansett ei ekte klubblegende som skal gjerast litt stas på før kampen.
Utan dugnadsanda stoppar lokalfotballen opp, noko assistentdommar Åmot er eit godt døme på i dag. Ikkje fornøgd med kostinga av trappa ut frå klubbhuset, så han tok kosten i eigne hender og shina heile trappa. Går under alternativ oppvarming.
Høyang kjem frå to tap mot Førde 2 og Stryn, medan Eid har to strake 3-0 sigrar mot Stryn og Studentspretten. Heimelaget må få lov å vere favorittar før dagens kamp.
Dagens dommartrio er blåkopi frå sist heimekamp, så også i dag er det Jakob Søgnen frå Gaular, Ragnar Åmot frå Jølster og Anders Paulen frå Breim som skal fortsette å regjere på grasmatta. Søgnen og Åmot dømte også tilsvarande oppgjer i fjor. Kampen er nok i dei tryggaste hender.
I fjorårssesongen stakk Eid av med alle 6 poenga mot Høyang. I bortekampen i juni vann Eid 3-2 og heim vart det nok ein eittmålssiger. Den kampen enda 4-3 og Eid spelte store deler med 10 mann etter at Johan Felde først scora og seinare drog på seg to kjappe gule kort i første omgang. Joakim Vedvik markerte seg også med to scoringar i andre omgang. Det må også nemnast at Høyang sin mest målfarlige spelar viste seg fram med hattrick i den kampen. Joakim Sjøthun Måren er nok ein mann Eid må stoppe i dag også om dei skal slå sogningane.
Det er ein aldeles nydelig dag for fotball på grasbana på Eid stadion. På motsett halvdel står langvegsfarande frå ei av industribygdene i Sogn - Høyang IL. Ut frå fjorårets oppgjer mellom desse to laga kan vi vente oss god underholdning, så i dag er det ikkje mange grunnane til å sitte heime. Det kan bli ei fin oppladning til dagens FA Cupfinale, som mange sikkert skal heim og sjå etterpå.



