Referat
Kun høydepunkter
Oppsummering
Aston Villa tek ein meget overraskande siger på Emirates i premieren, og får ein kjempestart på sesongen. Paul Lambert sitt lag tronar dermed øvst på tabellen, i alle fall enn så lenge. Mange har vore skeptisk til Arsenal på grunn av minimalt med aktivitet på overgangsmarknaden før sesongstart, og skeptikarane blir vel ikkje akkurat færre etter oppvisninga i dag. Arsenal tok rett nok leiinga i kampen, men det som blei vist etterpå var langt i frå bra nok. Straffespark (det eine vil nok bli diskutert) og kontringar gjorde ende på The Gunners i dag, og om dei skal ha eit ynskje om å kjempe i toppen må dette nok endrast på straks. Takk for fylgjet, og ha ein fin kveld vidare!
Aston Villa tek ein meget overraskande siger på Emirates i premieren, og får ein kjempestart på sesongen. Paul Lambert sitt lag tronar dermed øvst på tabellen, i alle fall enn så lenge. Mange har vore skeptisk til Arsenal på grunn av minimalt med aktivitet på overgangsmarknaden før sesongstart, og skeptikarane blir vel ikkje akkurat færre etter oppvisninga i dag. Arsenal tok rett nok leiinga i kampen, men det som blei vist etterpå var langt i frå bra nok. Straffespark (det eine vil nok bli diskutert) og kontringar gjorde ende på The Gunners i dag, og om dei skal ha eit ynskje om å kjempe i toppen må dette nok endrast på straks. Takk for fylgjet, og ha ein fin kveld vidare!
Massiv pipekonsert på Emirates når domar Taylor bles i fløyta for siste gong i dag!
Kamp slutt Slutt (1-3)
90+6'
Frisparket blir slått inn i Villa si boks, men Guzan fangar det lett.
90+4'
Bortelaget med ei avslutning frå skrått hald. Nokre meter utanfor buret til Szczesny.
90+3'
Paul Lambert og Aston Villa går altså mot berre den tredje sigeren på 30 kampar mot Arsenal. Vi må også tilbake til januar for å finne sist gong Arsenal tapte på eige gras.
90+1'
Sagna stupar over Benteke og hamnar i bakken. Landar kraftig på nakken der, den franske backen. Den såg ekkel ut!
90'
Det er sjølvsagt berre Villa-fansen som lagar liv på tribunene no, forståeleg nok.
85'
Sist Arsenal tapte i Premier League var for øvrig 3. mars, då Tottenham vann 2-1 på White Hart Lane.
83'
Ramsey prøvar seg med ein markkrypar frå distanse. Enkelt for Guzan.
83'
Wilshire går i bakken inne i Villa si boks, men til tross for store protestar vinkar domar Taylor spelet vidare. Det spørs om ikkje kvota har blitt brukt opp allereie. Ikkje så mykje å seie på den avgjersla.
81'
Godt forsøk for Aston Villa! Benteke kjem seg igjennom, og frå spiss vinkel sender han skotet like utanfor Szczesny sin høgre stolpe. Der kunne det heile ha blitt avgjort.
81'
Sagna lempar ballen inn frå venstresida. Guzan får stige nokså lett til vêrs og plukke den.
80'
Weimann dreg seg innover og avsluttar - men rett i ein motspelar. På returen blir Benteke avvinka for offside.
78'
For ein sjanse! Arsenal speler seg elegant igjennom Villa sitt forsvar, og frå kort hald avsluttar Cazorla via Guzan og i tverrleggaren. Kjemperedning av bortelaget sin sisteskanse!
77'
Delph får ein olboge frå Jenkinson og må ned i kneståande. Tida går absolutt Aston Villa sin veg no.
76'
Rosický slår inn frå høgre, men Villa-forsvaret får rydda unna.
72'
Bra sjanse for Arsenal! Rosický blir spelt åleine igjennom, men Guzan kjem raskt ut og får blokkert avslutninga. No burde absolutt den tsjekkiske ballkunstnaren ha vore på scoringslista her!
72'
Arsene Wenger har framleis den nye spelaren Yaya Sanogo på benken, og eitt innbyte til gode. Er det han som skal kome inn og gjere det for Arsenal?
71'
Mange frispark og stopp i spelet her. Veldig lite rytme.
71'
Giroud spring i bakrom, men blir avvinka for offside.
70'
Walcott sender frisparket utanfor målet til Guzan. Ikkje noko dårleg forsøk, det.
