Referat

Kun høydepunkter

Oppsummering

Sebastian Eide seier dermed takk for fylgjet for denne gongen. Ha ein fin laurdagskveld vidare!
Sebastian Eide seier dermed takk for fylgjet for denne gongen. Ha ein fin laurdagskveld vidare!
Palace har dermed avansert til trygg grunn på tabellen, medan Spurs har gått glipp av ein sjansen til å gå forbi Southampton på tabellen.
Crystal Palace gjer ein formidabel jobb i det dei kjem tilbake og vinn etter at Spurs først hadde teke leiinga. Formspelaren Harry Kane ordna 0-1 på eit velplassert skot, men 20 minutt seinare kom The Eagles a jour på ei straffescoring signert Dwight Gayle. Etter dette vippa kampen veldig fram og tilbake, men til slutt var det Palace og Jason Puncheon som kunne juble høgast i det engelskmannen orda 2-1. Tottenham pressa på etter dette, og blei nok også snytt for eit straffespark, men dei kom ikkje nærare enn det.
Alan Pardew får ein draumestart på si karriere som Crystal Palace-manager!
90+3'
Gult kort
Kamp slutt Slutt (2-1)
90+6'
Bra sjanse for heimelaget! The Eagles kontrar og Zaha dreg seg fri til ein bra skotposisjon. Han fyrer av, men Lloris boksar ballen unna.
90+6'
Capoue med ein susar frå langt hald. Midt på Speroni, som også held ballen.
90+4'
Soldado bankar ballen inn framføre Palace-målet. Heimelaget får reinska unna.
90+2'
Gult kort
Dyttar Campbell overende og får eit korrekt gult kort.
90+2'
Gult kort
Campbell får sjå kortet etter å ha knuffa med Lloris og Fazio.
90+2'
Det blir lagt til minimum seks minutt på Selhurst Park. Nok av tid for Spurs å kome tilbake her!
90+1'
Nesten at Spurs klarer å spele seg igjennom. Soldado er ikkje langt unna å få tak i ballen inne i boksa.
90'
Knuffing mellom McArthur og Chadli. Domar Taylor må gå mellom.
89'
Campbell kjem til skot med gong. Forsøket blir derimot kjapt blokkert.
88'
Frispark for heimelaget. Brukar sjølvsagt meir tid no.
87'
Spillerbytte
87'
No er det Kane som går i bakken innanfor motstandaren sin sekstenmeter. Ikkje noko å seie på at Taylor hadde blese der. Minst like klar som situasjonen Palace fekk sitt straffespark på!
83'
Hjørnespark
Blir stanga unna ved bakerste stolpe, før Vertonghen får heada ballen laust inn til Speroni. Nokre hektiske minutt frå Totteham, der.
83'
Nok ein hands, men nok ein gong unnlet Taylor å blåse. Spørs om han ikkje såg den situasjonen.
82'
Hjørnespark
Går forbi alle. Spurs beheld ballen.
80'
Mål!
2-1
Palace har snudd oppgjeret! Zaha gjer eit godt førearbeid i det han dreg seg forbi to mann og stormar mot Spurs si boks. Han slår flatt inn foran mål, og den går via ein motspelar før den dett i beina til Puncheon. Han bankar til frå 15 meters hald og kula snik seg inn ved den høgre stolperota. 2-1!
79'
Keeper Lloris blir liggjande etter at Gayle kjem i kroppen på han i det han jaktar ein ball.
78'
Walker med ein hands like utanfor eigen sekstenmeter. Domar Taylor let spelet gå.
77'
Gult kort
Får kortet etter å ha protestert stort på at laget hans ikkje fekk frispark i situasjonen med Walker-handsen.
76'
Hjørnespark
Det blir farleg nesten kvar gong Palace har dødball. Dann kjem til skot, men det blir blokkert.
75'
Spillerbytte
75'
Kane er på farten igjen i Palace si boks, men bortelaget får etter kvart ordna opp.
