Referat

Kun høydepunkter

Oppsummering

Sebastian Eide seier dermed takk for fylgjet. Ha ein fin Boxing Day, fylt med fotball, vidare!
Sebastian Eide seier dermed takk for fylgjet. Ha ein fin Boxing Day, fylt med fotball, vidare!
Jose Mourinho og co tryggar dermed leiinga på topp, og har no seks poeng meir enn Manchester City som skal i aksjon borte mot WBA om kort tid. West Ham kan på si side bli plassert av Southampton, om Koeman og co skulle slå Crystal Palace.
Chelsea vinn svært fortent 2-0 over West Ham. Jose Mourinho sitt mannskap var klart best i 85 minutt, og skapte ein drøss med sjansar på denne tida. Til trass for to scoringar ved Terry og Costa var dei svært ineffektive i dag, og det kunne ha kosta dei poeng i det West Ham sette inn ein sluttspurt dei siste minutta. Amalfitano hadde ein alle tider sjanse til å skape spaning, men sendte avslutninga si i stolpen og ut frå kort hald. Dermed klarde Chelsea å ri av det heile.
Kamp slutt Slutt (2-0)
90+3'
Hjørnespark
Blir teke kort.
90+3'
Fabregas prøver seg frå distanse. Via ein motspelar og til corner.
90+1'
Hjørnespark
Collins kjem først på ballen, men Courtois får ordna opp til slutt.
90+1'
Det blir lagt til minimum tre minutt her.
90+1'
West Ham kjem på eit bra angrep, men innlegget frå Jenkinson går forbi alle.
90+1'
Synd for kampen at Amalfitano ikkje fekk putta ballen i mål på den store sjansen. Det kunne ha blitt nokre spanande sluttminutt her på Stamford Bridge!
90'
Drogba prøvar seg med ei kjapp avslutning. Over målet til Adrian.
89'
Chelsea kontrar. Droba prøver å finne Hazard bak Hammers-forsvaret, men Adrian er vaken og kjem ut og snappar kula.
88'
Hjørnespark
Endar med ingenting.
88'
Stolpeskot for West Ham! Song finn Amalfitano inne i Chelsea si boks, og franskmannen får avslutta frå kort hald. Diverre for bortelaget går forsøket i metallet og ut. For ein sjanse det var!
86'
Spillerbytte
85'
Cresswell slår hardt inn foran mål, men der står Drogba klar og måkar kula unna.
85'
Ivanovic er litt for røff med Valencia og West Ham får frispark like ved det eine cornerflagget.
84'
Valencia med innlegg frå venstre. Forbi alle i feltet.
83'
Spillerbytte
82'
Spillerbytte
82'
Eden Hazard rundlurar det som er av West Ham-spelarar og bankar til, men skotet blir blokkert.
81'
Didier Drogba skal inn for heimelaget.
81'
Rein transportetappe for Chelsea no. West Ham klarer ikkje å skape noko som helst.
80'
Alex Song med eit sjeldant skot for Hammers. Det endar over mål.
80'
Den største Chelsea-sigeren over West Ham i Premier League-samanheng kom for øvrig i 2002, då The Blues vann 5-1. Eidur Gudjohnsen og Jimmy Floyd Hasselbaink scora to kvar i det oppgjeret.
74'
Spillerbytte
74'
Downing med ei sjeldan West Ham-avslutning. Utanfor.
73'
Ganske utruleg at det berre står 2-0 i denne kampen. Chelsea har hatt ein drøss med sjansar og burde ha avgjort dette oppgjeret for lenge sidan.
72'
Costa finn Oscar i god posisjon inne i Hammers si boks, men belgiaren får skotet sitt blokkert av Reid. Kunne ha blitt veldig farleg, det.
70'
Hjørnespark
Courtois stig til vêrs og plukkar ballen greitt. Har vore fullstendig ufarlege på dødballar hittil i kampen, West Ham.
70'
Fabregas med eit brukbart skot. Ikkje langt unna kassa til Adrian.
68'
Hjørnespark
Endå ein god sjanse for heimelaget! Hjørnesparket blir heada inn mot mål av Cahill, og Matic er veldig nære på å få forlenga ballen i mål frå kort hald. West Ham får klarert.
67'
Nesten igjen for The Blues! Oscar prøvar å skru ballen inn i Adrian sitt høgre kryss, men målvakta får fista den unna. Corner.
67'
Frispark til Chelsea.
66'
Nok ei moglegheit for Chelsea! Costa får ein ny sjanse i det eit innlegg frå Ivanovic hamnar hjå brasilianaren på bakerste stolpe. Spissen treff derimot dårleg og ballen sklir av venstrefoten hans.
62'
Mål!