69'
No går det heitt føre seg her! Vlaar set ut kneet i det Rosický går forbi, men slepp å få sjå sitt andre gule kort i kampen.
65'
Benteke held altså fram med den gode scoringsforma han viste i førre sesong. Dette var faktisk hans 16. mål hittil i 2013!
61'
Villa for nok ei straffe, og nok ein gong er det Agbonlahor som fiksar den!
60'
Både Rosický og Giroud får avslutta, men ingen av forsøka endar der dei skal.
56'
Lowton får tilsnakk etter ein liten dytt på Wilshire.
54'
Jenkinson slår inn frå høgre, men forsøket er for svakt og Villa får rydda lett unna.
53'
Stolpeskot! No skjer det mykje på Emirates, og det i begge endar av bana. Delph dreg seg fri og avsluttar forbi Szczesny - men rett i stanga og ut. Utruleg nære på for Villa!
52'
For ein sjanse for Arsenal! Giroud og Rosický kombinerer flott, og sistnemnde blir sendt åleine igjennom. Men ein-mot-ein med Guzan bankar han ballen høgt over.
52'
Nære på for Arsenal. Walcott chippar ballen igjennom til Giroud, men franskmannen slit med å få kontroll kjapt nok, og blir så forstyrra i avslutninga at ballen berre trillar inn til Guzan.
50'
Aston Villa har vunne ballen ved fleire høve dei siste minutta, men det stoppar opp når The Villans nærmar seg den siste tredjedelen av bana.
48'
Weimann kontrar, men innlegget til Benteke er for svakt og Arsenal overtek. Ikkje imponerande løp av Benteke heller i den situasjonen.
46'
Arsenal startar med ballen denne andre omgangen.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Det står 1-1 til pause på Emirates etter ein artig, om ikkje altfor velspelt omgang. Giroud sendte Arsenal i føringa etter berre seks minutt, før Benteke ordna 1-1 på returen på sitt eige brende straffespark. Det har vore mange tøffe tak og gule kort, og vi håpar på tempo og mål også i 2. omgang!
Slutt 1. omgang Pause (1-1)
45+5'
Frisparket blir slått inn i boksa, men Guzan boksar unna.
45+4'
Nok eit samanstøyt på Emirates. Oxlade-Chamberlain og Luna sklir inn i kvarandre i stort fart.
45+3'
Arsenal med 64% ballinnehav hittil.
45+2'
Wilshire chippar ballen inn i boksa, men den endar berre opp hos Guzan.
45+1'
Det blir lagt til minumum fire minutt her. Skadene på Gibbs og Baker er orsaken til det.
45'
Småbra spel av Arsenal, men ei dårleg pasning øydelegg slik at det ikkje endar med ein sjanse.
41'
Walcott med eit innlegg frå høgre, men headinga frå Giroud blir blokkert. Bra spel av heimelaget.
39'
No er det Bacary Sagna som må få behandling.
37'
Szczesny er på bærtur! Keeperen er langt ute for å klarere, men endar opp med å misse kula til Benteke. Ballen endar så med ein annan Villa-spelar som prøvar seg frå langt hald, men då har Szczesny akkurat kome tilbake på plass i buret og får redda forsøket. God sjanse, det!
36'
Oxlade-Chamberlain prøvar å trille fri Jenkinson på høgrekanten, men innbytaren får ballen bak seg.
33'
Aston Villa held på å rote det verkeleg til! Guzan og Luna kommuniserer like godt som det ei kråke og ein laks hadde gjort, og Walcott kjem i mellom og snappar kula. Han prøvar å finne ein betre plassert medspelar framføre mål, men bortelaget får rydda unna.
32'
Den første halvtimen på Emirates har vore svært underhaldande. Steik kor deileg det er at Premier League er i gong igjen!
31'
Aston Villa kjem i overtal på ei kontring, men ei svak pasning øydelegg det heile. Det kunne ha blitt farleg!
31'
Godt slått inn i boksa, men Guzan får feid kula vekk.
31'
Walcott står klar med frisparket.
30'
No er det verkeleg ampert her!
28'
Det må faktisk gjerast endå eit innbyte her.
28'
No kjem båra ut på bana. Mange stopp så langt i dette oppgjeret.
26'
Gibbs blir liggjande etter eit samanstøyt med Weimann, og må få behandling for eit blødande sår i hovudet.
25'
Ampert på Emirates no. Publikum er tydeleg misfornøgde, og gir uttrykk for det.
20'
Giroud kjem til ei heading inne i Villa si boks, men han får lite klem på den og Guzan har ein enkel jobb med å plukke den.
