Referat

Kun høydepunkter

Oppsummering

Sebastian Eide seier dermed takk for fylgjet for i kveld. Vi er tilbake med meir livedekning i morgon, når den fjerde runda av Champions League-gruppespelet blir sparka i gong. Det kan aldri bli for mykje fotball!
Kampen vil derimot bli hugsa for dei to klare straffesparka Crystal Palace blei nekta i første omgang. Domar Phil Dowd gjorde nokre grove feil i dag, og det er liten tvil om at resultatet hadde vore annleis om avgjerslene hadde vore riktige.
Sunderland tek ein svært viktig siger mot Crystal Palace, og avanserer med det nokre plassar på tabellen. Fletcher sendte bortelaget i føringa etter ein halvtimes spel, og det måtte eit sjølvmål av Brown til for at Eagles skulle kome a jour. Etter dette bikka kampen begge vegar, før Gomez ordna 1-2 på vakkert vis. Ein frustert Jedinak blei vist ut med kort tid att å spele, og då Fletcher ordna sitt andre for dagen på vakkert vis få sekund før slutt, var det heile avgjort.
Kamp slutt Slutt (1-3)
90+5'
Mål!
1-3
Fletcher avgjer! Puncheon rotar det til rett utanfor eigen sekstenmeter, og Bridcutt snappar kula og trillar den til Fletcher. Skotten avsluttar elegant med utsida av foten, nok ein gong utakbart for Speroni. 1-3 og Sunderland tek sin første bortesiger for sesongen!
90+4'
Brown skal slå frisparket langt opp i bana.
90+4'
Bolasie med frispark på Réveillere. Tida går.
90+3'
Heimelaget prøvar å pumpe ballen framover no.
90+2'
Hjørnespark
203 cm lange Pantilimon stig til vêrs og plukkar ballen lett.
90+1'
Det blir lagt til heile fem minutt her. Det bør vere nok tid til at Palace kjem til sjansar.
90'
Palace-manager Neil Warnock har nok litt av kvart han har lyst til å prate med Dowd om etter kampen. Sjølv om det raude kortet var greitt nok, har mange av Dowd sine avgjersler vore svake i dag.
88'
Blir ekstremt vanskeleg for Eagles å kome tilbake her no. Få minutt att å spele, ein mann mindre.
87'
To gule kort
Har levd farleg ei stund, og får til slutt gult kort nummer to. Ser ut til å få det etter ein ettersleng på Gomez.
87'
Réveillere er det som går i bakken etter dasken frå Bolasie. Riktig av Dowd å ikkje blåse der.
85'
Ein Sunderland-spelar ligg nede. Palace held fram med å spele.
84'
Spillerbytte
82'
Spillerbytte
82'
Hjørnespark
Dårleg slått. Altidore beinar unna ved første stolpe.
81'
Puncheon med innlegg. Cattermole sleivar den til corner.
81'
Puncheon prøvar å finne seg plass inne i Sunderland si boks, men bortelaget får reinska unna.
79'
Mål!
1-2
Sunderland er tilbake i føringa! Buckley trillar kula til Gomez, og spanjolen får tid og rom nok til å plassere kula heilt nede ved den høgre stolperota. Utakbart for Speroni. 1-2 på Selhurst Park!
77'
Spillerbytte
76'
Spillerbytte
76'
Nære på at Bolasie kjem seg inn i boksa med ballen. Réveillere ordnar bra opp. Har gjort ein god debut i dag, franskmannen.
74'
Gult kort
Det måtte berre skje. Cattermole har som vanleg vore for sein inn i fleire duellar. Han må dermed stå over neste kamp ettersom dette var kort nr fem denne sesongen.
71'
Gult kort
Når Dowd først har byrja å gi kort, så kjem dei fort. Pantilimon får kampens tredje gule etter å ha drøya tid.
70'
Sunderland ser faktisk mest ivrige ut no.
68'
Slitne bein og ein del ballmiss her no.
67'
Det bølgjer kraftig fram og tilbake her. Begge lag er svært lystne på alle poenga.
65'
Gult kort
Kjem for seint inn i ei takling og får kampens andre gule kort.
65'
Hjørnespark
Rett i nevane til Pantilimon.
65'
Zaha slår inn, og Pantilimon ser seg nøydd til å forlengje til corner.
64'
Elendig slått i ingenmannsland.
64'
Bolasie med frisparket.
63'
Gult kort
Dowd hadde faktisk korta med seg! Buckley får eit klart gult kort etter å ha stoppa Zaha ulovleg.
63'
Zaha prøver å leggje inn. Sunderland får klarert.
62'
Nære på for bortelaget! Vergini bankar til frå 15-16 meters hald, men Speroni ordnar opp med ei god redning.
61'
Hjørnespark
Blir rydda unna i første omgang.
59'
Mange klare frispark på rad her no. Dowd vinkar ALT vidare. Her er lista lagt så høgt at til og med Pantilimon kunne lukkast i limbo!
55'
Selvmål!
