Referat
Kun høydepunkter
Oppsummering
Sebastian Eide seier dermed takk for fylgjet. Ha ein fin Påskeaftan vidare!
Sebastian Eide seier dermed takk for fylgjet. Ha ein fin Påskeaftan vidare!
Jose Mourinho sitt mannskap har dermed festa eit endå betre grep om ligagullet. Dei leiar med sju poeng ned til Arsenal, og har også ein kamp mindre spelt. Stoke er på si side framleis i ingenmannsland, langt frå både topp og botn.
Chelsea vinn til slutt fortent 2-1 over Stoke på Stamford Bridge. Bortelaget forsvarte seg lenge godt anført av ein solid Begovic i buret. Heimelaget tok leiinga på straffe ved Hazard i det 38. minutt. Kort tid etter var derimot Stoke a jour, og det på spektakulært vis. Charlie Adam varta nemleg opp med eit av sesongens vakraste mål i det han hamra kula i mål frå eigen halvdel. Chelsea tok som venta initiativet også etter kvilen, og omlag ein halvtime før slutt tok dei på ny leiinga ved Remy, etter ei stor tabbe av elles så gode Begovic i forkant. Stoke klarde ikkje å truge dei blå så altfor mykje etter dette, men kom nære då N'Zonzia avslutta i stolpen.
Kamp slutt Slutt (2-1)
90+5'
41.098 tilskodarar på Stamford Bridge i dag!
90+4'
Stoke vinn i alle fall kortstatistikken soleklart med heile 6-0 i dag!
90+2'
God sjanse for Stoke! Innkastet hamnar etter kvart hos Arnautovic, men frå god posisjon bankar han ballen over mål. Var det Stoke sin siste sjanse til poeng, då?
90+2'
Etter nokre duellar får Stoke innkast.
90+2'
Begovic skal slå langt opp.
90+1'
Crouch vinn ein høg ball, men blir samtidig avvinka for offside.
90+1'
Det blir lagt til minimum fire minutt her.
90'
Eit innlegg går forbi alle i Chelsea si boks. Heimelaget overtek initiativet igjen.
89'
Bortelaget klarer å få tak i kula. Kan dei skape noko heilt på tampen?
89'
Drogba kjem seg forbi Cameron og prøvar å leggje inn, men forsøket blir blokkert til kast.
87'
Chelsea trillar og trillar no. Stoke-spelarane blir springande imellom.
87'
Innkast til Stoke høgt i bana no. Diverre for dei har dei ingen Rory Delap lenger.
85'
Mange frispark og stopp i spelet no.
84'
Chelsea har uansett full kontroll i augneblinken her. Det spørs om ikkje Stoke må kome opp med nok ein magisk augneblink om det skal bli poeng i dag.
83'
Jose Mourinho er tydeleg nervøs på sidelinja. Hadde nok veldig gjerne sett at laget trygga leiinga, portugisaren.
81'
Vanvittig nære scoring for Chelsea! Hazard og Drogba speler vegg inne i Stoke si boks og førstnemnde sender eit flatt innlegg framføre mål. Der står innbytar Cuadrado og lurer, men colombianaren klarer ikkje å overliste Begovic frå kort hald. Fantastisk reaksjonsredning frå Stoke si målvakt.
78'
Chelsea kontrar ved Hazard. Endar med at belgiaren får corner.
78'
Chelsea rota for øvrig vekk ei 2-0-leiing mot Hull i førre serierunde, så fansen i blått veit nok at det er for tidleg å juble no.
77'
Framleis nok av tid for Stoke å kome tilbake på her, men det er lengje mellom kvar gong The Potters klarer å skape noko offensivt.
68'
Charlie Adam avanserer med ballen og prøvar eit skot. Chelsea-forsvaret er derimot klare over faren og kjem stormande til og får blokkert.
64'
Stolpeskot for Stoke! N'Zonzi får tid og rom og avsluttar frå distanse. Courtois er i full strekk men når likevel ikkje kula. Han kan likevel puste letta ut når ballen går i stolpen og ut. Veldig nære for bortelaget der!
62'
Chelsea er tilbake i føringa! Begovic, som har vore så god i dag, forærar Chelsea ei scoring i det han kastar ballen rett i beina på ein spelar i blått. Hazard spring mot mål med ballen og trillar kula forbi målvakta og til Remy. Frå seks meters hald har franskmannen ein svært enkel jobb med å putte ballen i det tome buret. 2-1!
62'
Chelsea er aggressive og stressar Stoke utanfor sekstenmeteren deira.
61'
Mame Biram Diouf har knapt vore involvert i kampen hittil. Sjansane for meir bakrom å springe i vil derimot kome om Chelsea held fram med å stange her.
59'
Costa forstod med ein gong at han måtte byttast ut. No spørs det kor lengje han blir ute av spel.