74'
Spillerbytte
73'
Stor stemning blant heimefansen på Selhurst Park no. Håpet om tre poeng er absolutt til stades!
73'
Dembele speler Walker nydeleg fri, men det flate innlegget frå backen blir blokert inne i boksa.
72'
Eriksen slår hardt inn, men Ledley får stanga unna ved første stolpe.
71'
Frispark til bortelaget i grei innleggsposisjon.
70'
Spillerbytte
68'
Mål på straffe!
1-1
Ungguten Dwight Gayle bankar ballen knallhardt i mål! Lloris satsar på å stå lenge og rekk dermed ikkje bort til sitt høgre hjørne. 1-1 og vi er like langt på Selhurst Park!
68'
Straffe!
Straffe til Palace! Stambouli taklar Ledley tøft inne i boksa, og domar Taylor tenkjer seg litt om før han peikar på straffemerket. Unødvendig av Spurs-spelaren å gå så kraftig inn i duellen i eige felt.
68'
Taylor peikar på straffesparket! Stambouli kjem for seint inn i ei takling.
68'
Initiativet frå Palace har svunne litt hen no.
66'
No har Palace faktisk spelt over fire timar med Premier League-fotball utan å score mål. Det har likevel ikkje skorta på sjansar i dag.
62'
Guedioura har hatt eit bra innhopp sålangt. Har vore involvert i mykje av det Palace har skapt.
61'
Hjørnespark
Blir klarert, men Palace beheld ballen.
61'
Gayle kjem seg fri til venstre, men innlegget hans blir blokkert. Corner!
59'
Kane jaktar eit tilbakespel, men Speroni klarer akkurat å få spelt vekk ballen i tide.
58'
Dei første 18 minutta av 2. omgang har vore svært sjåverdige. Totteham har gått i leiinga ved Kane, men Palace har også kome til fleire gode sjansar.
58'
Guedioura avanserer mot mål og fyrer av, men skotet skrur feil veg og hamnar langt utanfor målet til Lloris.
55'
Gult kort
Stygg takling på innbytar Guedioura. Soleklart.
54'
Nok eit frispark for heimelaget. Dann vinn nok ein gong den første duellen, og kula hamnar nok ein gong hos Gayle. Spissen prøvar eit brassespark, men forsøket blir blokkert av handa til Vertonghen før Lloris får fanga den. Taylor vil heller ikkje denne gongen blåse for straffe.
52'
God sjanse for heimelaget! Frisparket blir slått mot bakerste stolpe der Dann får heada inn foran mål igjen. Gayle kjem først på ballen frå fem meters hald, men forsøket går rett på Lloris.
52'
Palace med dødball.
49'
Mål!
0-1
Kane gjer det igjen! Tottenham-spissen gjer sitt sjette mål på like mange kampar i det han mottek kula utanfor boksa til Palace og sender den mellom beina på Kelly og inn i buret ved den lengste stolpen. Spissen ser ut til å vere akkurat på offsidegrensa, og mål har det i alle fall blitt dømt.
49'
Spurs prøvar å trakle seg gjennom i motsett ende. Det mislukkast.
48'
Veldig positiv start på andre omgang av heimelaget.
47'
Hjørnespark
Godt slått, men Spurs får med naud og neppe klarert.
47'
Heimelaget tek initiativet med ein gong.
46'
Spillerbytte
Start 2. omgang Start 2. omgang
Det står 0-0 til pause etter ein småartig omgang på Selhurst Park. Det har ikkje vore mange sjansar å snakke om, men dei vi har fått har vore av det store slaget. Både Christian Eriksen og Glenn Murray hadde kvar si enorme moglegheit til å sende laget sitt i føringa, men ingen av dei klarde å få kula i mål. Vi håpar begge laga slepp seg endå meir lause etter kvilen, slik at vi også får sett litt scoringar!