2-0
Chelsea doblar leiinga! Kouyate misser kula håplaust inne på eigen halvdel, og Hazard får sendt den vidare til Costa. Brasilianaren vender bort næraste Hammers-forsvarar og plasserer ballen i det lengste hjørnet. 2-0 på Stamford Bridge!
61'
West Ham har for øvrig hatt ballen litt meir enn Chelsea etter sidebyte. Heimelaget har likevel hatt bra kontroll.
60'
Bortelaget med dødball. Nok ein gong endar det med null og niks av farlegheiter.
59'
Spillerbytte
59'
Spillerbytte
59'
Tre av fire i West Ham sitt forsvar med gult kort no. Berre Carl Jenkinson står att.
58'
Gult kort
Hindrar Hazard i å springe framover og får bortelaget sitt tredje gule kort i kampen.
58'
Valencia på ein småfarleg visitt, men ecuadorianaren blir avvinka for hands.
56'
Det blir til slut Willian som prøvar seg. Han skrur ballen over målet til Adrian.
55'
Oscar og Willian står klare.
55'
Frispark til Chelsea på 22-23 meters hald.
54'
Etter ei sprek Hammers-periode er det no Chelsea som har initiativet igjen.
52'
God sjanse for Chelsea igjen! Hazard dreg seg innover i boksa og rappar til. Skotet går nokså rett på Adrian som får boksa unna.
48'
Hjørnespark
Noble klarer ikkje å finne ein medspelar inne i boksa. Chelsea overtek.
48'
Willian meiner at han får eit slag i andletet, men domar Oliver ristar på hovudet og vinkar spelet vidare.
47'
Hjørnespark
Courtois kjem ut men når aldri kula. Bortelaget får derimot ikkje tak i den heller.
47'
Valencia kjem fram på venstrekanten og klarer å vinne ein corner.
46'
Heimelaget sparkar i gong dei siste 45 minutta.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Chelsea leiar fortent over West Ham etter dei første 45 minutta. Jose Mourinho sitt mannskap har dominert så og seie heile omgangen, og også skapt fleire store sjansar. Det har derimot berre blitt èi scoring, og den kom etter at Terry fekk putte ballen i mål frå kort hald etter eit hjørnespark. West Ham har ein solid jobb framføre seg om det skal bli poeng i dag. No får dei ein sjanse til å vise om dei er verdig ein så høg plass på tabellen.
Slutt 1. omgang Pause (1-0)
45+1'
Krangling i West Ham sin sekstenmeter no. Ivanovic prøvar å filme seg til eit straffespark, men får i staden berre kjæft frå Carroll. Lett å forstå at geordien reagerer der, då serbaren gjekk veldig lett i bakken.
45'
Hjørnespark
Chelsea klarer ikkje å skape noko.
44'
Fabregas finn Costa inne i West Ham sin sekstenmeter, og den spanske brasilianaren dempar kula og prøver å hælsparke den vidare inn foran mål. Der får bortelaget rydda unna.
42'
Nesten 2-0! Heimelaget sine spelarar finn kvarandre på små flater inne i West Ham si boks, og Ivanovic får lagt inn frå høgre. Costa får avslutta frå god posisjon inne i feltet, men sender skotet over mål. Stor sjanse.
41'
The Blues trillar ball utanfor Hammers sin sekstenmeter no.
40'
West Ham har for øvrig slått både West Bromwich (2-1) og Swansea (3-1) etter først å ha hamna under tidlegare denne sesongen. Å kome tilbake mot Chelsea, på bortebane, blir derimot ei heilt anna oppgåve.
38'
Litt fram og tilbake her no.
35'
Hjørnespark
Endar med ingenting denne gongen.
34'
Godt forsøk for Chelsea igjen! Matic avsluttar flott frå distanse og Adrian må ut i full strekk for å forhindre nok eit mål imot. Corner.
33'
Gult kort
Kjem for seint inn i ei takling og får West Ham sitt andre gule kort i kampen.
31'
Mål!
1-0
Chelsea scorar det første Premier League-målet på Boxing Day 2014! Fabregas slår inn corneren og finn Costa som headar mot mål. Avslutninga er på veg utanfor, men på ein meters hald står kaptein Terry klar og kan enkelt styre kula i mål. Heimelaget i ei fortent leiing.
31'
Hjørnespark
31'
På grensa til panikk i Hammers-forsvaret. Endar med corner.
31'
Willian skjer innover og prøvar eit skot frå distanse. Adrian boksar forsøket greitt unna. Har stått solid hittil dei første 30 minutta den tidlegare Betis-målvakta.
30'
Fabregas sender frisparket rett på Adrian.
29'
Gult kort
For eit gult kort for taklinga på Costa. Feilaktig idømt.
29'
Hazard og Costa kombinerer fint og sistnemnde stormar mot mål. Collins kjem til og får takla ball og mann, men domar Oliver dømer likevel frispark.
27'
Oscar med frispark. Brasilianaren skrur kula godt tilside for mål.
