Referat
Kun høydepunkter
Oppsummering
Tre mål i andre omgang av Chelsea vart den store skilnaden i oppgjeret. Heimelaget heva seg fleire hakk etter ein skuffande første omgang. Ba fann endeleg vegen til nettmaskene, og Terry scora i sin Premier League-kamp nummer 400. Southampton fekk både keeper Boruc og Schneiderlin på skadelista i løpet av kampen, og det blir spennande å sjå om duoen er ute lenge. Takk for følget denne helga, og velkommen tilbake i neste veke!
Kamp slutt Slutt (3-1)
90+6'
Då er oppgjeret straks over, og heimelaget kan juble for tre poeng!
90+4'
Gjestene er resignert no, og vil nok gløyme denne andre omgangen raskast mogleg.
90+3'
41568 tilskodarar ser kampen.
90+2'
Det er lagt til minimum seks minutt. Og med fire tilleggsminutt i første omgang har tilskodarane fått god valuta for inngangspengane - med 100 minutt Premier League-fotball!
90+2'
Southampton er oppe i ti baklengsmål - same tal som Arsenal.
90+1'
Dermed er kampen definitivt avgjort. Her blir alle poenga att på Stamford Bridge.
88'
Osvaldo prøver seg, med det som liknar ei frekk avslutning frå 16 meter. Han lobbar over keeper som står delvis langt ute, men ballen går tilside for målet.
87'
Alt på onsdag er begge desse laga i aksjon i igjen. Chelsea møter Sunderland borte, medan gjestene tek imot Aston Villa.
85'
Det går mot tre poeng til Chelsea, og at Terry kan bli matchvinnar i sin Premier League-kamp nummer 400. Vi gratulerer!
81'
Mikel skal inn for Chelsea.
81'
Vi er inne i dei siste ti minuttane av oppgjeret. Har Southampton noko å bidra med no?
79'
Torres avsluttar med pannebrasken. Utanfor.
78'
Heilt anna trøkk i spelet til vertane etter pausen. Southampton har blitt pressa bakover, og har knapt produsert noko som helst i denne andre omgangen.
76'
Midtbanespelaren hinkar av bana. Gjenstår å sjå om han vil fullføre kampen eller ikkje. Ser ut som han har lyst tilbake for å bidra for laget sitt att.
75'
Ramires får seg ein skikkeleg karamell i ankelen etter ei takling bakfrå. Luktar heimelaget sitt tredje byte no.
73'
Ba er nære på å setje inn 3-1, men avslutninga frå ti meter stryk stolpen!
71'
Fin sjanse for heimelaget! Mata blir spelt fri, og slår inn.. Keeper får akkurat plukka ned kula, rett foran Torres og Ba som begge venta inne i feltet.
70'
Akkurat no ser det ut som Chelsea har god kontroll på oppgjeret, sjølv om det berre står 2-1 i målprotokollen.
69'
Mata slår inn i feltet, men gjestene får ballen unna.
68'
Schneiderlin må ut med det som kan sjå ut som ein strekk.
65'
Chelsea med ny stor sjanse! Denne gongen er det Torres som nikkar tilbake i feltet, og det er berre tilfeldigheiter som gjer til at ballen ikkje treff ein blåkledd spelar i feltet.
63'
For ein kamp vi er vitne til! Stemninga på tribunen når straks kokepunktet her på Stamford Bridge!
61'
Ba i retning Hazard, men Southampton-forsvaret let seg ikkje lure.
59'
Gazzaniga får sine første speleminutt denne sesongen. Held han tett den siste halvtimen?
58'
Southampton-keeper Boruc har fått seg ein trøkk i eine handa, og gjestene må gjere keeperbytte.
57'
Utruleg viktig scoring for Chelsea dette. No er det kamp igjen!
55'
Lampard prøver seg med eit frekt frispark, og Boruc må slå til corner!
54'
Southampton-frispark frå Ward-Prowse går over heile feltet. Utspark frå mål.
52'
Ramires med takling på midten, og gjestene får frispark. Dagens mann i svart har vore ivrig med fløyta så langt i oppgjeret.
51'
Chelsea-sjef José Mourinho dirigerer mannskapet sitt frå sidelinja, men slit med å sjå resultatet av planane sine heile enno.
50'
Southampton rir unna dei første minuttane med Chelsea-press, og trillar ball no.
48'
Heimelaget har lagt om til 4-4-2, der Ba og Torres utgjer spissparet.
46'
Gjestene tek avspark.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Ba skal inn for heimelaget.
Laga går til pause med pipekonsert frå heimefansen, medan dei raudkledde på tribunen hyllar laget etter ein god første omgang. Gjestene fekk ein drøymestart etter 12 sekund. Vi gler oss til dei siste 45 minuttane, der Chelsea berre må framover for å angripe!
Slutt 1. omgang Pause (0-1)
45+4'
Straks pause no.
45+3'
Southampton kjem tre mot fire, men ballen går tilslutt heilt inn til Cech.
45+2'
Southampton med berre sju baklengsmål denne sesongen. No går dei mot nok ein speleomgang utan mål i sekken.
45+1'
Der er lagt til minimum fire minutt av første omgang.
45'
Svært nære 1-1 der.
44'
Kjempesjanse for Chelsea! Innlegg frå venstresida, og Torres avsluttar med pannebrasken. Keeper Boruc må ut i full lengde, og får fingertuppane på ballen.
43'
Oscar må ut med skaden han fekk for nokre minutt sidan, og blir erstatta av ein spelesugen Lampard.