57'
Dårleg nytt for Chelsea! Innbyttar Diego Costa ser ut til å ha pådrege seg ein strekk og må ut. Keisamt for spissen som akkurat har blitt speleklar.
55'
Nesten for Chelsea! Willian slår frisparket mot mål og ein stuss frå Whelan held på å setje Begovic ut av spel. Keeperen klarer likevel å få redda til corner.
55'
Willian står klar med dødballen.
55'
Ireland med ei tøff takling på Hazard. Den tidlegare Manchester City-spelaren har allereie fått det gule kortet og bør passe seg kraftig.
52'
Stoke kjem til å få overgongsmoglegheiter her, men hittil har dei teke dårleg vare på dei forsøka som har dukka opp.
49'
Chelsea rullar opp eit angrep, men det avgjerande innlegget blir enkelt plukka av Begovic.
48'
Godt forsøk for Chelsea! Hazard skjer innover og hamrar til, men Begovic får stoppa forsøket.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Vi kan vel ikkje håpe på finare mål etter kvilen, men vi kan i det minste håpe på fleire mål. Om nokre få minutt sparkar dei to laga kampen i gong igjen!
Har vi vore vitne til sesongens mål i Premier League i denne kampen? Chelsea tok ei fortent leiing ved Hazard på straffe i det 37. minutt, men like før pause varta Charlie Adam opp med magi. Frå omtrent 65 meters hald banka skotten til med venstresleggja, og ein forfjamsa Courtois måtte sjå kula fyke i mål bak seg. Ut i frå spel og sjansar er det ikkje fortent at Stoke er a jour, men kva gjer vel det når ein spelar vartar opp med noko slikt som Adam gjorde?
Slutt 1. omgang Pause (1-1)
45+4'
Frispark for Chelsea. Endar etter kvart med corner.
45+3'
Kven såg det kome? Stoke har slite mykje, men ut av så og seie ingenting dukkar altså Adam opp med noko slikt. Magisk!
44'
For eit mål! Charlie Adam scorar frå eigen halvdel! Stoke vinn ballen utenfor sekstenmeteren sin og etter kvart blir ballen spelt til Charlie Adam som befinn seg utanfor midtsirkelen. I staden for å drage i gong eit angrep hamrar han like godt til med venstrefoten. Ballen fyk i mål over ein Courtois på halvdistanse. Keeperen rekk å få nokre fingrar på kula, men kan lite gjere for å forhindre den i å gå inn. Fytti grisen for eit mål!
42'
Eden Hazard er oppe i 12 ligascoringar denne sesongen. I tillegg har han sju målgjevande pasningar.
41'
Ein liten stopp i spelet ettersom Fabregas blør og må få behandling etter eit samanstøyt med Adam.
40'
Nære på at Remy snappar ballen djupt inne på Stoke sin halvdel. Shawcross får så vidt trilla kula vidare.
40'
Cameron prøvar å leggje inn for Stoke, men Chelsea ryddar lett opp.
38'
Fabregas blir felt av Wollscheid. Ingenting å seie på det straffesparket!
38'
Willian rundar Wilson lett og får lagt inn, men forsøket blir stanga unna.
36'
The Potters slit med å kome seg ut av eigen sekstenmeter med ballen no.
35'
Matic prøvar å skyte mens han står på sekstenmeterstreken. Stoke-forsvaret kjem derimot hurtig oppi han og får stoppa avslutninga.
35'
Mykje rot og mange stopp i spelet no. Stoke har laga ein heil haug med frispark hittil.
32'
Eit par meter over mål. Begovic har full kontroll.
32'
Willian med frisparket.
30'
Veldig nære 1-0! Stoke klarer ikkje å hengje med når Chelsea spelar hurtig på få berøringar. Dei blå broderer seg fint igjennom bortelaget sitt forsvar før Oscar til slutt får stå og avslutte frå seks meters hald. Skotet går derimot like til side for mål.
30'
Hazard dreg seg innover i bana og avsluttar nok ein gong, men forsøket endar berre midt på Begovic.
29'
Fint forsøk av N'Zonzi. Den lange franskmannen får ein trillar i god posisjon og prøvar å plassere ballen i mål med innsida av foten. Forsøket går like over mål, men det ser likevel ut til at Courtois har kontroll.
28'
Brukbar overgong for Stoke. Adam med eit knallhardt innlegg frå venstre som Cahill får sparka unna.
26'
Hazard slår ballen flatt inn i Stoke si boks. Wollscheid får klarert.
25'
Brukbar overgangssituasjon for Stoke, men det heile stoppar opp når ein spelar i raudt og kvitt ikkje klarer å dempe ein enkel ball.
24'
Wollscheid får etter klart avslutta etter frisparket, men forsøket blir blokkert.
