Referat
Kun høydepunkter
Oppsummering
Liverpool tek sin andre 1-0-siger på rad, og nok ein gong er det duoen Sturridge og Mignolet som ordnar poenga. Førstnemnde scorar måla, medan nykomaren bakerst på laget hindrar motstandarane i å score. Liverpool var klart best før kvilen, men i 2. omgang var det Aston Villa som hadde initiativet. Heimelaget kom til fleire gode sjansar, men klarde ikkje å putte ballen forbi bortelaget sin sisteskanse. The Reds klatrar dermed til 2. plass på tabellen, medan Villa befinn seg på 9. Takk for fylgjet, og ha ein fin kveld vidare!
Kamp slutt Slutt (0-1)
90+4'
Agbonlahor går i offside. Det spørs om det var siste sjanse for Villa.
90+2'
Tonev slår inn frå høgre. Forbi alle. Ikkje noko godt innhopp av bulgararen i dag.
90+2'
Det blir lagt til minimum tre minutt denne omgangen.
90+2'
Sturridge rundar Guzan før han får keeperen i beina og dett. Der burde nok godaste Clattenburg ha gitt ei straffespark!
90+1'
47-53 i ballinnehav no. Det forlet ein god del om initiativet Liverpool har gitt frå seg.
90'
Tonev går merkeleg nok for skot på frisparket, som er på langt hald. Ballen susar fire meter utanfor.
89'
Er det på dødball Aston Villa skal klare det i dag?
89'
Frispark til Villa i bra innleggsposisjon.
86'
Nesten for Villa! Helenius headar gjennom Benteke som klinkar til på direkten. Mignolet vartar opp med ei skikkeleg matchvinnarredning!
85'
Nok eit defensivt byte frå Rodgers. Liverpool har stort sett berre forsvart seg denne 2. omgangen.
82'
Lucas misser kula høgt i bana, men det påfølgjande Villa-innlegget blir rydda unna av bortelaget.
82'
Heimelaget prøvar å prøvar, men kjem knapt til sjansar.
80'
Agger og Mignolet held på å rote det til, og må gi corner på det som burde ha vore ein ufarleg situasjon.
79'
Tonev prøvar seg frå langt hald, men Mignolet har god kontroll og ligg nede og ventar på ballen.
77'
Aston Villa har ballen ein del no, men slit med å finne opningane i det komptakte Liverpool-laget.
77'
Cissokho, som har teke plass på venstrekanten, prøvar å kome seg forbi Bacuna, men blir effektivt stoppa.
75'
God sjanse for Villa! Bacuna slår inn, og ballen blir klarert rett i beina til Agbonlahor. Frå bra posisjon avsluttar engelskmannen utanfor på volley.
72'
43-57 i ballinnehav, fordel Liverpool no. Det tyder på at Villa har vore mykje meir aktive i kampen etter kvilen.
70'
Luna slår inn frå venstre, og vinn ein corner.
68'
Henderson slår inn, og ballen går gjennom heile feltet. Der burde resten av 'Pool vore meir på hogget.
67'
Villa rullar fint opp, men når El Ahmadi til slutt skal skyte, kastar Gerrard seg fram og blokkerer skotet.
65'
Heimelaget får innkast høgt i bana.
64'
Weimann vender kjapt opp og legg inn. Bortelaget får renska unna igjen.
64'
Paul Lambert skal straks gjere kampens første byte.
63'
Det er framleis Villa som har ballen og prøvar å kome til sjansar. Vi har sett lite til Liverpool sin offensiv hittil i denne omgangen.
60'
Weismann tvingar fram ein corner. No jaktar Villa verkeleg mål her!
59'
Mange tøffe tak her no. Domar Clattenburg har lagt lista høgare no enn det tilfellet var i 1. omgang.
59'
Nederlandske Leandro Bacuna, som debuterer fra start av i dag, vil mykje, men hittil har ikkje ferdigheitene stått like mykje i stil.
57'
Agger misser kula, og ender opp med å felle Bacuna. Dansken er den som får mest vondt etter duellen.