42'
Blir nok ikkje mykje applaus frå heimefansen når laga går til pause om fire minutt. Svak omgang av Chelsea!
42'
Innlegg frå høgrekanten, og Oscar nikkar mot mål. Keeper reddar. Vi noterer ein halvsjanse for heimelaget!
40'
I førre heimekamp mot West Bromwich låg Chelsea under 1-2 heilt til 90. minutt. Hazard sikra poeng på straffespark den gongen.
39'
Spelet er i gang igjen, og begge spelarane er attende på beina.
38'
Oskar ligg for telling. På same tid ruslar Wanyama roleg av bana for behandling. Tøffe tak ute på bana no!
37'
Chelsea har framleis tilgode å skape ein skikkeleg stor målsjanse.
36'
Southampton-frispark blår slått inn i feltet, men denne gongen er det ein raudkledd spelar som er på feil side av forsvarsrekkja. Offside.
32'
Chelsea-frispark inn i feltet, og dei blåkledde ropar på straffespark. Det vil ikkje 28-åringen i svart høyre noko meir om, og let spelet gå vidare.
30'
Lallana prøver seg, men får ikkje det hjørnesparket han helst ville ha.
29'
Innlegg frå høgrekanten, og Essien avsluttar med hovudet frå straffemerket. Ikkje særleg krutt i den avslutninga, som landar oppe på nettaket.
28'
Chelsea slit med å produsere dei heilt store sjansane til no. Skuffande for heimefansen, dette!
27'
Mata blir spelt gjennom, men linjemann er opp med flagget. Avslutninga gjekk også utanfor, etter ei fin redning av keeper.
26'
Jamn kamp her på Stamford Bridge, sjølv om heimelaget har eit lite spelemessig overtak.
25'
Frispark til gjestene i fin posisjon, men skotet går utanfor.
24'
Clyne driv framover, og får hjørnespark etter duell mot Azpilicueta.
23'
Oskar stormar framover, og Torres får ballen inne i feltet. Han går i bakken, men dommaren vinkar spelet korrekt vidare.
22'
Med 0-1 i sekken etter 12 sekund skulle i alle fall Chelsea ha nok av tid til å rette opp den svake starten. Til no på dei første 20 minuttane har laget ikkje vore gode nok til nettopp det.
18'
Oskar slår inn i feltet, men linjemann er oppe med flagget. Offside!
18'
Wanyama legg Ramires i bakken som stormar framover. Slepp unna det gule kortet.
16'
Chelsea har scora to mål eller meir i dei siste 11 heimekampane sine. Kor mange mål blir det i kveld?
16'
Oscar prøver å drible seg gjennom forsvaret, men lykkast ikkje. Skal likevel ha honnør for forsøket!
14'
Osvaldo er tilbake på bana, og sikrar laget eit hjørnespark.
11'
Spissen er tilbake på beina, men førebels ute av bana.
11'
Mata får ballen, men pasningen vidare er utan adresse.
9'
På 19 bortekampar i fjor tok Southampton tre sigrar. I år har dei altså opna sesongen med to sigrar på seks bortekampar, og kan vere på veg mot sin tredje!
8'
Heimelaget trillar ball no, men slit med å spele seg gjennom eit kompakt Southampton-forsvar.
7'
Southampton legg seg på ingen måte bakpå, sjølv om det står 0-1 på resultattavla.
5'
Chelsea i angrep, men gjestene får kontroll.
4'
Akkurat no har Southampton passert vertane på tabellen.
3'
Sist Chelsea tapte ein heimekamp i serien var 2. januar 2012. Den gongen vann QPR 1-0, som vart tabelljumbo med fattige fire sigrar.
2'
Verkeleg sjokkopning for heimelaget dette.
1'
Gjestene tek avspark.
Avspark Start 1. omgang
Laga er på veg ut på bana, og det er straks avspark!
Michael Oliver er dagens dommar.
Vi kjem tilbake med lagoppstillingar og meir informasjon når det nærmar seg kampstart. Følg med!
Chelsea sin toppscorar til no, er brasilianske Oscar med fem mål. Hos Southampton er det Rickie Lambert som er mestscorande, med sine fire mål.
Tilsvarande oppgjer førre sesong enda 2-2. Den gongen såg det lenge ut som Chelsea skulle sikre seg alle tre poenga, etter at Demba Ba og Eden Hazard hadde gitt 2-0 til pause. Gjestene gav aldri opp, og kunne til slutt juble for poeng etter at Jason Puncheon og Rickie Lambert begge scora etter kvilen.
Southampton er framleis det laget i divisjonen med færrast baklengsmål. Berre sju gongar har keeper Artur Boruc plukka ballen ut av eige bur.
Southampton har overraska positivt så langt, og har sanka 22 poeng på sine 12 kampar. Det er heime på St Mary's Stadium dei likar seg aller best, der dei enno ikkje har tapt, og står med fire strake sigrar. På bortebane stangar dei litt meir hovudet i veggen, og har ikkje vunne på tre kampar. Sist triumf på bortebane kom mot Liverpool for over to månader sidan.
Vertane står med 7-3-2 på sine kampar til no denne sesongen. Heimestatistikken viser at Chelsea er eitt av fire lag som ikkje har tapt på eige gras så langt, der dei står med fem sigrar og ein uavgjort.
Vi har passert 12 serierunder i årets Premier League, og desse laga var plassert på høvesvis tredje og femteplass før helgas runde.
Hei, og velkommen til Chelsea - Southampton frå Stamford Bridge!