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
45+2'
Veldig nære på at Gayle kjem til avslutning etter ei Palace-kontring. Ungguten rekk ikkje å avslutte før kula blir blokkert. Lagkamerat Kelly plukkar etter kvart opp ballen, men sender det påfølgjande skotet over mål.
45+1'
Gult kort
Sparkar ned ein fremadstormande Kane bakfrå. Soleklårt gult kort.
45+1'
Kort tid att til pause. Lite som tydar på at den første omgangen ikkje skal ende 0-0.
45'
Gayle går i bakken i ein duell med Fazio like utanfor Spurs sin sekstenmeter, men domar Taylor vinkar spelet vidare. Argentinaren hadde heilt klart ei arm i ryggen på spissen, der.
42'
Spurs har framleis ballen mykje, men slit med å finne opningane i det komptakte Palace-forsvaret.
38'
Langt meir futt i oppgjeret no etter ei tam periode.
37'
Gult kort
Kjem farleg inn mot Dembele med strake bein og får eit greitt gult kort.
37'
Hjørnespark
Endar med ingenting av farlegheiter.
36'
Vanvittig sjanse for heimelaget! Murray blir plutseleg spelt fullstendig åleine med Lloris, men frå seks-sju meters hald klarer keeperen utruleg nok å forhindre scoring. Begge laga med kvar sin enorme sjanse no, altså!
35'
Puncheon prøver å passere Rose på høgrekanten, men den engelske backen får rydda bra opp.
32'
Hjørnespark
Murray stangar vekk ballen.
32'
Skummelt innlegg frå venstre. Delaney må gi nok ein corner.
31'
Hjørnespark
Dett ned midt foran mål der Speroni får boksa ballen vekk.
31'
Hjørnespark
Blir heada vekk til nok ein corner.
29'
Spurs med 62% ballinnehav hittil.
28'
Murray får stussa eit innlegg inne i Tottenham sin sekstenmeter, men ballen hamnar over mål.
27'
Brukbart forsøk for heimelaget. Dann vinn duellen på bakerste stolpe og får heada inn foran mål igjen. Der får etter kvart Delaney avslutta, men på halvvolly sender han ballen høgt over buret til Lloris.
26'
Palace skal slå frisparket inn i boksa til Spurs.
25'
Gult kort
Misser kula til Kelly på eigen halvdel og ser seg nøydd til å halde backen i trøya.
25'
McArthur med Palace si første avslutning i motsett ende. Midtbanespelaren headar over etter innlegg frå venstre.
23'
Kjempesjanse for Spurs! Walker blir spelt frå på høgrekanten og slår flatt inn framføre mål. Ballen hamnar hos Eriksen fem-seks meter frå målet, men dansken er i ubalanse og set avslutninga utanfor. Der skal det stå 0-1!
20'
Spurs prøvar å spele seg igjennom med tempo og få touch, men det defensive har fungert bra hjå Palace hittil, så det stoppar opp før det blir farleg.
17'
Harry Kane med sitt første skot i oppgjeret. Rett på Speroni frå 17 meters hald.
17'
31-åringen Glenn Murray har altså blitt henta tilbake til Palace etter å ha vore på lån i Reading, der han enda opp med åtte mål på 17 kampar. Totalt i Palace-trøya har han 95 kampar og 37 scoringar, så det kan absolutt vere eit lurt trekk av klubben å få han i retur.
14'
Chadli går i bakken inne i Palace sin sekstenmeter, men blir vinka opp av domar Taylor. Ei korrekt avgjersle frå pipeblåsaren.
11'
Det har som venta vore høgt tempo innleiingsvis, men samtidig dårleg pasningskvalitet, spesielt frå heimelaget.
10'
Chadli får lagt inn frå venstre, men Palace-forsvaret får stanga unna.
7'
Blir teke kort før Barry Bannan avsluttar langt utanfor frå distanse.
7'
Frispark til Palace i interessant posisjon.
4'
Dembele prøvar eit langskot. Det endar ufarleg utanfor.
4'
Dei kvitkledde trillar ball i starten her.