56'
Mykje meir tempo i oppgjeret no, og det er Villa som prøvar seg mest.
56'
Westwood kjem til ei avslutning like etterpå. Forsøket skrur utanfor buret til Mignolet.
56'
Bacuna skyt - rett i muren.
55'
Westwood og Bacuna er blant dei som står klare.
55'
Agbonlahor blir felt i det som er ein veldig bra frisparkposisjon.
54'
Gerrard får lagt inn, men Guzan får fanga kula før han kolliderer med Agger. Det blir ein liten stopp i spelet før begge kjem seg på beina.
53'
Sturridge dreg seg laus og bankar ballen inn framføre mål. Vlaar sklitaklar kula unna. Corner.
51'
Benteke går i bakken like utanfor Liverpool sin sekstenmeter. Domaren vinkar spelet vidare.
50'
Lowton med ein liten dytt på Coutinho, som dett teatralsk i bakken. Domar Clattenburg gir tilsnakk til begge.
49'
Aspas kjem seg åleine igjennom, men blir avvinka for offside. På reprisa kan vi sjå at det er ei feil avgjersle. Synd for Liverpool, for det kunne ha blitt ein stor sjanse.
47'
Weimann legg inn i boksa, men Touré får rydda unna.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Liverpool leiar 1-0 til pause etter ein flott mål av Daniel Sturridge. Liverpool har hatt ballen klart mest, men utan å skape noko særleg med sjansar før Sturridge til slutt viste seg fram. Villa var baktunge lenge, men dei siste 6-7 minutta vakna dei og kom til nokre gode forsøk. Denne kampen er langt i frå avgjort!
Slutt 1. omgang Pause (0-1)
45+3'
Frisparket blir slått inn i boksa mot Vlaar, men midtstopparen klarer berre å stusse den ut til utspel frå Mignolet.
45+1'
Det blir lagt til minimum to minutt denne omgangen.
44'
Nok ein bra sjanse for heimelaget! Villa trykkar bra på, og Weimann får avslutta, via Agger og til corner.
42'
God sjanse for Villa! Benteke vender kjapt og avsluttar. Mignolet reddar. Ny corner.
41'
Bacuna skjer innover mot Liverpool si boks med ballen, men Touré får blokkert skotforsøket. Corner.
38'
Småtendensar frå heimelaget no.
38'
Benteke er i ferd med å nå ein ball som er på veg gjennom Liverpool sitt forsvar, men spring rett i Agger. Det verka som ein liten obstruksjon, gitt!
36'
Villa får låne ballen til no, men det er lite framdrift.
35'
Christian Benteke får ei pasning i bra posisjon, men Premier League sin toppscorar hittil bommar med nedtaket og misser kula. Vi har sett minimalt til Benteke så langt i oppgjeret.
34'
Countinho prøvar å slå inn bak Villa sitt forsvar, men Guzan er vaken og kjem kjapt ut og fangar kula.
32'
Bacuna prøvar seg med eit skot frå spiss vinkel. Det går langt utanfor buret til Mignolet. Sistnemnde har hatt veldig lite å gjere på hittil i dag.
28'
Agbonlahor prøvar å setje fart, men Gerrard ordnar opp med ein god defensiv jobb.
27'
Laget til Brendan Rodgers har hatt ballen i over 2/3 av kampen hittil. Heimelaget sine spelarar har sprunge mykje i mellom.
24'
Liverpool scorar på deira, og kampens, første sjanse. No spørs det om ikkje Villa må endå høgare i bana enn det tilfellet har vore hittil.
19'
Coutinho klarer å få lagt inn frå venstre, men ingen andre i kvitt er med på den og Villa kan ta over.
17'
Enrique kjem seg fri til venstre og trillar til Coutinho, men brasilianaren curlar avslutninga langt utanfor buret til Guzan.
15'
Weimann vinn ballen like utanfor Liverpool si boks og prøvar å slå kjapt inn, men ingen andre er med på den og ein eventuell sjanse blir spolert.