1-1
Crystal Palace utliknar på vanvittig vis! Ein corner blir teke kjapt, og ballen hamnar inne foran mål. Ein totalt umarkert Chamakh klarer ikkje å overliste Pantilimon, og den påfølgjande returen prøvar Campbell å hælsparke mot mål. Kula går derimot vekk frå buret, men det gjer lite når Wes Brown kjem stomande. Sunderland-stopparen beinar kula i eige mål. 1-1 på Selhurst Park!
55'
Hjørnespark
52'
Wickham lagar nok eit frispark, men slepp utruleg nok unna det gule kortet. Det er nesten slik at ein kan mistenke Dowd får å ha gløymd dei igjen heime.
52'
Positiv start frå heimelaget etter kvilen.
51'
Blir teke kjapt og Zaha får avslutta frå spiss vinkel. Premier League sin høgaste spelar, Pantilimon, reddar greitt.
51'
Frispark til Palace.
49'
Dann har fått seg ein smell og må på sidelinja for litt behandling.
49'
Zaha slår inn frå høgre. Langt forbi alle i feltet.
48'
Hjørnespark
Blir klarert, men Palace beheld kula.
48'
Hjørnespark
Nok eit hjørnespark.
48'
Hjørnespark
Tredje corner på rappen!
48'
Hjørnespark
Endar med endå ein corner.
47'
Nesten for Palace! Heimelaget held trykket oppe etter eit frispark, og Zaha får avslutta frå god posisjon. Sunderland-forsvaret får blokkert. Corner.
46'
Ingen endringar på nokon av laga.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Sunderland leiar 1-0 i det som har vore ein kamp prega av kontroversar. Crystal Palace har nemleg blitt snytt for to klare straffespark av domar Dowd. Det einaste målet hittil kom ved Steven Fletcher, i det han heada kula elegant i mål etter halvtimens spel. Utgangspunktet for dei siste 45 er bra, med eit heimelag som kjem til å jakte mål. Dette blir definitivt spanande.
Slutt 1. omgang Pause (0-1)
45+5'
Bortelaget med frispark. Sunderland tek med seg leiinga inn i garderobene.
45+3'
Nære på 0-2! Buckley legg flott inn til Gomez, og frå litt spiss vinkel bankar spanjolen til på halvspretten. Speroni med ei god redning.
45+1'
Det blir lagt til heile fire minutt denne omgangen. Det skuldast skaden på van Aanholt.
44'
Wickham prøvar å setje fart mot Palace si boks, men får ballen for langt framføre seg, og endar opp med å lage eit frispark imot.
43'
Hjørnespark
Elendig slått av Bolasie. Sunderland køyrer ei kontring.
41'
Ikkje mykje som har stemt for Palace dei siste minutta.
41'
Hjørnespark
Endar til med at Wickham headar svakt på mål.
41'
Fletcher bankar til frå god posisjon, men Speroni reddar greitt. Corner.
40'
Bolasie dreg i gong ei kontring, men ei svak involvering frå Chamakh øydelegg. Har vore veldig svak i dag, marokkanaren.
38'
Phil Dowd, altså. Har nekta Crystal Palace to klare straffespark i dag. Er nok ikkje mange på Selhurst Park som er nøgd med det han har gjort hittil.
37'
Spillerbytte
37'
Van Aanholt blir i tillegg liggjande etter hendinga. Er nok letta over at det ikkje blei blese, der.
34'
Crystal Palace ser ut til å bli snytt for nok ei straffe! Zaha går i bakken ved den eine sekstenmeterstreken og blir tydeleg teke av van Aanholt. Backen er ikkje i nærleiken av ballen og regelrett sparkar ned Zaha.
31'
Mål!
0-1
Sunderland scorar plutseleg! Hangeland og co er ekstremt slappe i presset, og van Aanholt får lagt inn til ein umarkert Fletcher inne i boksa. Skotten viser gode avslutningseigenskapar og headar ballen utakbart i mål. 0-1!
31'
Cattermole slår i bakrom medan van Aanholt står bom stille og ventar på ballen. Led Zeppelin-songen 'Communication Breakdown' passar bra som lydspor der!
29'
Larsson prøvar å slå inn frå høgre, men forsøket frå svensken blir blokkert.
29'
Bolasie med endå eit skotforsøk, og sjølv om han ikkje treff like dårleg som i stad, så går det gale også denne gongen. Fem meter utanfor.
28'
Crystal Palace har beleira Sunderland si boks no.
27'
Sunderland prøvar å vere direkte når dei angrip, men så langt har Palace-forsvaret stoppa brutt ballbana lengje før det har blitt farleg.
26'
Mange personlege feil frå begge lag no. Ikkje vanskeleg å forstå at dei ligg der dei gjer på tabellen.
26'
Tidlegare Arsenal-spiss Chamakh har ikkje vore venn med ballen i starten her. Fleire miss allereie.
24'
Hjørnespark
Kampens andre corner. Svakt slått av Bolasie. Blir klarert ved første stolpe.
24'
Bolasie med kampens svakaste avslutning. Går til innkast - ti meter frå cornerflagget!
23'
Rolegare periode i oppgjeret no.
21'
Cattermole med ein klar hands. Det spørs om ikkje han får sjå det gule kortet ved neste lovbrot!