3'
Spurs kan på si side ta i frå Southampton 4. plassen med tre poeng i oppgjeret, men Manchester United sin gode målskilnad gjer at London-laget ikkje kan passere dei.
2'
Palace kan for øvrig avansere til 15. plass på tabellen med siger i kveld ettersom både Sunderland og Hull tapte tidlegare.
1'
Bortelaget sparkar i gong oppgjeret på Selhurst Park!
Avspark Start 1. omgang
Den nye manageren Alan Pardew blir teke meget godt i mot på si gamle heimebane. 53-åringen hadde nemleg sitt største opphald som spelar i nettopp denne klubben. I perioden 1987-1991 fekk han 128 kampar for klubben, samt åtte mål. Han har faktisk vore innom Tottenham også, då han kom på lån frå Charlton. Diverre fekk han ingen offisielle kampar for dei kvitkledde.
Kveldens domar er Anthony Taylor. Han er frå Wythenshawe i Greater Manchester og har vore Premier League-domar sidan 2010, og i 2013 blei han også godkjent for å døme i FIFA-arrangerte kampar.
Statistikken på møte mellom London-laga i Premier League er 4-5-2 i favør Tottenham. Oppgjeret mellom laga tidlegare i sesongen enda 0-0 på White Hart Lane, medan Spurs vann begge oppgjera sesongen før. Sist gong Palace vann mot dei kvitkledde frå same by var i 2005 då Eagles slo til med 3-0 etter scoringar av Leigertwood, Granville og Johnson.
Spurs stiller på si side med Stambouli og Dembele som nye spelarar sidan laget slo Chelsea 5-3 1. januar.
Sidan førre ligakamp, då det enda 0-0 mot Aston Villa, har Pardew gjort nokre endringar på laget. 4-4-2 ser ut til å vere formasjonen han har vald, og nye spelarar inn i førsteellevaren er Bannan, Murray og Gayle.
Tottenham ser på si side fram mot ei topp 4-plassering, og avstanden til Manchester United og Southampton før kveldens kamp er berre på henhaldsvis tre og to poeng. Harry Kane har vore i strålande form i det siste, og ein av grunnane til at laget gjer det så bra som dei gjer no. Fem av dei sju ligamåla hans har kome på dei fem siste kampane. Mauricio Pochettino må derimot unnvere Erik Lamela og Ryan Mason på grunn av skader, medan Nabil Bentaleb skal representere Algerie i Afrika-meisterskapet.
The Eagles har slitt kraftig offensivt denne sesongen, med berre èi scoring per kamp i snitt og berre to mål på dei seks siste ligakampane. Ting blir heller ikkje betre av at viktige Yannick Bolasie og Mile Jedinak er vekke på landslagsoppdrag for henhaldsvis den Den demokratiske republikken Kongo og Australia. Defensivt har dei derimot fått litt skikk på sakene i det siste, og to strake 0-0-kampar tydar i alle fall på at det stemmer litt bakerst i laget.
Pardew og co har ei stor oppgåve føre seg, for forma til laget frå South Norwood i London er meget svak med åtte strake ligakampar utan siger. Oppgåva i dag blir ikkje enklare ettersom Tottenham er i motsett ende av formskalaen med seks ligakampar utan tap og tre poeng i dei fire av dei seks siste. Den seinaste sigeren av dei var også av det minneverdige slaget, då Chelsea blei smadra 5-3 på White Hart Lane etter Harry Kane-show.
Kampen blir ekstra spesiell for Crystal Palace sin nye manager Alan Pardew som tok over klubben etter at forgjengaren Neil Warnock fekk fyken etter mange svake resultat. Naboduellen mot Tottenham blir den tidlegare Newcastle-sjefen sin første Palace-kamp i Premier League og den første også på Selhurst Park. Debuten borte mot Dover Athletics gjekk greitt med ein komfortabel 4-0-siger.
Hei og velkomen til livedekning av Premier League-oppgjeret mellom Crystal Palace og Tottenham!