12'
Bortelaget prøvar seg. Sturridge får ei presis langpasning frå Touré, men klarer ikkje å kome til avslutning.
12'
Ingen sjansar å spore hittil etter vel 10 spelte minutt. Liverpool har i alle fall hatt ballen klart mest.
10'
Sturridge og Henderson kombinerer i Villa si boks, men sistnemnde klarer ikkje å få noko ut av det.
9'
Villa prøvar å setje i gong ei kontring, men ei svak pasning frå Bacuna øydelegg.
9'
Johnson kjem inn i bana og får ballen, men avslutninga han sender avgarde blir blokkert ut til kast.
8'
The Reds, som er kvite i dag, trillar ball.
8'
Paul Lambert ser ut til å ha endra formasjon frå 4-3-3 til 4-4-2 her. Vi får sjå om det kan ha noko slags innverknad på oppgjeret.
6'
Gerrard med ei uvanleg dårleg pasning i det Liverpool prøvar å etablere eit angrep. Den endar med innkast.
5'
Agbonlahor prøvar ei avslutning, men den går via ein motspelar før den dalar ned til Mignolet.
3'
Aspas prøvar å slå inn, men Guzan kjem ut og får fanga kula.
2'
Luna og Agbonlahor prøvar seg på venstrekanten, men ingen av dei kjem til innlegg.
1'
Då er vi i gong!
Avspark Start 1. omgang
No kjem laga ut på bana.
Dagend domar er Mark Clattenburg.
Brendan Rodgers stiller på si side med nøyaktige dei same 11 som mot Stoke for ei veke sidan. På benken finn vi blant anna nykomarane Luis Alberto og Aly Cissokho (på lån frå Valencia ut sesongen). Blant spelarane Liverpool-manageren må unnvere i dag er Sebastian Coates, i tillegg til langtidssuspenderte Luiz Suarez.
Paul Lambert har gjort nokre endringar på laget sidan midtvekekampen mot Chelsea. Bacuna har kome inn for El Ahmadi, medan Okore har erstatta ein småskadd Clark. Bacuna gjer sin første kamp frå start for Villa etter at han kom inn heilt på tampen i oppgjeret mot Arsenal. Av spelarar som er ute for Villa finn vi N'Zogbia og Baker.
Liverpool har hatt eit godt tak på Aston Villa i Birmingham, for berre èin gong på dei siste 15 forsøka har Villa teke tre poeng. Det skjedde i 2011. På bortebane har derimot Paul Lambert sitt lag klart seg litt betre dei seinare åra, og førre sesong klarde dei faktisk 3-1 på Anfield. Liverpool van dog 2-1 på Villa Park.
Liverpool vann på si side 1-0 heime mot Stoke førre laurdag. The Reds spelte bra og skapte ein drøss med sjansar, men ineffektivitet heldt på å koste laget dyrt. I det 88. minutt fekk nemleg Stoke straffespark, men då fann debutantkeeper Simon Mignolet ut at han skulle vinne fansens hjarte med ein gong, og redda forsøket frå Jonathan Walters. Held han fram slik vil nok ikkje Pepe Reina bli sakna særleg lenge.
Både Aston Villa og Liverpool fekk ein god start på sesongen, med tre poeng i premieren. Aston Villa hamna tidleg under borte mot Arsenal, men to mål av Christian Benteke og eitt av Antonia Luna sørgja for 3-1 til slutt. Mot Chelsea på onsdag gjekk det derimot ikkje like bra, og Jose Mourinho sitt lag vann 2-1 etter at det stod uavgjort til pause. Benteke scora mål også her. Det blir spanande å sjå korleis det meget unge Aston Villa vil gjere det i sin første kamp på Villa Park for sesongen. Tre kampar på litt over ei veke, mot meget sterk motstand, er i alle fall ei knalltøff opning på sesongen for deira del.
Hei og velkomen til livedekning av Premier League-oppgjeret mellom Aston Villa og Liverpool!