20'
Den får Palace avverga, men Sunderland beheld kula.
19'
Hjørnespark
Hangeland, som scora sist, kjem opp. Sunderland får klarert, og prøvar seg på ei kontring.
18'
Eagles har definitvt initiativet her, men framleis ventar vi på den sjansane.
17'
Bortelaget ropar i forsvar og Bolasie snappar kula. Spelaren med landskampar for Kongo klarer ikkje å skaffe noko anna enn eit innkast.
17'
Nytt innlegg frå Palace si høgreside. Frazier Campbell når ikkje opp. Spissen har som kjent eit lengre opphald i Sunderland bak seg. Han enda med fattige seks mål på 58 kampar for The Black Cats.
15'
Mange tøffe duellar her no. Dowd ser ut til å ha lagt lista høgt, men bør nok drage opp ei åtvaring ut av brystlomma om det ikkje skal ta heilt av her.
14'
Zaha får tid og rom og legg fint inn i boksa. Diverre for heimelaget klarer ikkje Chamakh å få foten på det.
13'
Lee Cattermole med kveldens første over-kanten-takling. Slepp det gule kortet. Han må for øvrig sone karantene om han får eitt i dag.
12'
Manchester United-innleigde Zaha prøvar å setje opp farta, men kjem seg ikkje forbi oppassaren sin. Warnock vil ha frispark, og domar Dowd ser seg nøydd til å ta seg ein alvorsprat.
11'
Palace får rydda opp, men Sunderland beheld kula.
11'
Bortelaget med innkast høgt i bana.
10'
Sunderland og Steven Fletcher med moglegheita til å kontre, men det går altfor sakte og endar i staden med eit frispark imot.
9'
The Black Cats har vore litt meir med siste par minutta.
7'
Jordi Gomez avsluttar rett i muren.
7'
Sunderland med frispark.
6'
Bolasie får lagt inn frå venstre, men forsøket går rett i klypene til Pantilimon.
3'
Eagles har gått offensivt til verks i opningsminutta!
3'
Campbell får lagt flatt inn frå høgre. O'Shea er nok ein gong på plass og får klarert.
3'
Bolasie med frispark for heimelaget. O'Shea ryddar vekk.
2'
Svakt av domar Dowd. Det spørs om ikkje den hendinga kom for tidleg i kampen for han.
1'
Heimefansen ropar på straffe, og det med god grunn! Campbell jaktar ein ball inne i Sunderland si boks, og blir regelrett sparka ned av Vergini. Eit soleklart straffespark!
1'
Phil Dowd er for øvrig kveldens domar.
1'
No er vi i gong på Selhurst Park!
Avspark Start 1. omgang
Kveldens kamp blir også spesiell for Sunderland-spelar Anthony Reveillere. Han gjer nemleg sin debut etter overgangen frå Napoli. Han har bra med rutine med sine 34 år, og har også 20 landslagskampar for Frankrike.
Gus Poyet har litt meir å stri med på skadefronten, og Sebastian Coates, Billy Jones, Ricky Alvarez og Emanuele Giaccherini er alle ute. Det som derimot er positivt er at Steven Fletcher har rista av seg smellen han pådrog seg førre helg.
Heimelaget har fått tilbake fleire spelarar til denne kampen. Scott Dann var lenge usikker, men startar i midtforsvaret i lag med vår eigen Brede Hangeland. James McArthur er også tilbake i troppa, men startar på benken.
Crystal Palace har for øvrig hatt eit bra tak på dagens gjestar i London. Berre èin gong har dei vunne borte dei siste 33 åra, og det skjedde tilbake i 1995. The Black Cats har også berre vunne èin av dei fem siste møta mellom laga. Tilsvarande oppgjer førre sesong enda med 3-1-siger til Eagles etter mål av Gabbidon, Gayle og O'Keefe. Fletcher netta for Sunderland.
Også Sunderland såg ut til å sving på sakene ei periode, i alle fall defensivt, men etter å ha gått fire kampar ubesigra small det skikkeleg på St. Mary's Stadium mot Southampton. Overraskelseslaget gav seg ikkje før det stod vanvittige 8-0 på resultattavla, det største tapet eit lag har blitt påført sidan Chelsea slo Aston Villa med same siffer i 2012. I førre runde blei det 2-0 tap heime for Arsenal for Sunderland.
Etter ei god periode der dei hadde to sigrar og to uavgjorte på på fire kampar, har det i det siste gått dårlegare for laget til Neil Warnock. Det har blitt tap mot Hull og Chelsea, før det blei 2-2 borte mot West Bromwich sist. I den kampen leia Palace tilsyndelatande komfortabelt med 2-0, men enda til slutt med å rote vekk to av poenga etter mål i mot på overtid.
Det er duka for eit skikkeleg botnoppgjer på Selhurst Park i dag. Eagles ligg på 16. plass med ni poeng, eitt meir enn The Black Cats som befinn seg på 18. og øvste nedrykksplass. Begge laga er nok svært hyppe på å kome seg vekk frå denne sumpa.
Hei og velkomen til livedekning av Premier League-oppgjeret mellom Crystal Palace og Sunderland!