27'
Jenkinson prøvar å finne Downing bak Azpilicueta, men den spanske backen får ordna opp.
25'
Hazard prøvar å nå ein ball inne i boksa, men Jenkinson brukar bra med kraft og dyttar han unna. Bør vere litt forsiktig med slikt, den innleigde Arsenal-backen.
20'
Hjørnespark
Bra forsøk for heimelaget! Corneren blir klarert først, men Fabregas får ballen tilbake. Han finn etterkvart Cahill, og midtstopparen bankar til på direkten. Adrian med ei god redning.
20'
Enner Valencia meiner derimot at dette er skothald og bankar til. Forsøket går bra over målet til Courtois.
19'
Frispark til bortelaget i fin innleggsposisjon.
18'
Hjørnespark
Dårleg slått av Hammers sin assistkongen. Blir stanga unna ved første stolpe.
18'
West Ham kontrar. Det endar med at Downing klarer å tvinge fram eit hjørnspark.
17'
Chelsea med 73% ballinnehav hittil. West Ham med 27%.
16'
Willian dreg i gong og speler til Costa, men spissen blir for ubesluttsam og misser kula.
16'
Carroll prøver å finne Valencia bak Chelsea-forsvaret, men pasninga er ikkje presis nok og det endar med utspel frå Courtois.
14'
Hazard slår ein tunnell på Collins og går så i bakken like utanfor West Ham sin sekstenmeter. Mannen i svart vinkar spelet vidare.
12'
Andy Carroll vinn ballen i duell med Ivanovic, men geordien er litt for tøff i taklinga og får frispark imot og tilsnakk frå domar Oliver.
11'
Chelsea med eit solid grep på kampen dei første 10-12 minutta.
11'
Cahill kjem til ei heading inne i Hammers si boks, men avslutninga går utanfor.
10'
Steward Downing, som mange hadde avskrive på dette nivået, har vore kanskje den beste West Ham-spelaren denne sesongen. Fire scoringar og seks målgjevande har det blitt hittil på den tidlegare Liverpool-bomkjøpet. Sin beste sesong hadde han i 2007-2008, å han enda med ni scoringar og seks assist.
5'
For ein sjanse! Ivanovic slår inn frå høgre, og West Ham-back Jenkinson, som virkar å vere mest oppteken av å tenkje på kva han fekk til jul, let ballen passere seg i feltet. Det fører til at Oscar får ballen heilt åleine framføre mål, men brasilianaren avsluttar over frå kort hald. Der skal det stå 1-0!
4'
Chelsea sin nummer 10 er i gong igjen.
3'
Andre Schürrle blir sendt i oppvarming i tilfelle Hazard må ut.
3'
Belgiaren held seg til den eine lysken og hinkar av bana.
2'
Eden Hazard har fått seg ein smell og blir liggjande på graset og vri seg.
1'
Domar Michael Oliver bles i gong oppgjeret.
Avspark Start 1. omgang
Chelsea har hatt eit godt tak på sine London-naboar dei siste åra, og The Blues står med 6-2-0 på dei åtte siste møta. Det er 12 år sidan The Hammers vann på Stamford Bridge. Paolo Di Canio scora to mål i 3-2-sigeren den gongen.
Begge lag er tilnærma skadefrie til dagens kamp. Eden Hazard var den einaste tvilsame på førehand, men belgiaren har altså blitt klar og er å finne i startoppstillinga. For West Ham er James Tomkins ute, medan Mark Noble har blitt frisk i tide.
West Ham har på si side overraska stort denne sesongen, og det var nok dei færraste som hadde tru på at dei skulle ligge på Champions Leauge-plass halvvegs i sesongen. Sam Allardyce sitt mannskap er i godt slag også no om dagen, med 4-1-1 på dei seks seinaste. Borte frå Boleyn Ground har dei 3-3-2 så langt.
Jose Mourinho sitt Chelsea såg ut til å cruise inn mot seriegullet, men dei siste vekene har eit Manchester City-lag i storform knipe innpå leiinga. Før denne 18. runda blir sparka i gong leiar The Blues med tre poeng. 13-3-1 er fasiten hittil, og heime på Stamford Bridge har dei suverene 8-0-0. Forma for tida er bra med 5-0-1 på dei seks seinaste i alle turneringar.
Opphavet til begrepet Boxing Day varierer frå kjelde til kjelde, men den mest vanlege forklaringa i Storbritannia har vore at tenestefolk i tidlegare tider fekk servert bokser med restar av herskapet sin julemat denne dagen. Andre skikkar på denne dagen har vore å gi gåver og pengar til fattige, samt å dele ut bonusar i bokser til arbeidsfolk.
Hei og velkomen til livedekning av Premier League-oppgjeret mellom Chelsea og West Ham. Endeleg er det klart for Boxing Day og fotball!