23'
Adam står klar med venstresleggja.
23'
Cahill er litt for tøff i ein duell med Walters, og Stoke får dødball i god innleggsposisjon.
22'
Chelsea kontrar, men det avgjerande innlegget frå Willian er for svakt og Stoke får rydda unna.
21'
Nok ein corner. Frå motsett side denne gongen.
21'
Nok ein corner. Frå motsett side denne gongen.
19'
Eit innlegg går via Charlie Adam og til corner.
19'
The Potters ligg med heile laget på eigen halvdel når dei forsvarer seg. Chelsea klarer likevel å finne opningane innimellom.
18'
Loic Remy har berre fire ligascoringar for Chelsea denne sesongen, men ettersom Mourinho speler med berre ein spiss, og Costa er eit soleklart førsteval her, har det også blitt få sjansar på spissreserven. Kveldens oppgjer er faktisk berre det sjette han startar i ligaen.
15'
Hazard med småskummelt innlegg frå venstre. Stoke får klarert.
14'
Godt forsøk for Chelsea igjen! Remy er på farta igjen, men nok ein gong er Begovic på pletten og reddar unna. Franskmannen fyrer av på direkten på skrått hald, men forsøket frå sju meter blir altså stoppa.
12'
Hazard viser seg fram for første gong i kampen i det han dreg seg innover i bana og avsluttar. Diverre for belgiaren går skotet høgt over mål.
12'
Det motsette oppgjeret mellom laga i desember enda for øvrig med 2-0-siger til dei blå. Terry og Fabregas stod for scoringane.
10'
Lågt tempo innleiingsvis her.
7'
Remy dreg seg utover i boksa og avsluttar, men skotet går utanfor. Har vore aktiv i starten her, franskmannen.
7'
Willian legg inn frå høgre, men forsøket går forbi alle.
6'
Oscar med småskummelt innlegg. Wilson ser seg nøydd til å heade ballen ut til corner.
3'
Veldig nære for heimelaget! Chelsea held oppe trykket etter frisparket og til slutt er det Remy som avsluttar via ein spelar og på mål. Begovic må ut i full strekk for å forhindre eit tidleg mål.
3'
Stoke klarer å stå imot, men Chelsea beheld ballen.
2'
Willian står klar.
2'
Frispark til Chelsea i god innleggsposisjon.
1'
Chelsea sparkar i gong oppgjeret.
Avspark Start 1. omgang
Dei to kapteinane Terry og Shawcross helser på kvarandre og domarane, og vi er få straksar unna kampstart!
Mannen som skal døme oppgjeret heiter Jonathan Moss. Han er 44 år gamal og har vore Premier League-domar sidan 2011.
Stoke har berre scora i ein av dei sju siste kampane mot Chelsea, så statistisk sett ventar det ei enormt tøff oppgåve for The Potters i dag.
Dagens to motstandarar har møttest 13 gongar i Premier League si historie, og som venta så er det Chelsea som har kome best ut av desse. Tala totalt er 10-2-1 i favør dei blå. Stoke sin einaste trepoengar kom så seint som i 2013, då dei vann 3-2. Marokkanske Oussama Assaidi blei matchvinnar med si scoring på overtid.
Mark Hughes kan også komponere laget sitt frå eit nesten komplett mannskap. Den einaste han må unnvere er Victor Moses som ikkje kan spele mot klubben han er utleigd frå. Elles er spelarar som Muniesa, Ireland og Walters alle klare til dyst.
Heimelaget har berre John Obi Mikel på skadelista, noko som betyr at Diego Costa er speleklar. Den tidlegare Atletico Madrid-spelaren startar derimot oppgjeret på benken, noko som betyr at matchvinnaren frå 3-2-kampen mot Hull, Loic Remy, får tillit i dag.
Jose Mourinho sitt mannskap har dala litt på formkurva i det siste, og i tillegg til exit i Champions League mot PSG har dei også nyleg spelt uavgjort mot både Southampton og Burnley på Stamford Bridge. På dei seks siste har dei 3-3-0.
Stoke befinn seg på si side på 10. plass, langt unna både topp og botn. Formmessig har det gått dårleg i det siste etter ei bra periode. På dei seks seinaste i alle turneringar har laget til Mark Hughes 3-0-3. Dei står med to strake ligatap.
The Blues tronar framleis klart på toppen av tabellen, og har fire poeng ned til Arsenal på 2. plass samtidig som Mourinho og co har spelt to kampar færre. London-laget har derimot tøffe oppgjer mot Manchester United og Arsenal i løpet av april månad, så dei bør ikkje gjere ting vanskelege for seg sjølv før den tid.
Hei og velkomen til livedekning av Premier League-oppgjeret mellom Chelsea og Stoke!