20'
Oxlade-Chamberlain prøvar seg, men skotet blir blokkert.
19'
Med unntak av målet til Giroud har det ikkje vore andre sjansar å spore i denne kampen. Arsenal har hatt det meste av spelet, medan Aston Villa ikkje har fått til stort meir enn eit par innlegg.
17'
Nathan Baker må nok ein gong få behandling, og vi får ein stopp i spelet.
14'
Delph prøvar å gjere ting på eiga hand, men misser ballen lett til Rosický. Tsjekkaren har kome bra i gong her.
13'
Det har vore mykje snakk om Olivier Giroud før ligastart, for med mange mål og godt spel i treningskampane blei han spådd å få ein fin sesong. Og no scorar han altså etter berre seks minutts spel. Førre sesong enda han opp med totalt 11 mål på 34 kampar i Arsenal-trøya.
11'
Agbonlahor kjem seg heilt fri på venstresida og slår inn, men ingen andre Villa-spelarar er vakne og Arsenal får klarert.
10'
Rosický kjem for seint inn i ei takling på Westwood og får tilsnakk frå domar Taylor.
9'
Både Walcott og Baker må på sidelinja for behandling, men begge kjem seg raskt utpå graset att.
6'
Giroud scorar Arsenal sitt første mål for sesongen! Heimelaget vinn ballen langt nede på eigen halvdel, og Rosický sender ei lang stikkar igjennom til Chamberlain som stormar framover langs venstresida. Inne framføre mål kjem Giroud, og frå kort hald har han ein takknemleg jobb med å ekspedere kula forbi Guzan.
6'
Arsenal overtek og kjem på ei kontring.
5'
Frisparket blir teke kort.
5'
Benteke viser musklar og klarer å halde på kula midt på bana. Til slutt får han også eit frispark.
4'
Tomás Rosický vinn ballen høgt i bana, men blir avvinka for frispark imot.
2'
Gibbs prøvar å slå inn, men ballen går via ein motspelar og til corner.
1'
Då er vi i gong på Emirates! Aston Villa tek avsparket.
Avspark Start 1. omgang
Dagens domar er Anthony Taylor.
For Paul Lambert ser det litt lysare ut. Han må klare seg utan Yacouba Sylla og Chris Herd.
Arsene Wenger manglar fleire sentrale spelarar til denne kampen. Blant anna må han unnvere Mikel Arteta, Thomas Vermaelen, Abou Diaby og Nacho Monreal. Santi Cazorla startar på benken etter å ha vore på eit landslagsoppdrag i Ecuador.
Arsenal har hatt eit solid tak på Aston Villa i London, og Villa har berre vunne to av 27 kampar her. Arsenal har 18-9-2 på dei siste 29 møta. Førre sesong enda det 2-1 i tilsvarande oppgjer, medan det på Villa Park blei 0-0. Siste Aston Villa-siger kom i 2011.
Arsenal og Aston Villa kom på henhaldsvis 4. og 15. plass førre sesong. Laget frå Birmingham såg ut til å ende opp i Championship ei god stund, men ei formstigning i løpet av våren sørgja for framleis spel i det gjevaste selskapet. Spesielt Christian Benteke var viktig i den jobben, og det er nok mange Villa-fans som er glade for at han heldt fram med å vere i klubben til trass for at han blei linka kraftig vekk, og leverte ein overgangssøknad sjølv. Også Arsenal kan gjere det betre i år, men då spørs det om ikkje Wenger er avhengig av ei god forsterkning eller to, sjølv om laget allereie har bevist at det er bra.
Paul Lambert og Aston Villa har på si side vore aktive, og fleire spelarar blei henta tidleg i overgongsvindauget. Nicklas Helenius, Antonio Luna, Aleksandar Tonev, Jores Okore, Leandro Bacuna og Jed Steer er blant dei som har fått Villa Park som si nye heimebane. Av dei startar Luna, medan Okore og Tonev har fått plass på innbyttarbenken i dag.
Til trass for at Arsenal-fansen blei spådd store signeringar i løpet av sommaren har berre éin ny spelar kome inn portane på Emirates. Det var den franske spissen Yaya Sanogo, og han kom attåptil gratis. Til trass for at Arsene Wenger og co har prøvd seg på etablerte namn som Luiz Suarez og Gonzalo Higuain, har dei ikkje fått napp endå.
Hei og velkomen til livedekning av oppgjeret mellom Arsenal og Aston Villa. Endeleg er Premier League 2013-2014 i gong!



